Johannes Tvilde.jpg
Johannes Tvilde

Om det spørsmålet har Johannes Tvilde frå Fana Botjenester til utviklingshemmede svært mykje på hjartet. Det vil han dele med deltakarane på konferansen Fri tid for alle, 6. juni 2011.

I 2009 starta eit spanande og konstruktivt samarbeid mellom vernepleiarutdanninga ved Høgskolen i Bergen og Bergen kommune, Fana botjenester til utviklingshemmede, der Tvilde arbeider som fagkonsulent. Prosjektleiaransvar delar han med høgskolelektor Margunn Rommetveit.

Studentane har sett i gang og prøvd ut ulike aktivitetar for lett utviklingshemma brukarar. Hovudmålsetjinga er å gi dei høve til å danne sosiale nettverk. Det kan vere gjennom aktivitetar som kortare turar eller heildagsturar, symjing, bowling og festar. Tidlegare har det vore arrangert kurs i ”helse og fritid” og ”vener og fritid”, der hovudtemaet blir korleis få og ta vare på vener. Det har blitt meir fart i tiltaka no etter at studentane blei med, seier Tvilde.

– Vi må finne ut korleis vi skal få med denne gruppa, og korleis skape interesse hos dei i samanhengar der dei kan senke skuldrene, kome ut av einsemda og bli del av eit fellesskap. For når vi spør dei ”korleis har du det med vener”, svarer dei ”bra”, slik også andre gjer, sjølv om det ikkje er sant. Og sjølv om dei prøvar å gjere funksjonshemminga si mest mogleg usynleg, klarar dei ikkje å forstå dei sosiale mekanismane. Vi vil gi dei høve til å øve seg på å vere saman med andre i ei gruppe, og få del i den gode opplevinga det er å bli spurd om å vere med på noko, dele historier og opplevingar. Då har dei jo også noko å snakke om neste gong!

Stigmatiserande diagnose

– Det er eit problem at mange frå denne gruppa ikkje vil gå på aktivitetar lagd til rette for menneske med utviklingshemmingar. Dei vil gjerne ikkje identifisere seg med dei, og kjenner seg stigmatiserte av å bli kalla utviklingshemma, sjølv om ordet ” lett” står først. Vårt prosjekt blir å minimalisere og avstigmatisere, seier Tvilde, som synest det er vanskeleg at sjølve aktiviteten har eit namn som blir opplevd som stigmatiserande for nokre i målgruppa.

– Utviklingshemning som diagnoseomgrep overtok for rundt 50 år sidan, men har blitt stigmatiserande, Eg trur ein del av grunnen er at det er ein stor samlediagnose. Diagnosen ”lett utviklingshemma” burde vore skifta ut til noko som ikkje blir knytt til utviklingshemning, slik at det er lettare for dei det gjeld å forhalde seg til han. Kva med ”menneske med behov for særleg tilrettelegging?, forslår Tvilde, som har høyrd foreldre fortelje at ungdomane deira ikkje vil vere med på kommunen sine tilbod for utviklingshemma fordi der også er folk med synlege utviklingshemmingar der. - Det er ein balansegang. Dersom du puttar for mange personar med særskilde behov i same gruppe, vil nokon ut. Slike val gjer alle menneske. Men her er det mange med spesielle behov, og dei som dreg seg ut er kanskje dei som treng gruppa mest. Eg vonar at mindre grupper kan kome ut av større, slik at til dømes to- tre kan få venerelasjonar, og gruppa berre blir den første møteplassen.

Må oppleve meistring

Alle treng oppleving av meistring i sosiale samanhengar for å få eit godt sjølvbilde. Då vil det bli lettare å prøve på ei ny utfordring. Ein kan utvikle angst av å feile mange gongar, seier Tvilde, som meiner gruppa lett utviklingshemma har stort behov for hjelp til å motarbeide sosial angst:

– Kanskje det er lettare å hjelpe utviklingshemma der utviklingshemminga er tydelegare. Med denne gruppa må du ofte omgås ein stund før du ser at dei treng hjelp. Dei klarer ofte ikkje å halde tritt med venene, og det igjen får konsekvensar for korleis dei oppfører seg. Dei dreg seg tilbake. Og har du ikkje vener så er du i alle fall mislukka! Mange må planleggje mykje før dei skal ut, til dømes korleis dei skal klare å telje pengane når dei går i butikken. Eller dei møter eit firkanta hjelpeapparat, til dømes, kor ofte treffer du den same sakshandsamaren på Nav som du hadde sist?

Tvilde voner fleire vil diskutere korleis kommunen sine tenesteytarar kan forhalde seg til menneske som i mange tilfelle slit med diagnosen dei har fått som ”lett utviklingshemma”. Nokre av dei seier ”vi veit om det ordet, men vi treng ikkje seie det!”, seier Tvilde, som er forsiktig med ikkje å sende ut konvoluttar der det står ”Botjeneste til utviklingshemmede”, men heller ”Avdeling for helse og inkludering”, som bydelsavdelinga heiter. Han synest det er eit godt namn med meiningsfullt innhald : Kanskje det er fleire slike omgrep som treng ei fornying? Nokre, også på konferansen, vil seie ”dei treng realitetsorientering!” Rett nok! Eg er likevel overtydd om at vi først må prøve å vinne og fortene deira tillit. Først då kan vi yte god hjelp og snakke om realitetane.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@c2i.net]