Til nettverksamlingen møtte ca. 30 personer opp, Programmet starta med informasjon om det nordiske netverket "Aktiv Fritid for Alle" der fleire frå Danmark alt er aktiv deltakande. Det var samla enighet om behovet for å starte eit nettverk, og formålet til nettverketet vil vera å:

  • Ha mulighet til erfaringsutveksling om mulighetane for ein aktiv fritid for alle.
  • Inspirera kvarandre og sjå ulike måtar å organisera støtteordring til eit aktiv fritidsliv.
  • Vera aktiv medspelar i  det nordiske nettverket.

Det blei så presentert ulike inspirasjonsføredrag:

  • Peter Lentz fra Sammenslutningen av Unge med Handicap (SUMH) fortalte om deiras projekt Foreninger for Alle.
  • Erik Haumann fortalte om Broen Danmark - støtte til at utsatte barn kan få et aktivt fritidsliv.
  • Dorte Kappelgaard frå Frivilligcenter Hillerød fortalte om prosjektet Motionsvenner for psykisk sårbare.
  • Anne-Merete Kissow fra Handicapidrættens Videnscenter fortalte om sin doktorgradsavhandling med temaet idrett, handikap og sosial deltakelse.

Avslutningsvis blei det informert frå ein av bibliotekarene på Videnscenteret. Dei har eit godt oppbygd bibliotek rundt tema fritid, funksjonsnedsetting, psykisk sårbarhet og ulike fritidstilbud. Eit rikt utval av tidsskrifter, DVD og eit stor database med fagartiklar med ca. 4000-5000 artiklar.

Dersom ein ynskjer å låne noko frå Videnscenteret så kan ein gjere det på deira heimeside her.

Biblioteket sender ut ved utlån og ein har bøker/dvd/tidsskrifter til hjemlån i ein månad. Porto for retursending står ein for sjølv. Dersom ein låner artikler så treng ikkje den sendast tilbake. Bibliotekar Nina Holst er svært behjelpeleg til å finne informasjon rundt emnet, dersom ein ikkje finn det ein leitar etter ved første søken.

Det vart satt som mål å ha nettverksamling ein gang i året. Neste samling vil vera på vårparten 2015.