Ingvild-Marie-Hilde.jpg
Ingvild Marie Hilde (Foto: Ingebjørg Jensen)

– Vi i Aktiv fritid kan hjelpe dei som har eit behov for hjelp på fritidsarenaen til å gjere dei aktivitetane dei ønskjer og drøymer om, og slik minske gapet mellom dei og andre. Då løfter vi både trivsel og helse, seier fagansvarlig i Kvinnherad, Ingvild Marie Hilde.

«Korleis kan vi spele inn mot frivilligsentralen?» «Kan våre brukarar vere med i rusleturgruppa eller arbeid i kafeen?» Dei ønskjer seg meir samhandling på tvers, dei som driv Aktiv fritid i Kvinnherad i Hordaland.

I Kvinnherad i Hordaland har dei fått til den tredelte løysninga. I 2012 starta eit prosjekt der metoden Fritid med bistand (FmB) blei prøvd ut. Det skjedde som følgje av at kommunen fekk 1, 65 millionar kroner i tilskotsmidlar til kommunalt rusarbeid, og no er FmB blitt ein fast del av arbeidet i «Aktiv fritid».

Då prosjektet «Aktiv fritid for alle Kvinnherad» starta, nytta ein tilskotsmidlane til tre årsverk som arbeidde utifrå metoden FmB. Årsverka var fordelt på fem personar i kombinerte stillingar. Under ei kommunalomorganisering blei dei tre stillingane krympa til ei, fordelt på tre tilsette i «Aktiv fritid», som utførarleddet blir kalla i Kvinnherad. Reduksjonen fekk konsekvensar: No har dei ikkje kapasitet til dei under 18 år som kunne hatt nytte av metoden.

Fagansvarlig i Aktiv fritid, Ingvild Marie Hilde, blei kjend med metoden under vidareutdanninga ved Høgskolen i Bergen i 2010. Det førde til at kommunen søkte og fekk støttemidlar frå Helsedirektoratet, og etter kvart sette metoden ut i livet. Resultatet kan ein til dels lese ut av tala frå vedtak om støttetiltak: Medan dei i 2011 hadde 115 enkeltvedtak om støttekontakt, er talet no nede i 93.

– Eg ser at vi får fleire brukarar inn i grupper, og i andre aktivitetar. No håpar vi på å få fleire inn i eksisterande tilbod og i ordinære frivillige organisasjonar, via samarbeid som følgje av omorganiseringa.

– Vil det også svare seg økonomisk?

– Det er vanskeleg å bevise. Eit døme på at det kan svare seg samfunnsøkonomisk, er at til dømes «Pål», som før blei innlagd på psykiatrisk kvart år, no ikkje har vore innlagd på over eitt år. Og det å ha ein støttekontakt i årevis kostar også pengar.

Opnar for meir samspel

FmB starta som ein del av kommunalt rus- og rusførebyggjande arbeid, men no blir metoden også brukt for deltakarar med lettare utviklingshemming eller psykiske problem. Dei tre som no delar eitt årsverk mellom seg, har ei rekke andre oppgåver i tillegg som til dømes MOT -informatorar.

«Korleis kan vi spele inn mot frivilligsentralen?» «Kan våre deltakarar kome inn der, til dømes i rusleturgruppa eller i arbeid i Kulturkafeen?» «Kan ein frivillig ta dei med på desse aktivitetane?» Slike spørsmål stiller dei seg i Fritidseininga.

Hilde meiner at omorganiseringa opnar for betre samspel med fleire, til dømes å samkøyre grupper med frivilligsentralen, ungdomssenteret eller med MOT, ein haldningsskapande organisasjon som arbeidar for og med ungdom, der målet er å bidra til robuste ungdomar og trygge ungdomsmiljø.

– Det hadde vore kjekt å få arbeidet med FmB for dei under 18 i gang igjen. Gjennom MOT får vi oversikt over ungdomsmiljøa, og blir kjend med ungdommane. Vi skal til dømes vere innom kvar ungdomsskuleklasse fem gongar i året. I vår evaluering av omorganiseringa ynskjer vi å få dei yngste inn i prosjektet igjen, og dette har vi også framhalde i samtaler med rådmannen, fortel Hilde.

– Vi har deltakarar som har vedtak om støttekontakt, men som også går på trening, kafé og ruslegruppa knytt til frivilligsentralen. Kan vi bygge meir på kvarandre og bruke dei tilboda som alt eksisterer? Eg trur vi no har blitt flinkare til å tenke alternativt. Då eg starta i 2010, sat eg åleine med dette. No jobbar vi i team og kan diskutere med kvarandre på fritidsavdelinga, og i Aktiv Fritid, seier Hilde.

Løfte trivsel og helse

Sidan starten i 2012 har det vore rundt 45 deltakarar i prosjektet med FmB. No jobbar Aktiv fritid med 12 deltakarar i ulike fasar, fordelt på fleire grupper. Ni av dei er kvinner, tre er menn. Vedtaka gjeld for eitt år, men nokre får forlenga, oftast med eit halvt år om gongen.

«Aktiv fritid» har to treningsgruppe, ei på kveldstid med base på eitt av dei tre aktivitetssentrene i kommunen, og ei på dagtid. Nokre av dei med vedtak, andre utan. Aktiv fritid har også ei kvinnegruppe som driv med hest og hestehald.

– Vi har mange gode resultat. Dei beste resultata ser vi hos personar over 18 år. Dei står lenger i aktiviteten, og kjem seg ofte vidare i utdanning eller jobb.

Hilde legg vekt på lovverket sine ord om folkehelsearbeid. Det handlar om samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte elle indirekte fremmar helse og trivsel hos innbyggjarane, og som førebyggjer psykisk eller somatisk sjukdom, skade elle liding:

– Vi i Aktiv fritid har å gjere med personar som har eit behov for hjelp på fritidsarenaen. Vi kan hjelpe dei til å gjere dei aktivitetane dei ønskjer og drøymer om, og slik minske gapet mellom dei og andre. Då løfter vi både trivsel og helse.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.com]

Sist endret: 28.05.2014