Guri Ljones, Os kommune i Hordaland (18500 innbyggarar), jobbar som sakshandsamar på bestillar/forvaltar - kontoret, under eininga for helse- og sosiale tenester. Rundt 50 prosent av arbeidstida går med til å handsame søknadar om støttekontakt. Os Guri Ljones, Os kommunekommune  omorganiserte i 2013  støttekontakttenesta si. No er det bestillar- og forvaltarkontoret som handsamar søknadane, medan det er kulturkontoret som tar seg av iverksettinga. Med ei ny full stilling på utførarsida, har dei på få månader klart å  halvvere ventelista.

Når Guri har motteke ein søknad, snakkar ho med søkjaren, på kontoret eller heime hjå søkjaren. Så blir den skriftleg og munnleg informasjonen samanfatta. Sakshandsamaren legg saka fram for ei vedtaksgruppe på fem fagpersonar. Dei tek den endelege avgjera i saka.

I samtalane med brukarar og pårørande hender det nok at dei pårørande må snakke for brukaren, men ho har også opplevd at dei pårørande "overkøyrer" brukarar som kan snakke for seg sjølv:" Det er berre dottera mi som ønskjer dette. Eg klarer meg sjølv", sa ein brukar.

I Os må dei ikkje søkje på nytt for kvart år eller halvår, bortsett i frå når vedtaket er fatta for ein tidsavgrensa periode. Tingarkontoret og utførarleddet jobbar tett. Dei møtast jamleg og samarbeidar tett om evalueringa av tiltaka.

- Kva er det som tar mest av tida di?

- Det er nok handsaming av søknadane, og evaluering av korleis det går. Vårt hovudfokus no er å få til fleire gruppetilbod, og setje saman fleire brukarar slik at dei kan danne nettverk seg imellom. Då må vi sette saman gruppene slik at dei passar saman. Det er også tidkrevjande - det er ikkje så enkelt som at ein kan setje saman alle som har Aspergers, og tru at det skal fungere. Dei må også trivast i lag!

Saksbunken til værs

Jorunn Nordholm i Alta ( 20.000 innbyggjarar) bruker halve arbeidstida til tilrettelegging av fritida for vaksne mellom 18 og 67 år. Dei fleste av brukarane har psykiatriske diagnosar eller er psykisk utviklingshemma. Ei lita gruppe har ulike funksjonshemmingar. Saksmengda har vakse i rasande tempo: Medan ho i 2007 hadde 100 vedtak å følgje opp, har ho no 170. Ho har ansvar for heile kjeda frå handsaming av søknadar, til igangsetting og oppfølgingJorunn Nordholm, Alta kommune av støttekontaktar og brukarar.

- Eg synest det er veldig ok å følgje opp dei som har søkt, for eg har jo mykje nyttig kunnskap i hovudet som ikkje kjem i papira. Vi har alltid gjort det på denne måten i Alta. Det har ikkje vore snakk om å dele opp i ein bestillar-utførar- modell hos oss.

Jorunn trur  den delte modellen også kan fungere i større kommunar, men då med fleire tilsette å fordele vedtaka på:

- Vi kunne nok trengt ei stilling til, for det eg ser, er at det stadig kjem nye saker, fleir enn dei som blir avslutta. Det seier seg sjølv at eg ikkje greier å følgje opp 170 vedtak, så nokre vedtak blir ståande tomme, fordi eg ikkje har kapasitet til å finne støttekontaktar.

- Dersom eg budde i Alta, og søkte om støttekontakt  i oktober. Kor lenge måtte eg vente?

- Først ville du fått eit brev innan tre veker om at søknaden din vil bli behandla innan utgangen av februar. Frå då av, til du faktisk har ein støttekontakt, vil det gå frå to veker til seks månader, alt etter kva du vil, og kva eventuelle tilleggsproblem du har. Dersom du vil trene, er det enkelt, for vi har nettopp hatt eit treningskontaktkurs. Men dersom du har store psykiske problem som krev folk med ekstra kompetanse, vil det ta lengre tid å finne dei.

