Kristine og Tor.JPG
– Dei rusavhengige må sjølv ta kontakt, seier prosjektleiar Tor Blaha ved Trappen Motiveringssenter i Bergen. Her er han innom treningssenteret Elixia saman med dagleg leiar Kristine Hole Hanstvedt. (Foto:Ingebjørg Jensen)

Tim fekk dommen torsdag morgon. 120 dagars fengsel. Då gjekk han rett til Trappen motiveringssenter for å få hjelp. Fredag møtte vi han på treningssenteret, med nytt håp om ei framtid med kontakt med dottera, og utan rus.

Slik startar ofte samspelet mellom rusavhengige og Trappen Motiveringssenter i Bergen. Det går fort frå den første kontakten til dei blir elevar ved senteret. Gjennom motiveringssamtalar får dei meisla ut individuelt tilpassa tiltak og aktivitetar, og hjelp til skole, arbeidstrening og fritid. Det blir også starten på eit nytt sosialt nettverk.

Det er rusmisbrukarane sjølv som tar kontakt. Det hjelper ikkje om foreldre, lærarar eller sosialarbeidarar vil ha dei inn, om ikkje den rusavhengige sjølv vil. Men før dei får bli elevar ved Trappen motiveringssenter i Bergen, må dei vere rusfrie, seier Tor Blaha , prosjektleiar og initiativtakar til Trappen Motiveringssenter, ei uavhengig, frivillig organisasjon i 2004 .

Blaha er sjølv uføretrygda og dermed også ein av dei frivillige medarbeidarane som hjelper rusavhengige i medikamentfri behandling på vegen mot meistring av rusproblem og dagleglivets utfordringar, til å skape seg eit rusfritt nettverk, og kome i gang med fritids - og yrkesretta aktivitetar. I tillegg har dei utvikla eit tilbod til LAR –pasientar som ønskjer ein aktiv kvardag.

Trappen har overlevd på tilskot. I fjor stod Ruspolitisk Råd, Bergen kommune og Sosial- og helsedepartementet for dei største summane, i tillegg bidrog ei rekke sponsorar. Men det er for lite for å få til alt dei vil, seier Blaha. Dagleg leiar Kristine Hole Hanstvedt er den einaste som er heiltidstilsett. Lena Sælen er treningskontakt i 20 prosent stilling med 50 prosents tilskot frå Nav. I tillegg kjem fem frivillige. Til dømes vil han gjerne at Sælen får full stilling.

Trim og arbeidstrening

Tim.JPG
Tim (32) har tru på at trening og sosialt samkvem skal hjelpe han ut av rusen. Draumen er å få ei framtid der han kan treffe dottera si. (Foto:Ingebjørg Jensen)

Tre gongar i veka er det arbeidstrening, og elevane får også tilbod om trening, anten åleine eller i små grupper. På Elixia treningsenter møter vi ein handfull elevar som trenar så sveitten renn. Dei kan også velje turgåing og sykling. Har dei ikkje blitt kjende med kvarandre under treninga, blir det lettare når dei går ut for å ete saman, på kino eller andre kulturaktivitetar i byen.I 2010 hadde Trappen 499 personar innom til oppfølging, samtaler, motivasjon og gruppemøter og 240 støttesamtalar på telefon. 35 var elevar i løpet av året, nokre av dei gjennomførde samfunnsstraff der. Alle dei ti elevane som gjorde samfunnsstraffa si hos Trappen i fjor, gjennomførde utan brot på Trappen sine reglar for å meistre rusen. Fire elevar gjekk over i fast jobb etter opphaldet.

- Vi prøvar å få dei ut herifrå etter tre månader, ut i arbeid gjennom ein praksisplass med Nav- oppfølging i tre + tre månader og opp til eitt år. Dei startar gjerne med 50 prosent jobb og trenar hos oss dei andre dagane. Det er fleire her som også jobbar. Nokre går her mellom 0900 og 17.00, når dei har frigang frå fengselet, seier Blaha.

Verk i heile kroppen!

- Om eg var rusavhengig, ville ut av rusen, men klarte ikkje å bli rusfri før eg tok kontakt. Kva ville du seie til meg då?

- Du kan ikkje kome til oss rusa og fæl rett frå Nygårdsparken! Går du på heroin, må du ha behandling først. Men dersom du går på piller, amfetamin eller alkohol, kan du kome til oss. Men du får ikkje starte på treningssenteret med ein gong. Først tar idrettskontakten deg med på tur. Men de må vere forsiktige – du kan oppleve overoppheita og hjartebank, og du må ete og drikke undervegs. Idrettskontakten er flink til å prate, og tar deg gjerne med på lunsj etterpå. Så kjem du på kontoret og snakkar med oss om opplegget vidare, og du må vere rusfri når du er på Trappen.

Mange elevar ber oss om å ta urinprøver, og det kan vi sjølvsagd, då kjenner dei seg meir trygg på seg sjølv, og får ein attest når dei er ferdige, der det står at dei har hatt berre negative prøver. I ein konflikt kan vi spørje om dei er villege til å avlegge ei prøve, men det har enno ikkje skjedd.

