Støttetiltak for funksjonshemma i Fjell kommune

Tips en venn Skriv ut
Bedre oppfølgning av støttekontaktar og etablering av flere aktivitetsgrupper preger arbeidet med å styrke og videreutvikle støttekontakttjenesten i Fjell kommune.

Fjell kommune ligger 2 mil vest for Bergen. Kommunen har per i dag ca 23.000 innbyggarar. Vi har eit aukande næringsliv bygd på olje, teknologi og service.

Støttetiltak for funksjonshemma ligg under Sosialsjefen i Fjell kommune. Tenestene vi yter er avlasting, støttekontakt og følgjekort. Koordinering og samhandling i enkelt saker er også ein viktig del av arbeidet og vi nyttar Individuell plan som verkty.

Vi har 2 avlastingsbustader for born og unge.

Vår avdeling har per i dag 129 vedtak på støttekontakt. Dette er eit tal som stadig er i endring. Støttekontakt blir gitt til personar som treng hjelp til ein meiningsfull fritid. Det kan vera unge, gamle, utviklingshemma, funksjonshemma og andre menneske som er avhengig av hjelp for å ha ei meiningsfull fritid.

Tenesta blir gitt både individuelt og i gruppe. Vi har i dag vedtak på fritidsaktivitetar i gruppe til mange av våre brukarar, dei fleste kombinert med individuell støttekontakt. Det er aktivitetar som handball, fotball,  musikklubb, bading og barneklubb. Vi har og gutteklubb og jenteklubb, dette er grupper for ungdom innan autismespekter diagnosar.

Gruppeaktivitetane er organisert med at det er 1-3 fritidsassistentar som driv dei ulike aktivitetane. Dei har ansvaret for planlegging av aktiviteten og for at det blir gjennomført etter oppsett plan i et samarbeid med Støttetiltak tenesta.

Elles har ein eit samarbeid med dei ulike sportsklubbane i kommunen. Handballgruppa er eit lag som høyre inn under Sotra sportsklubb, og Fotballgruppa er organisert under Nest Sotra. Dei får ulik støtte frå sine klubbar. Begge desse laga har gode resultat i Landsturneringa og deltaking i Special Olympics.

Vi ønskjer eit tettare samarbeid med Kulturavdelinga og frivillige lag og organisasjonar .

Fritidsassistentane er engasjert på same måte som individuelle støttekontaktar for eit år av gongen. Det er halde planleggingsmøte med fritidsassistentane vår og haust. Det leverast inn oppdaterte listar på deltakarar til ein kvar tid. Fritidsassistentar blir lønna litt høgare enn individuell støttekontakt, og kommunen dekkjer utgifter i samband med turneringar og liknande.

Vi har god erfaring med at fleire brukarar kjem saman i ei gruppe. Desse gruppeaktivitetane utviklar samhald og venskap blir knytt, også utanom aktiviteten. Mange innan brukargruppa vår har utfordringar nettopp med at dei har eit lite sosialt liv , og opplevar det fint å kunne møte andre. Når ein organiserer på denne måten ser ein at brukar ikkje har eit så stort behov for den individuelle støttekontakta som ein elles ville ha, og ein kan redusera vedtaket til nokre av dei som deltek på mange aktivitetar. Likevel er det ein stor gruppe som treng individuell støttekontakt, gjerne også med på felles aktivitetar.Fjell Kommune 

Dei som er på bilde er Anita Birkeland, May Liss Snekkevik og Hildegunn Vengen. Anita og May Liss er sakshandsamer og Hildegunn er leiar for støttetiltak i Fjell kommune

Den individuelle støttekontakten blir gitt til dei fleste av våre brukarar, sjølv om ein har anledning til å delta på gruppeaktivitetar. Vi har vanskar med å rekruttere støttekontaktar til alle som har vedtak, og særleg kan det vere utfordrande å finne godt vaksne støttekontaktar. Når ein person melder seg som støttekontakt/ fritidsassistent vil vi ha eit første møte med vedkomande der vi forsøker å gje og få så mange opplysningar som råd er. Etter at politiattest vert levert kan ein person bli godkjend som støttekontakt. Det neste steget er å kople rett brukar til rett støttekontakt, dette er ein viktig prosess. Når begge partar gjev klarsignal for oppstart, vert det skreve avtale med støttekontakten. I avtala vert det presisert kor stort vedtaket er, og kor mykje pengar ein har til disposisjon for å dekke utgiftar. Støttekontaktane våre blir lønna etter satsar fastsett av kommunestyret , det vert også betalt ut køyregodtgjersle og utgiftsdekning ifølge avtalen.

To gonger årleg blir det kalla inn til ein samling for alle støttekontaktane i kommunen kor ein har eit tema for kvelden og litt sosialt med kaffi og kake. Støttekontakten skal og levere inn ein halvårsrapport kor han/ho skriv litt om korleis arbeidet går og om det er noko ein treng rettleiing på. Rettleiing vert avtalt etter som ein ser behovet for det. Rettleiing vert gjeve av personar som kjenner brukaren best.

I tida framover ynskje Fjell kommune å få i gang fleire fritidstilbod som kan gje eit bredt tilbod til våre brukarar. Mange av brukarane som har utfordringar med å tilpasse seg i eit ordinært fritidstilbod og har vanskar med å få venar på eigehand, kan gjennom desse tenestene få ei aktiv og meiningsfull fritid.

I skrivande stund vert det arbeidd med å få i gang ein turgruppe i samarbeid med turlaget i Fjell. Vi ønskjer å få til fleire grupper som kan gje den enkelte gode opplevingar i fritida. Samstundes er det viktig at dei som treng det får individuell støttekontakt. Vi ønskjer å gje ei så god skreddarsydd teneste så råd er, med mange ulike tiltak å velje mellom.

Ønskjer du meir informasjon om hvordan vi arbeider med å tilrettelegge fritidstilbud kan eg kontaktes på e-post Anita.Birkeland@fjell.kommune.no eller telefon 55097158

Av Anita Birkeland