Heldigvis får ho inn ekstrahjelp i november og desember, og dermed kan søkjarar frå oktober få svar før jul, fortel Jorunn, som veit at mange kollegaer i andre kommunar også lir under veksande sakhaugar når politikarane har svinga sparekniven. Ho har inntrykk av at det ofte nettopp er støttekontaktkronene som blir snaua.

Open dør

Jorunn held alltid døra open for støttekontaktar, brukarar og pårørande, anten dei ringer, avtalar å møtest, eller berre kjem innom kontoret. Heimebesøk brukar ho gjere i samband med kartlegging.

- Kva slags spørsmål får du?

- Til dømes "kan eg spare nokre timar denne veka og samle opp, slik at vi kan gå på konsert i neste veke"? Eller så er det støttekontaktar som lurer på korleis dei skal gjere jobben midt oppi travel eksamenslesing. Det kan også vere vanskelegare problemstillingar, som "når vi drar til sentrum, går brukaren rett på polet. Eg føler meg berre som sjåfør". Eller kva skal eg gjere? Eg trur brukaren har dårlege vener, som steler frå han".

Noko av det vanskelegaste er å vere den som på førehand avgjer om to menneske, støttekontakten og brukaren, passar saman, synest Jorunn:

- Eg gjer det klart at dei får prøve ut nokre månader og sjå korleis det går, og at dei kan avslutte kontakten utan å grunngi det. Som regel går det bra.

Hamar - gruppeleiarar er fast tilsette

Wenche Haslie leiar tilrettelagde tenester ved kulturavdelinga i Hamar kommune (30.000 innbyggjarar). Av dei åtte som jobbar på avdelinga, har fire ansvar for å leie grupper innafor psykisk helse, to er knytte til aktivitetar for utviklingshemma,  medan toWenche Haslie, Hamar kommune av dei tilsette har kvar sin 50 prosents stilling der dei jobbar med tilrettelegging av fritid for søkjarar over 18 år. I Hamar er det  barne- og familieavdelinga som tar seg av fritida for dei under 18 år.

- Saman intervjuar dei to  både dei som søkjer om å få  støttekontakt, og dei som vil bli det. Vi møtest alle tre kvar måndag og går  gjennom nye saker. For tida har dei 150 vedtak å jobbe med. Men det ligg ikkje vedtak bak all aktivitet. Eg er på ein del møter der dei spør om aktivitetar, og då kan det vere brukarane blir med på aktivitetar utan at det ligg vedtak bak. Pleie- og omsorgsavdelinga vil gjerne at dette blir synleggjort i rapporten over kommunen sine aktivitetar. Men innafor kultur har vi ikkje tradisjon på å dokumentere dette, sjølv om vi er inne og til dømes betalar med trenar. Fylkesmannen seier at det som er friviljug aktivitet, ikkje treng rapporterast.

Samarbeid over kommunegrensene

Heilt sidan 1991 har Hamar samarbeidd med andre kommunar. No er dei fem Hedmarkskommunar som utvekslar erfaringar og praktiske tenester: Hamar, Stange, Løten , Elverum og Ringsaker, som er den einaste som ikkje har tilrettelagd fritid under kulturavdelinga.

-  Vi kjem saman og diskuterer rutinar, til dømes har alle fleire vedtak bak aktivitetane no enn for berre nokre år sidan.  Vi har så mange gruppeaktivitetar fordi vi er fem kommunar som samarbeidar. Vi har samkjørt løn og  ledsagerbevis, og deler på sakshandsaminga: "No kan du kjøre den saka, så tar eg denne". Har ein kommune ein aktivitetsgruppe, kan brukarar frå andre kommunar vere med. Til dømes har Elverum ein treningsgruppe i "goalball", ballspel for blinde. Brukarar frå Hamar blir køyrd dit, medan Elverum betalar trenaren. Nokre gongar spleisar vi, andre gongar seier vi "vi betalar denne gongen, så kan de betale neste gong!"

Hamar og dei andre fire kommunane samarbeidar også med psykiatrien ved Sykehuset Innlandet avd. Sanderud, der dei har tilsett eigne kulturkontaktar. Saman skipar dei til dømes til overnattingsturar for brukarar og pasientar i Trysilfjella, eller dei leigar skianlegg saman.

Tekst og bilder av frilansjournalist Ingebjørg Jensen