Trening er alfa og omega, meiner Blaha:

- Mange blir betre psykisk av fysisk trening! Vi køyrer dei rusavhengige ut av rusen gjennom hard trening! Her er det hardtrening i tre dagar så dei får vondt i heile kroppen den første veka. Men det er berre positivt! Vi køyrer trening to- tre dagar i veka, to- tre timar kvar gong, med litt pause innimellom. Dei må ha så høgt nivå for å kome ut av rusen og få ein kvardag. Så gir vi dei råd om kosthald – vitaminar, fisk, kjøtt, mykje grønsaker og kornprodukt. Vi brukar OL- troppen sin diettliste. Alle som har vore rusavhengige i to- tre år har berre ete elendig mat.

Følgjer opp etter tilbakefall

Tom og Lena.JPG
- Lena får meg til å stå på: Når ho seier ”fem minutt til, så blir det ein time!, seier Tom (52) om idrettskontakt Lena Sælen. Frå han var 12 til han var 40 år var han sprøytenarkoman. No brukar han fritida si på trening og gratisarbeid for LAR- nett Norge. (Foto: Ingebjørg Jensen)

Både Blaha og dagleg leiar Kristine Hole Hanstvedt drar ofte i fengselet til møte med innsette og sosialkurator, eller reiser rundt og informerer om verksemda på behandlingsinstitusjonar for rusavhengige eller psykiatriske institusjonar. Med seg har dei høgskuleelevar i praksis, som Hanstvedt er rettleiar for. Elevar får følgje til ansvarsgruppemøter med Nav og legen, eller til barnevernet, og dei hjelper til med alt frå å bestille legetime til å finne husvære. Dei har også fungert som tilsynsførar for elevar som har samvær med barna sine. Blaha har inntrykk av at innsette får meir hjelp når Trappen er med. Dessutan er det ofte sosialkontoret som tar kontakt og kjem til Trappen saman med klienten.

Det er ikkje berre Tim som har kome rett frå fengselet til Trappen, eller rett frå behandlingsinstitusjon:

- Medan fire av seks innsette vanlegvis er tilbake i fengselet etter ei veke, skjer sjeldan det med våre folk, seier Blaha, som likevel ikkje gir slepp på dei om dei får tilbakefall. - Vi følgjer dei opp. Til dømes får dei som har fått behandlingsplass, trene hos oss medan dei ventar. Vår filosofi er at får dei ein sprekk, så er det best å ta dei i sprekken om vi skal kunne hjelpe dei, før sprekken blir større!

Blaha held kontakt med tidlegare elevar, uansett. Anten dei har fått eit vanleg liv som rusfri med fast jobb, eller dei ringer frå fengselet, der dei har hamna for n-te gong.

- Nokre av dei fell tilbake på grunn av kriminalitet, ikkje av rus. Det er ikkje nok å bli rusfri, dei kan likevel halde fram med å stele. Psykologen må lære dei kva som er mitt og ditt, og dei må lære seg å akseptere andre menneske! Det kan vere som kleptomani, til dømes opplever vi nokre gongar at dei har stole ting med seg på vegen gjennom byen når dei kjem til oss. Men dei stel ikkje frå oss, seier Blaha, som meiner at rusmisbrukarane også lyg mykje, men ikkje når dei blir spurde om kva slags rusmiddel dei brukar. Dei veit at dei kan få best hjelp dersom dei er ærlege, meiner han.

- Her blir eg glad

Maria.JPG
- Eg har aldri trent så hardt før, seier sosialfagsstudent Maria Kopperud (20) kjem frå Høgskolen i Bergen for på ha praksisen sin saman med Trappen – elevane. (Foto:Ingebjørg Jensen)

Tim har brukt mykje tid heime med grubling og triste tankar. Verst av alt er at han ikkje har klart å følgje opp dottera, som snart er eitt år. Han klarte ikkje å stille i dåpen, og har vald å halde seg borte. Ny og stabil kontakt med dottera, det er hovudmålet i livet hans framover. For henne har han kutta ut alkohol og piller for ein månad sidan, for henne pressar han magemusklar og sveittar pepar på treningssenteret, medan han ventar på behandlingsplass, eller fengsel.

- Eg høyrde om Trappen i fengselet. No vil eg gjerne noko for å kome ut av det. Eg har ikkje sett dottera mi sidan november. Mitt langsiktige mål er å bli slik at eg kan ha eit A4- liv, det vil seie ha kontakt med henne!

Tim jobba i butikk i ti år. I juli 2010 slutta han – då hadde han vore misbrukar like lenge, men skjøna ikkje at det var eit problem før han fekk dottera.

- Då klarte eg ikkje å stille opp. Eg prøvde fleire gongar å slutte på eigen hand, og kunne klare det i to- tre månader, så tenkte eg at eg hadde vore så flink at eg kunne ta med ”berre ein pils” som premie. Så var det utafor igjen. Eg får hjelp av terapi på Bergensklinikkene, og no når eg vil begynne igjen, må eg skrive ned ei liste med konsekvensar.

I domssluttinga etter den siste rettssaka står det at han er i behandling. Han voner det vil hjelpe slik at han kan få sone på ein behandlingsinstitusjon.

- Rusmisbruket har gjort at eg har mista venner, og det har gått ut over familieforholdet og det sosiale i det heile. Men då eg kom hit i dag, blei eg glad – her er det sosialt, og det er veldig viktig for meg.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@c2i.net]