Dei første fritidskontaktane blei tilsett alt i januar 2013, og i mars fekk Sola stadfesta at dei hadde vald rett, då Høgsterett i mars dømde i ei sak som handla om grensa mellom arbeidstakar- og oppdragstakaromgrepa, meiner Katrine Myklebust som jobbar som fagleiar for tilrettelagd fritid i Sola kommune. Frå august 2011 har dei delt oppgåvene med støttekontakt i ein bestillar- og ein utføraravdeling.

Høgsterettsdommen galdt ein avlastar for en familie i Oslo. Høgsterett avgjorde at avlastaren skal vurderast som arbeidstakar i Katrine Myklebust - Sola Kommune Juni 2013høve til ferieloven. Men sjølv om saka konkret handla om ein avlastar, kan dommen også få innverknad på kommunal sektors bruk av oppdragskontraktar for støttekontaktar. 

- Sola har vald å tolke at dei som jobbar i  aktivitetsgrupper skal reknast som arbeidstakarar, sidan dei er bundne opp til faste møtetider, og er forplikta til å møte til rettleiing. Om dei ikkje sjølv insisterer på å vere oppdragstakarar, vel og merke. Men alle av dei fire som har aktivitetsgrupper no, vil vere arbeidstakarar.  Vi treng ei opning for dei som vil vere fritidskontakt, men som jobbar 100 prosent stilling i kommunen frå før. Dei må kunne ta jobben som eit oppdrag, elles kan dei ikkje vere fritidskontakt, seier Myklebust.

Bunden av brukarens ønske

- Etter dommen i Oslo, sette vi i gang ein prosess med å gå gjennom tilsetjingsformene. Då var det fint at temaet blei tatt opp på nettverssamlinga i Bergen i juni, fortel Myklebust, som meiner det kan vere aktuelt å plassere ei anna gruppe fritidskontaktar som arbeidstakarar, nemleg dei som har fleire brukarar, eller som jobbar ni timer i veka eller meir. 

- Dei er ofte bundne til ei fast tid, sidan dei har fleire brukarar, eller dei er bundne til brukaren eller dei pårørande sitt ønske om tidspunkt. Men vi vente med å gjere noko til vi får klarare retningsliner frå Kommunenes Sentralforbund. 

På nettverksseminaret i Bergen i juni sa KS-jurist Hege Torvbråthen at KS vil samle meir kunnskap om kommunane sin bruk av støttekontaktar og avlastarar, og kome med nye tilrådingar til kommunane. Ho meinte at det er grunn til å sjå nærare på støttekontaktane, særlig som følgje av den tredelte modellen.

Myklebust meiner at dei som berre har ein brukar, ofte har høve til større fleksibilitet:

-Dei kan sjonglere meir med tidspunkt, eller variere med korleis dei fordeler timebruken frå veke til veke. Vi ser at dei i større grad avtalar med brukaren. Dermed er dei meir i ein oppdragstakarsituasjon.

Sju moment til hjelp i vurderinga

Då Høgstesterett handsama søksmålet mot Oslo kommune, gjekk dei gjennom sju moment som bør oppfyllast for å definere ein person som arbeidstakar. Men kor vidt momenta passar, må vurderast skjønnsmessig, meiner Høgsterett:

  • Har plikt til å stille sin arbeidskraft til rådvelde
  • Har plikt til å underordne seg arbeidsgjevar sin leiing og kontroll
  • Arbeidsgjevar stiller med lokale, utstyr mv.
  • Arbeidsgjevar har risikoen for arbeidsresultatet
  • Vederlag i ein eller annan form for lønn
  • Stabilt tilknyting, og oppseiingsfrist
  • Jobbar hovudsakleg for ein oppdragsgjevar  

Av frilansjournalist Ingebjørg Jensen