waagbo.jpg
Konsulent Kristin Waagbø i Kristiansund kommune har fått til eit gruppetilbod for vaksne med psykiske lidingar i samarbeid med Røde Kors. (Foto: Ingebjørg Jensen)

Det som starta som eit prosjekt i mai 2008, har no blitt eit permanent tilbod. Slik starta det: Kristiansund kommune hadde nokre brukarar som det var vanskeleg å skaffe støttekontaktar til. Særleg for dei på 50 pluss floka det seg. Og blant støttekontaktane var det frisk gjennomtrekk i rekkene.

- For nokre av dei blei rett og slett for krevjande å handtere brukarane, og for brukarane blei det til tider for tett å skulle forhalde seg ein til ein, fortel konsulent Kristin Waagbø.

Ville ha nye utfordringar

Kommunen innsåg at dei måtte lage nokre alternativ. Samstundes blei dei kontakta av Røde Kors sin besøksteneste:

- Dei hadde frivillige som gjerne ville aktiviserast på ein annan måte enn før , då dei besøkte folk i sjukeheimar og bufellesskap. Vi la fram våre problem med individuelle støttekontakttenester. Røde Kors sin ideologi er ikkje ulik det vi ville oppnå: Bidra til å gi menneske eit betre tilvere, slik det også står i sosialtenestelova, fortel Waagbø. Saman sette kommunen og Røde Kors opp kriteria for gruppa, til dømes at dei ikkje skulle ha med dei med svært utagerande åtferd. Dei ville bli for vanskeleg å handtere for dei ufaglærde, meinte dei.

Kommunen tok kontakt med psykiatritenesta, for å motivere og prate med brukarane, medan Røde Kors plukka ut ei lita gruppe hjelparar. No møtest dei ein gong i veka: Annakvar veke på Røde Kors sitt lokale, annakvar veka utafor huset.

Hjelp over dørstokkmila

Røde Kors-folka står for henting og bringing til aktivitetar. Men her er det ikkje snakk om ”å sy puter under armane” på folk, forsikrar Waagbø:

- Nei ! Dørstokkmila kan vere enormt lang for mange av brukarane! Nokre av dei kjem seg ikkje til dagsenteret ein gong. Dei fleste har ikkje særleg med nettverk. Det er ikkje dei du finn på kafé og kino. Hjelparane frå Røde Kors ringer dei kvar gong og høyrer om dei blir med. Det er kjempeviktig for brukarane å kjenne at dei ikkje blir overlatne til seg sjølv. Mange seier at dei treng det ekstra puffet. Det hender at dei først ikkje vil gå, men når dei har prata litt, blir dei trygge på at det er greitt, seier Waagbø, som legg til at noko av hensikta er å lage eit nettverk mellom brukarane. Nokre av dei treffes også elles. Dei veit at i gruppa er det aksept for å vere annleis.

Nokre i gruppa har med seg tilsette frå bufellesskapet den første gongen. Sidan går det greitt utan. No har gruppa stabilisert seg bra, med ti brukarar og fire- fem frå Røde Kors. Men nokre brukarar har falle frå fordi dei syntest det blei for vanskeleg, fortel Waagbø. Sist det skulle planleggast aktivitetar framover, sette heile gruppa opp forslag, som bowling, karneval, julebord, bingo, kosekveldar på Røde Kors- lokalet, dagstur med Hurtigruta og biltur i minibuss.

- Sparer kommunen pengar på å samle dei i grupper?

- Vi vurderer det ikkje slik. Dette er folk som har vedtak på støttekontakt. Kommunen dekker alle utgifter med aktivitetane, og har eit variert tilbod. Slike tenester er innarbeid for psykisk utviklingshemma, men særleg vaksne med psykiske lidingar har hatt lite gruppetilbod på kveldstid. No vurderer vi å starte ei ny gruppe. Vi jobbar også med ei gruppe over same lesten, spesielt for gutar, mykje for å skape eit nettverk. Seinare skal vi også danne ei gruppe for jenter.

Se presentasjonen fra konferansen

Du kan kontakte Kristin Waagbø på epost: Kristin.Waagbo@kristiansund.kommune.no  

Ingebjørg Jensen, frilansjournalist