Nettverka frå dei andre regionane nytta også dagen etter den store "Fri tid for alle"-konferansen til å lære av kvarandre, og knytte kontaktar som kan bli ein god hjelp i arbeidet framover.

I fleire kommunar har dei jobba for å få inn den tredelte modellen, og få i gang bruk av metoden Fritid med bistand (FmB). I vegen står gjerne kompliserte omorganiseringar, pengar som forsvinn til andre formål, eller mangel på erfaring.

Flinke til å lage eigne grupper

- Vi er flinkast til å lage gruppeaktivitetar, men ikkje flinke til å samordne med andre. Vi har til dømes lite fokus på at 50-åringenØyvind Lindland Sandnes Kommune som er innteressert i foto kanskje burde hjelpast inn i ein fotogruppe. Vi lagar heller ei fotogruppe sjølv, fortel  Øyvind Lindland (bilde til høyre) frå Sandnes. Der har dei no eit  to-årig prosjekt som går ut på å  gå bort frå ein til ein - støttekontakt og over til at deltakarane samlast i grupper.

I Sandnes har dei no  mellom anna bowlinggruppe, treningsgruppe, langturgruppe- som klarer seg utan fritidskontakt, og skal til å lage ei gruppe for mannfolk, der to av tre er kjempeinteressert, fortel Lindland, som motiverar deltakarane gjennom skryt, og  påminningsmelding. Han får ein sms tilbake om dei blir med eller ikkje.

-  Eg vil lære dei å sende melding til kverandre. Når nokon ikkje kjem, melder eg tilbake til psykisk helseteam. Men deltakarane må få velje- også velje vekk aktivitetar!

Kome inn i FmB-tenkinga

 - Vi har ein mannegruppe på åtte personer med Asbergers. Dei har vore veldig isolerte. Men gruppa med fritidskontakt har opna verda for dei. Som ein av dei sa: "No er eg 30 år og har for første gong kunne invitere nokon på bursdag!", fortel fagleiar for vaksne i Sola kommune, Kathrine Myklebust. Tidlegare hadde dei  eit prosjekt med FmB saman med ungdomsteamet. I 2011, då støttekontakttenesta overtok utførerdelen av fritidskontakttjenesten i Sola kommune, valde dei å prioriterte  vekk FmB. Dei fokuserte mest på aktivitetsgrupper og individuell fritidskontakt i ein startfase, men no har dei fått prosjektmidler til å bruke metoden på innvandrarungdom og barn av arbeidsinnvandrarar.

Sola har ein fagdag i året for fritidskontaktane. Vanlegvis har dei  mellom 50 og 60 fritidskontaktar, i nokre periodar 70-80. Den tre- delte modellen er no vedtatt av kommunen.Ellinor Klokk Sola Kommune

Sola har også ni aktivitetsgrupper for barn og unge. Fritidssjef i kommunen, Ellinor Klokk (bilde til høyre),  opplever at FmB er ein så god metode at den fører til store endringar i fritidstilbodet:

- Vi prøver å kome inn i tenkinga kring FmB. Då eg tok over som fritidssjef var det mykje 1-1 og " gå på tur om du har lyst". No spør vi meir "kva er det du eigentleg vil?". For ofte er det ikkje deltakarane, men mor og far som vil.   Vi har no sett av tre stillingar til å jobbe med ungdom, ein til ungdom som slit i ungdomskvardagen. Den tre-delte modellen skal iverksetjast til hausten.

Også i  Flekkefjord kommune har det gått mykje i ein- til- ein- støttekontakt, og heller ikkje dei har kome så langt med å ta i bruk FmB, fortel Silje Tjortland og fagleiar Ramona Rosseland.

Godt samarbeid med fritidsavdelinga

I Aktiv fritid i Kristiansand sit i saman med fritidsavdelinga, i det dei kallar "den finaste plassen i Kristiansand". Aktiv fritid har dei seks stillingar, og overfører eit fast beløp til Fritidsavdelinga, for at deltakarar med vedtak kan få vere med i aktivitetar sett i gang av fritidsavdelinga. Nokre grupper har nesten berre Aktiv fritid - deltakarar. Aktiiv Fritid har sjølv aktivitetsgrupper to-tre timar ein dag i veka, både for utviklingshemma og deltakarar med psykiatri - eller rusproblematikk. Blant gruppene finn ein "Friskis og svettis" for utviklingshemma, båtgruppe, hestegruppe, svømming, mekkegruppe for gutar 14-18 år, jentegruppe, friluftsgruppe, og spinning. Nokre har vedtak, andre ikkje.

