– Her er det kjempegøy! Hadde desse gutane kunne velje, hadde dei kome fleire ettermiddagar i veka for å delta på gruppeaktivitetar saman med støttekontakten sin, andre brukarar og deira støttekontaktar. Slik blir det også samanheng mellom kva dei gjer i skuletida ein dag i veka, og på fritida.

baal.jpg
Ulrik, Marte og Stian. Ulrik manøverer hamburgar på pinn, saman med student Marte Danielsen og støttekontakt Stian Berger. Foto: Ingebjørg Jensen

Vi følgjer trettenåringane Ulrik, Eivind og Sondre, og 11 år gamle Kristian på fritidsaktivitetar med Støttis, på området til Posidriv i Åsane i Bergen.

Medan Posidriv på dagtid driv tilpassa opplæring og oppfølging for elevar med samhandlingsvanskar, har dei frå 2006 opna for fritidsaktivitetar for brukarar med støttekontakt nokre ettermiddagar i månaden. Men barn og unge i Støttis treng ikkje ha skuletilbod i Posidriv så lenge de kjem inn under målgruppa. Våren 2010 har dei hatt fleire "støttisar" enn nokon gong tidlegare.

Det er psykisk helse i Åsane Bydel i Bergen som har det formelle ansvaret som arbeidsgjevar for støttekontaktane, og for å kople dei til støttekontaktane. Brukarane er sjeldan aleine med støttekontakten sin: Dei er delt i mindre grupper dei fleste vekene, og er på fellessamling om lag kvar tredje veke. Ein gang i månaden kjem prosjektkoordinatoren og støttekontaktane saman for rettleiing, evaluering og for å planleggje aktivitetane i neste månad.

På Posidriv sitt område har dei tilgang til båt og fiskeutstyr, linebane, klatreutstyr, lavvo, kajakker, dei kan hogge ved, løpe hinderløype eller bygge hytter eller gapahuk. Det er opp til støttekontaktane og brukarane kva dei de har lyst til å gjøre frå gong til gong.

Framleis i utprøvingsfasen

To i kajakk
Råd frå sjø og land: Sondre(t.v) viser Kristian sin nye støttekontakt korleis han skal halde balansen i kajakken, medan Kristian gir råd frå land. Sosionomstudent Marte Danielsen t.h.

– Vi er framleis i utprøvingsfasen, og slik skal det vere!, seier Ingebjørg Dahle, prosjektkoordinator sidan 2007. På årets ”Fritid for alle”- konferanse fortalde ho meir om Støttis, erfaringane så langt, og vidare planar.

Tidlegare jobba Dahle i eit anna ungdomstiltak i kommunen, men slo straks til då ho fekk tilbod om prosjektstillinga i Støttis:

– Det var først og fremst fordi eg visste dei hadde stødige, erfarne folk frå før, seier ho om dei to ”fedrane” til Posidriv, pedagogane Terje Børsheim og Ole S. Færevåg, som starta opp i 1989.

Det har gått i eitt for Dahle denne dagen: Første ”skift” var med skuleelevar på ”Posidriv”, snart startar ein fire- timars økt med Støttis. I mellom har ho kilt inn eit møte med Marianne Nygård frå psykiatritenesta i Åsane. Det er ho som har ansvaret for å velje ut barn og unge som kan ha utbytte av eit gruppetilbod på Støttis, og kven som passar saman.

Tan Pham og Kristian sitter og prater
Støttekontakt og brukar blir kjent med kvarandre: Kristian (t.h) og den nye støttekontakten Tan Pham.

Denne dagen er det fire gutar, med kvar sin støttekontakt som held på saman. Ungdommane og støttekontaktane drypp inn rundt klokka fire, og snart er dei i gang med fotball- golf, der det gjeld om å sparke fotballen ned i markerte hol i terrenget. Det spesielle med denne dagen, er at Eivind og Kristian har med seg flunka nye støttekontaktar, Tan Pham og Johan Loo, som treng å bli kjend både med gutane og med praktiske ting på staden. No får gutane høve til å lære dei vaksne eitt og anna som dei sjølv har blitt gode på: Kristian er god på å handtere padleårar og styre kajakk. Eivind veit kvar ein finn våtdrakta, og korleis ein må dyppe både seg sjølv og utstyret i badekaret, tråkle på seg den tettsitjande drakta, og ikkje minst, korleis gjere frydefulle hopp i det kalde havet!

