johnsen.jpgFør 2004 jobba kvar bydel veldig sjølvstendig, og det var stor ulikskap i tenestetilboda mellom bydelane, fortel Terje Johnsen, fagansvarleg for Tilrettelagt fritid (TF), som er organisert under kultureininga i kommunen. I 2004 blei dei tenestetilboda innafor dei fem fagområda ung kultur, kultur og innovasjon, barnekultur, kultur og helse, og tilrettelagd fritid (TF) samla i kultureininga, som no har 120 tilsette og eit brutto årsbudsjett på 60 millionar kroner.

Men dei 12,4 millionane som TF bruker, kjem frå budsjetta til helse- og velferdskontoret og barne- og familietenesta.  I ein prosjektperiode frå 2006 – 2009 blei det bestemt at søknader om støttekontakt og tilrettelagde aktivitetar for vaksne funksjonshemma skulle gå direkte til kultureininga. Der kartlegger TF søkjarane sine ønske og behov for aktivitet og bistand. Søknad om berre støttekontakt er det framleis helse og velferdskontoret som avgjer, og barne - og familietenesta avgjer alt som har med barn og unge å gjere. Når dei har fatta vedtak tingar dei så  tiltak hos kultureininga. Ordninga held fram etter prosjektperioden.

Spør brukarane

Før 1990 var dei funksjonshemma segregert. Men med HVPU- reforma blei det ikkje berre bra, påpeikar Johnsen: – Kommunane skulle jobbe med integrering. Det blei veldig sterkt fokus på integrering og ikkje på den einskilde sine ønske og behov. Funksjonshemmede som ville å vere saman i fritida fekk ikkje støtte og bistand frå kommunen. No er det meir snakk om inkludering, som i større grad opnar for einskildmenneske. Som byråkrat er det lett å sitte og seie kva som er best for folk. Vi brukar LØFT (Løysingsfokusert tilnærming) som metode og spør dei kva dei sjølv helst vil gjere på fritida. Det er det som ligg i omgrepet ”empowerment”!  Vi går frå brukarmedvirkning (”Vi tar deg med på råd men det er vi som avgjer!”), til brukarstyring. I starten var vi bekymra for om vi kunne tilby dei alt det dei ønska. Men enno har vi ikkje fått spørsmål om noko vi ikkje kan tilby, seier Johnsen.

Kultureininga åleine hadde ikkje klart å få til det dei har klart i Trondheim, fastslår Johnsen. Dei har samarbeidd godt med forvaltninga, det vil seie med barne- og familietenesta og helse- og velferdskontoret, som i alt har åtte einingane i fire bydeler. Kvar av dei åtte forvaltningseiningane tingar, og  kultureininga ved TF utfører oppdraget.

Opp frå bunken

– I 2005 såg vi at søknadene om TF og støttekontakt hamna nedst i bunken. Det var stort  arbeidspress på helse- og velferdskontora, og då det så blei gjort vedtak, fekk alle saman innvilga støttekontakt. Sidan 2007 er det TF som vurderer, saman med den vaksne brukaren, kva dei  har av ønskjer og draumar for fritida, og kva som trengst av bistand for at det kan oppfyllast.

Nokre sa: ”Men eg vil jo ha støttekontakt!” .”Det tar vi etter at vi har laga ein fritidsplan for deg”, svara vi. For kanskje dei berre trengde transport? Mange klarer seg med ein annan type bistand enn støttekontakt. Dersom dei vil delta utan støttekontakt, avgjer TF utan vedtak.  Resultatet var at bruken av støttekontaktar for vaksne funksjonshemma gjekk jamt nedover i prosjektperioden: Frå 755 vedtak om støttekontakt i 2006, til 452 i 2009. I tillegg kjem dei støttekontaktane for barn og unge, som heile tida har vore rundt 250. Dei frigjorde ressursane gir TF større fridom . Budsjettrammene er de same som før. Vi har like mange brukere totalt i dag som i 2006, men fleire deltar i sosiale aktivitetar.

