pletten.jpgLaila Pletten (bildet) har sidan 1998 leia frivilligsentralen (FVS), som i Radøy blir driven av kommunen. Pletten har også erfaring som frivillig-koordinator på Haraldsplass diakonale sykehus i Bergen. Hovudoppgåvene var å byggje ut trivselstiltak for pasientane på dei ulike avdelingane, og å vidareutvikle besøkstenesta for heimebuande pasientar, tilknytta Sunniva klinikk.I ein hektisk kvardag er det ikkje lett for pleiepersonalet å finne tid til prat, eller til å tenke ut trivselstiltak for dei som ikkje kan delta i fellesskap og aktivitetar i nærmiljøet. Det har frivilligsentralen i Radøy kommune gjort noko med.

Laila fortel på konferansen om korleis dei har kopla saman frivillige og eldre. FVS i Radøy starta i 1992. Dei har heile tida organisert frivillige til besøkstenesta, som ein av mange aktivitetar. Behovet har berre auka på, og årsplanen for 2009 er besøksteneste ført opp som satsingsområde for FVS.

- Som frivilligkoordinator på Haraldsplass fekk eg mykje og god erfaring med kor viktig ressurs frivillige kunne vere for pasientar og pårørande ved alvorleg sjukdom. Eg såg at for å lukkast, måtte me både lære opp og ta vare på dei frivillig, seier Pletten, som har tatt kunnskapen med seg inn i arbeidet i frivilligsentralen i kommunen.

Samarbeid og nettverk

I Radøy satsa dei på å samarbeide med kyrkja om besøkstenesta. Det har kyrkja lang erfaring med, men sleit med å få det til. Soknerådet valde ein representant frå kvart av kyrkjelydsutvala, medan Pletten fekk med seg ein frivillig frå FVS. Slik kunne dei sette saman ei besøksleiargruppe på seks personar. Alle blei kursa, og kvar einskild fekk ansvar for rekruttering av frivillige, medan Pletten, som einaste løna person, fekk hovudansvar for opplæring og oppfølging.

Også når FVS ikkje sjølv kan steppe inn, kan dei likevel hjelpe. Slik var det då Pletten blei kontakta av ei familie som sleit med omsorga for eit familiemedlem med kreft. Saman med familien fekk Pletten kartlagt deira nettverk. På kort tid fekk dei på plass ei gruppe frivillige, sett saman av FVS - medarbeidarar og folk frå familien sitt nettverk. Det viste seg å vere lettare for andre familiemedlemmar å seie ja eller nei når det var ein frå kommunen dei kunne drøfte innsatsen sin med.

- Så langt har me gode erfaringar med dette oppdraget. Familien seier at takka vere den frivillig innsatsen kunne dei ha den sjuke heime lengst mogeleg.

Prat, song og dans

FSV i Radøy har sett seg føre å bøte på tidsklemma til pleiepersonalet: For om lag seks år sette FSV i gang ei ordning der dei saman med tre- fire heimebuande eldre vitja gamleheimen i bygda og samla brukarane til prat, felles song, diktlesing, og av og til småturar. Besøkja var heile tida under utvikling, fortel Pletten;

- I januar blei alle institusjonsplassane og omsorgsbustadane i kommunen samla på ein stad. Der har me faste besøksdagar på sjukeheimen onsdag og fredag. Ein måndag i månaden har vi også med ein musikkpedagog eller ein trekkspelar, og no er også Seniordansegruppa til Landsforeningen for hjerte- og lungesyke i Radøy med. Då får også pasientane seg ein svingom med 10 minutt med sitjedans. Berre dei høyrer musikken, kviknar dei til, fortel Pletten.

Sidan i fjor har FSV rekruttert mange nye frivillige frå Seniordansegruppa. Ei gruppe på seks dro til Jæren på kurs i instruksjon av sitjedans, alle utgifter blei dekte av kommunen. Tilbake kom ein inspirert gjeng som får smilet fram under sittedansen. Sjølv danseskeptikarar lar armar og bein som kan røre seg berre litt, svinge med.

- Planen var å besøkje stova på den einskilde avdelinga, men det syner seg at bebuarar frå andre avdelingar vil vere med, så det blir ofte til at me samlast i den største stova. Men vi har ikkje sleppt tanken på også å besøke mindre grupper. Me arbeider også vidare for å få frivillige som kan gå inn til bebuarar som ikkje ynskjer å vere med på fellesaktivitetane våre, men som likevel vil ha besøk.

Formalitetane på plass

- Før me går inn i eit oppdrag må det formelle vere på plass: Brukarar, pårørande og personale må vere positive til at dei kjem, og tidsramma og oppdraget må vere fastsett. Og alle må ha det klart for seg at frivillige ikkje skal gå inn å erstatta lønna personale eller utføre oppgåver som er lovpålagte. Dei frivillige må skrive under på teieplikta. Dei som går inn i besøkstenesta til einskildpersonar, skriv og kontrakt med brukar og FVS, og dei får oppfølging med samtalar, seier Pletten, som har samtalar med besøksvenene før dei møter ein ny brukar. Då er eitt tema å vise respekt for enkelte brukar sine verdiar og interesser. Då blir det også brukaren som avgjer om den frivillige skal eller ikkje skal rekrutterast frå til dømes kyrkja.

Kva frivillige får att for dette?

- Dei seier at det betyr mykje for dei at nokon har bruk for dei, og gler seg til at dei kjem. Det blir meiningsfullt for dei å bruke tid på å glede andre. I tillegg har dei eit godt fellesskap med andre frivillige. Og for å ta vare på dei, skipar FVS til både festar og turar.

Ingebjørg Jensen, frilansjournalist