Støttekontakt på høgare nivå

”Støttis” oppstod av fleire grunner, fortel Dahle:

– Støttekontaktane synest ofte det var ein einsam jobb, med lite rettleiing. Det hadde vekse fram eit behov for å få eit høgare nivå på støttekontaktarbeidet, mellom anna ved å la gutane få høve til å treffe fleire vaksne som dei kan lære å stole på. Her ser dei at det er fleire vaksne som bryr seg. Det gir sjølvsagd også større tryggleik mor overgrep og mistankar, seier Dahle, og viser til at det sjølvsagd er større risiko for det i 1-1- forhold.

Eivind i badekaret
Eivind viser sin nye støttekontakt Tan Pham ( bak) korleis ein tar på seg ein våtdrakt. Støttekontaktane Christian Smith-Nilsen (t.v) og Stian Berger (t.h) er drevne våtdraktdykkarar.

Ei anna grunn for å sette i gang med ”Støttis”, var behovet for å utnytte ”Posidriv” sitt utstyr og installasjonar betre- utanom skoledrifta.

– Her kan mange av elevane som elles er ein skuledag i veka på staden, få meir samanheng mellom skuletiltak og fritid. Det gjeld fleire av dei som er her no. Til dømes har dei i skuletida vore med å sette garn. På Støttis kan dei vere med å trekke garna.

Samarbeid med fleire

Det er ikkje berre ungdommane som lærer å samarbeide med fleire gjennom Støttis: Her skal Alrekstad skule, som ”Posidriv” er ein del av, jobbe saman med den psykiske helsetenesta i kommunen og barnevernstenesta. Dahle må innrømme at samarbeidet med barnevernstenesta kunne vore betre:

– Det ser ut til at det er lite driv derifrå for å nytte tilbodet og samarbeide kring ei vidare utvikling. Vi opplev at leiarane ikkje stiller opp på møte og at det ikkje blir rekruttert inn nye brukarar og støttekontaktar. Kanskje er det eit strukturproblem: Mykje sjukdom på leiarsida, men ingen overlapping. Det er synd at ikkje barnevernet kjem meir på banen – dei trengst jo nettopp her, når det dreier seg om ei gruppa ungdommar som ofte lir under sosial einsemd, isolasjon, eller har lite nettverk rundt seg, men ikkje alltid har nokon diagnose. Vi er no i ein ny dialog og jobbar med å få i gong nytt samarbeid, seier Dahle.

Sondre viser de andre hvordan man starter påhengsmotor
Sondre viser dei nye støttekontaktane korleis dei skal starte påhengsmotoren. Frå venstre Eivind, student Marte Danielsen, støttekontakt Tan Pham, Ulrik (halvt skjult), støttekontakt Joan Loo, og prosjektkoordinator Ingebjørg Dahle.

Ingeniørstudent Stian Berger (støttekontakt i åtte månader) og økonomistudent Christian Smith-Nilsen (støttekontaktar i fire månader), er begge aktive friluftsmenneske, og begge tenker breitt: Dei er ikkje berre interessert i tal og mål, men liker også å jobbe med barn og unge. Stian har ansvaret for Sondre, Christian for Ulrik, men er i same gruppe på Støttis. Det er ikkje godt å sjå kven som er støttekontakt til kven – her leikeslåss Christian med Sondre, medan Stian held eit venleg tak rundt Ulrik når han treng å roe seg litt ned. Og det er Eivind, frå den andre gruppa, som morar seg med hopp og sprett frå stupebrettet saman med dei to badeglade støttekontaktane, medan hans eigen støttekontakt Tan Pham får opplæring i bruk av påhengsmotor av Sondre.

Det blir jobba med at Støttekontaktane skal få utvikle seg enda meir, går det som prosjektkoordinator Dahle vil: No søker dei banker og fonds etter midlar til å sette i gang kompetansehevingskurs for støttekontaktane. Ein del av desse kursa får dei uansett dekka, men dei ynskjer at støttekontaktane skal få meir enn det kommunen kan tilby.

Tekst og foto: Ingebjørg Jensen

Sist endret: 02.07.2010