 Det er TF som tilset, lønar, rettleiar og gir opplæring til støttekontaktar, fritidsassistentar og treningskompisar. I  Trondheim må det gjerast eit avslutningsvedtak for å oppheve eit vedtak. Det inneber at Trondheim no sjekkar om det er juridisk haldbart å ha  støttekontakter som mellombels når vedtaka  ikkje er tidsavgrensa , fortel Johnsen.

Fått nye vener

I Trondheim har opplegget gitt suksess på eit svært viktig område, fortel Johnsen: Tal frå  ei brukarundersøking frå 2009: 50 prosent av dei spurde har fått nye venar på aktiviteten, og 76 prosent av desse  treffer nye venar utanom aktiviteten.

TF har sett av  fire årsverk til arbeid med barn, 6,7 til vaksne. Eitt årsverk er øyremerka  aktivitetsutvikling, og alle delar på tre sekretærar. 700 støttekontaktar og  80 fritidsassistantar tar seg av 1200 funksjonhemma. Dei har 50 faste tilrettelagde aktivitetar, 15 støttekontaktgrupper  og ti lag og organisasjonar tilbyr fritidsassistent. I tillegg kjem ei rekke sommartiltak og einskildarrangement.

TF tilbyr sjølv ulike aktivitetar, der faste eller mellombels tilsette fritidsassistentar har ansvar for til dømes i smågrupper med barn med og uten funksjonsvanskar, eller større grupper med bestemte formål. Fritidsassistentane  jobbar gjennomsnittleg 3-15 timar i veka, er løna som assistent, men kan òg ha løn etter utdanning. Dei har gjerne kunnskap eller utdanning innafor det gruppa har som aktivitet:

– Det nyttar til dømes ikkje å starte band utan musikarar, seier Johnsen, som kan skryte av ei lang liste med aktivitetar: Ikkje minst er han stolt av Trondheim Mental Band , som til og med har spela inn eigen CD. Elles kan dei by  alt frå sportsfisking til symjing og kafé, fugletitting og porselensmaling, hestekurs og dans, diskotek og bowling, fortel Johnsen, og viser til nettsida  www.trondheim.kommune.no/tilrettelagtfritid

Pleie samarbeidet

I tillegg har TF brukarane sine innafor det allmenne kultur- og fritidslivet. Men for å gi støtte, krev dei at organisasjonane gjer lokala sine tilgjengelege for funksjonshemma og sørgjer for at brukarane får den oppfølginga dei treng for å delta. I 2009 blei ein pott på 250.000 kroner delt på rundt 20 friviljuge organisasjonar.

Saman med Frivilligsentralen har TF friviljug ledsagerteneste, mellom 25-30 friviljuge. Slik kan også brukarane gjere noko på sparket. Brukarane må sjølv betale utgifter til transport og inngangsbillettar. Har brukaren høg terskel for å ringe, gjer TF det for dei. I Trondheim hadde mellom 2000 og ledsagerbevis i 2009.

Ikkje alle problem er løyst for å nå målet om at alle skal få oppfylt fritidsønska sine, seier Johnsen:

– Særleg strevar vi med transport: Trondheim er stor, og ikkje alltid godt dekka med buss. Det er nok eit stykke fram før vi får ordninga med taxi til busspris. Få bussar tar rullestol, og brukarane får ikkje nok drosjelappar til å delta på det dei vil. Tre-års-studentar ved Høgskolen i Sør-Trøndelag har arbeidd med et forprosjekt for å kartleggje  transportproblema spesielt. Vi har også problem med å få informasjonen ut til alle. Og så må vi pleie samarbeidet mellom kultureininga og forvaltninga betre, det same gjeld tilhøve til organisasjonar og lag, avsluttar Johnsen.

Av Ingebjørg Jensen, frilansjournalist

Sist endret: 02.07.2010