Bildet viser overlevering av en stafettpinne

6. etappe

Samarbeid rundt dansegruppe

Tips en venn Skriv ut

Førde kommune vil trekke fram dansegruppa, fordi den er eit godt døme på korleis ein kan organisere ei aktivitetsgruppe, samt eit godt døme på eit tiltak som er populært og fungerer godt for brukarane av tenesta.

Dansegruppa har eksistert i 2 år. Den er eit samarbeid mellom Solvang folkehøgskule og støttekontakttenesta i Førde kommune. Elevar ved danselinja på folkehøgskulen har ansvar for regi av dansetimane. Dei får hjelp frå ca tre aktivitetsleiarar. Gruppa har sju deltakarar. Deltakarane har lettare grad av utviklingshemming og er i alder frå 15-50. Det som vi synast gjer at gruppa fungerer så godt er felles interesse for dans, samarbeidet med folkehøgskulen samt stabile aktivitetsleiarar. Det er ei gruppe, med fokus på dans, moro og godt humør. Dansetimane innheld mykje leik, og øving på dans som skal framførast på sommaravslutning. Dansegruppa følgjer skuleåret, og avsluttar med ei framsyning på sommaravslutning for alle aktivitetsgruppene i Førde kommune.

Lena Sørensen fra Førde kommune utfordrer med dette Kvam herad.