tante_ragna.jpg
– Dei so gjer ein frivillig innsats gjer da fordi at da e kjekt og fint, ikkje for at kommunen dei bur i skal spara penga! Og da må han Jonas ha klart før seg at frivillige må ikkje behandlast som nyttige idiotar for styremaktene, helsa tante Ragna ( Inger-Helen Midtgård) til helseministeren.

«Tenkja seg te da her set da flotte følk så brenn før å tilretteleggja fritid for andre. Ja e kje da kjekt og fint og kjekt og fint !» Tante Ragna brasa inn med rullatoren midt under konferanseopninga, mest av alt for å sende ei viktig helsing til helseminister Jonas Gahr-Støre, som merkeleg nok ikkje sjølv var tilstades på konferansen.

Tante Ragna har vore på senioruniversitetet og tatt del i ein studiering om stortingsmelding nr. 29: Morgendagens omsorg. Ho er nøgd med mykje, men mest er låkt, meiner ho:

«Eg får ta da trasigaste først: Samhandlingsreforma. Samhandlingsreforma er vorte skjera sjekkheftet. Å nei, å nei, å trøste meg! Her e da penga ut og penga idn og ut og idn igjen. Ja, da e da! Da e pasienta ut og idn og ut og idn og vekk og fram or sengje og opp ei an seng og heim med helsebussn. Eg sitera: «Det skal leggjast vekt på helsefremmande og førebyggjande arbeid». Slek da ser ut for meg, so e da långt igjen til måla e nådd. Det er det akutte som vert tatt tak i, i samhandlingsreforma, meir rekk ein ikkje øve ute i kommunane eller har ressursar til.

Da står so fint i meldinge «Omsorgstenestene dekker i dag heile livsløpet og har tenestemottakarar i alle aldresgrupper med behov for et mangfald av løysingar på butilbod, tenestetilbud og faglege tilnærmingar». Da høyrest so fint ut, men da e ikkje slek da føregår. Eg frykta at da denne gongjen som tidlegare vert støttekontakt og avlastingstenestene som vert skadelidande, og at kommunane ikkje har tid, pengar eller rom for å satsa på fritid og kulturtilbod for dei som treng det. Me må ikkje gløyma da at da talet på yngre omsorgsbrukarar som veks, og at dei treng og krev andre tenester enn gamle dame. Ja de gjer da, dei gjer da.

Da e mången som kan gjera ein frivillig innsats. Og so må eg bere seia da: At dei so gjer ein frivillig innsats gjer da fordi at da e kjekt og fint, ikkje for at kommunen dei bur i skal spara penga! Og da må han Jonas ha klart før seg at frivillige må ikkje behandlast som nyttige idiotar for styremaktene. Då kjem ein ingen veg, da må dei sei te han. Ja de må da e må da», sa tante Ragna til dei to representantane frå helsedirektoratet, som fekk oppdraget med å helse til han Jonas.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.no]

Sist endret: 14.06.2013