Bilde av Kristin RognværDet som starta som ei oppgåve som student ved studiet ”Organisering og veiledning av støttekontakter, avlastere og frivillige” fekk merksemd både i lokalaviser og i NRK.

I Lindås kommune var det for ei tid tilbake eit stort behov for individuelle støttekontaktar og treningskontaktar. Etter å ha annonsert på kommunen sine sider i lokalavisene utan å få nokon respons, ville ho prøve noko anna. I tillegg fekk ho ei oppgåve ved studiet ”Organisering og veiledning av støttekontakter, avlastere og frivillige” som gjekk ut på å planlegge rekruttering av støttekontaktar. Kristin Rongevær tok utfordringa, forfatta ein ny tekst til annonsa og gjekk personleg til lokalavisene ”Strilen” og ”Nordhordland” for å be dei skrive litt om dette. Slik vinkla ho saka: 

Har du litt tid til overs nokre timar for veka? Jobbar du deltid og kunne tenkje deg litt meir? Då kan jobb som støttekontakt vera eit godt og meiningsfullt alternativ! I Lindås kommune er det no ca 25 personar som treng ny støttekontakt. Det er menneske i alle aldrar, med kanskje ei lita overvekt på unge gutar. Som støttekontakt kan du bidra til at desse får ei meiningsfull fritid gjennom diverse aktivitetar og trening. Mange treng hjelp til å komma seg ut og å oppsøka sosiale situasjonar, andre treng nokon å gå tur saman med eller følgje til fritidsaktivitetar. Det er ei føremon at du disponerar bil. 

Om du er interessert kan me tilby godtgjerdsle, rettleiing, kurs og ein kjekk jobb! 

For meir informasjon; kontakt koordinator Kristin Rongevær på eining for funksjonshemma, telefon 56 37 54 85. 

På sitt besøk i lokalavisene fortalde Kristin at ho gjerne kunne intervjuast. Det vart napp i begge avisene som skreiv reportasjar og intervjua både Kristin og to flotte støttekontaktar med fleire års fartstid. Dei tok bilete og laga ganske store reportasjar. Dette har ført til ei merkbar auke i rekrutteringa av både støttekontaktar og treningskontaktar. Det at to erfarne støttekontaktar kunne fortelje om innhaldet i det å vera støttekontakt og kva det har betydd for dei, har vore med på å setje støttekontakten i eit nytt ljos. Mange har hatt ei oppfatting av at støttekontaktar tek med seg menneske med utviklingshemming på kafè og at det er det oppdraga går ut på. No kom det fram at ein kan bruka støttekontakt til så mykje meir og at det er mange forskjellige menneske som treng litt hjelp for å få ei meiningsfull fritid.
At støttekontaktane òg kan få ei meiningsfull fritid gjennom oppdraget er rein bonus! Fleire av dei som har meld si interesse er uføretrygda som ikkje trudde dei kunne bidra med noko lengre, men som skjøna at det er feil etter at Mons stod fram som aktiv støttekontakt!
Den dagen avisa ”Strilen” sitt intervju stod på trykk tok NRK Hordaland kontakt med Kristin for å høyre om dette var noko som ein kunne lage sak av. Dei ville òg vite om dette er noko som gjeld i andre kommunar i fylket, noko ho kunne svara stadfestande på! Ho hoppa i bilen og køyrde til Bergen for å verte intervjua i studio. I tillegg stilte Mons sporty opp og vart intervjua på telefon frå hytta si i Gulen.
Etter dette ”stuntet” har Kristin Rongevær fått mange positive tilbakemeldingar frå både kjende og ukjende som synest det er bra å setje fokus på dette som er så viktig for mange menneske! Og det er ei relativt billeg teneste for kommunen! 

Her kan du lese reportasjen i lokalavisene
”Strilen” og ”Nordhordland” og høyre reportasjen som vart send på radio.

Ynskjer du å snakke nærare med Kristin Rongevær om hennar erfaringar kan ho kontaktast på telefon 56 37 54 85 eller e-post: kristin.rongevaer@lindas.kommune.no