--Vi samarbeider bra med fritid, som driv ungdomsklubb og tilrettelagde grupper. Fritidsetaten er flink med grupper. Det er ikkje vi, seier sakshandsamer Anne - Margrethe Vik (bilde til høyre), medan Siv Lindstrøm peiker på at talet på ein-til-ein-støttekontaktar er halvvert på fire år. Vel og merke ikkje berre fordi dei har fleire i grupper, men også fordi dei har fått strengare kriterier for tildeling av støttekontakt, understrekar Lindstrøm.

Kristiansand har rundt 400 vedtak årleg, og dei med diagnose blir overført til Aktiv fritid.  Forvaltningskontoret gir løyve til ein aktivitet per veke, og så vurderer Aktiv fritid kva dei skal tilby. Metoden FmB brukast berre i fritidsarbeid med barn frå Nettverk For Rogaland Og Agderbarnevernet. Barnevernet har overført midlar til ein halv stilling til dette.

 - Vi har hatt mykje omorganisering, og mykje har stått på vent i mellomtida. Tidlegare hadde vi ei eiga gruppe som berre jobba med FmB, fortel Vik. 

Lokke gjennom brosjyrar og fagdag

Rogaland og Agder nettverket kunne by på mange knep for korleis ein kan rekruttere støtte- og fritidskontaktar: I Stavanger har dei fire opne temakveldar i året,der  både aktive støttekontaktar og andre interesserte kan kome. Nokre er  invitert direkte, andre kjem etter at dei har blitt lokka av annonse på kino, plakater og stands på universitetet og i byen. På temakveldane tar dei opp til dømes Asbergers, tilknyttingsproblem, og støttekontaktrolla, fortel Nina Fredenborg i Stavanger barneverntjeneste.Bildetekst

Leiar for frivilligsentralen i Vennesla, Jorunn Sagen Olsen, meiner det viktigaste er å få ut ein god brosjyre til alle lag og foreningar. Då kann ein også sjekke ut kva organisasjonane har å tilby, for å unngå at Frivilligsentralen blir ein konkurrent.

- Det kan vere fint for leiarane i organisasjonane at kommunen tilbyr løn, eller pengar til organisasjonane. I Vennesla trekte vi lodd etter at einskildpersonar og lag hadde kome med framlegg om aktivitetar, og  fire forslagstillarar vann 10.000 kronar kvar. Og etter at vi hadde lagd ut spørsmål om frivillige på Facebook, melde det seg fire berre den første halvtimen!

I  Sola kommune får dei flest støttekontaktar gjennom fritidskontoret. Dei passar også på å gripe fatt i alle nytilsette i kommunen med spørsmålet om å  vere støttekontakt. Men dei har også andre rekrutteringsknep:

- Vi kontaktar Solabladet eller Stavanger Aftenblad med gode historier om korleis det er å vere støttekontakt. Fortel korleis det fungerer, ikkje at "vi treng støttekontaktar"!

Samarbeid med frisklivssentralen

I Kristiansand har Aktiv fritid og Frisklivssentralen halde  utvekslingsmøter, og dei utvekslar også deltakarar til gruppene sine. Anne Margrete Vik Kristiansand Kommune

- Aktivitetane blir eit spleiselag. Dei har til dømes KOLS-gruppe, slaggruppe. Det er ein stor fordel å sitje i same hus. Det har blitt mykje tettare samarbeid etter at vi blei samlokalisert,  fortel oppføljingskurator Kristin Hovde .

- Vi har til dømes snakka mykje om barn og overvekt. Då vil vi få Frisklivssentralen meir på banen. I Kristiansand er vi underlagd Avdeling for innovasjon og utvikling, der Frisklivssentralen også er med. Vi kan ha større forventningar til at dei ser trendane når dei kaller seg "innovasjon", meiner Anne-Margrethe Vik (bilde til høyre), som meiner høve til uformell kontakt er veldig viktig. Det er fleire samde i:

- Då ser vi jo kva dei har, og ser at vi kan ha nytte av det, seier Myklebust, og Sagen Olsen legg til: -eller vi oppdagar at vi gjer dei same tinga!

Tekst og foto: Journalist Ingebjørg Jensen, ingis.jensen@gmail.com