Slike, og andre problemstillingar rundt teieplikta fekk dei bryne seg på, 42 gamle og nye fritidskontaktar i Sola i slutten av september. Kommunen skipa til fagdag for fritidskontaktane om emnet som dei sjølv hadde ønska seg på førre fagdag, som i Sola blir halden ein gong i året.

Sjølv voner fritidskontaktane at dei kan få fagdag to gonger i året.

Sola- Karen, anne, katrine

For eitt år sida delte Sola støttekontakttenestene i to: No har dei eitt kontor som handsamar søknadene og tingar tenester, og eitt utøvarkontor, der fritidskonsulentane Karen Asheim ( bildet, i midten) og Katrine Myklebust ( til venstre) er tilsett. I same slengen blei ordet støttekontakt" bytta ut med fritidskontakt, noko fleire fritidskontaktar og pårørande set pris på.

- Vi vil ha fokus over på det friske i mennesket, kva ein kan klare, ikkje kva ein ikkje kan klare, seier fritidskonsulent Katrine Myklebust.

"Fryser" scena

Tilbake til fagdagen, der også leiar for tilrettelagt fritid, Anne Tysland (bildet til høgre), var til stades: Etter ein teoridel om lovverk, verdigheit og respekt sette fritidskonsulentane i gang med rollespel. Ein spela fritidkontakt, den andre brukar. Men deltakarane fekk ikkje sjå enden på rollespelet, og dermed fekk dei heller ikkje noko fasitsvar på problemstillinga. Dess meir spennande blei diskusjonane etterpå, både som 20 minutts gruppediskusjonar, og ordvekslinga i plenum etterpå.

Slik var dei tre rollespela med problemstillingar som fritidskontaktane fekk på bordet:

  1. Fritidskontakten som er ute med brukaren og blir spurd "kven det er som sit der ved bordet med deg?" Spelet stoggar.
  2. Når fritidskontakt og brukar kjem heim til den 13- årige brukaren, stenger smeller jenta døra til rommet igjen bak seg. Mora seier då til fritidskontakten: "Vi har hatt det så vanskeleg heime i det siste. Har ho sagt noko om det til deg?" Spelet stoggar.
  3. Neste møte: Fritidskontakten er ute med brukaren, som fortel at ho slit psykisk, og at ho tenker på å ta livet av seg. Spelet stoggar.

Ikkje enkle fasitsvar

Det mest spennande var diskusjonane etterpå. For skal ein svare "eg sit her med ho eg er støttekontakt for?" . Det kom mange ulike svar, men alle var godt grunngjevne, fortel Myklebust:

- Ein sa :"Min brukar ville ikkje brydd seg om det". Medan andre brukarar ville gått heilt i kjellaren om det blei sagt rett ut. Dømet viser at det viktigaste er å avklare kva ein skal seie i slike situasjonar med brukaren på førehand.

Men i situasjonen der mora spør er det vel heilt klart at ein berre skal vise til teieplikta?

- Nei, ein treng ikkje vere heilt avvisande. Ein kan til dømes gi råd ut i frå det mora fortel om konflikten. Til dømes er det heilt vanleg å krangle med ein 13- åring. Fritidskontakten kan også snakke meir med brukaren om konflikten heime, eller oppmode brukaren til å snakke meir med foreldra.

"Godt å vite", sa fleire fritidskontaktar då Myklebust og Asheim fortalde at dei skal gå vidare til fritidskonsulentane med slike alvorlege saker.

- Dei skal ikkje sitje åleine med slik bekymring. Vi fritidskonsulentar såg det også som eit høve til å formidle " bruk oss" !, seier Myklebust. Det gjeld også dersom fritidskontakten til dømes er urolege for omsorgsevna til brukaren sine foreldre.

Sola -fagdag IMG_2340

Tenke gjennom rolla

Myklebust synest det er bra at nye og gamle fritidskontaktar møtest på dei same samlingane.

- Det er ikkje nødvendigvis dei nye som lærer mest. Fleire av dei som har vore støttekontaktar i mange år, svara på evalueringsskjemaet at det var godt å tenke gjennom rolla på nytt. Nokre kan oppleve at dei etter ein del år ikkje lenger har så lett for å skilje eigen fritid og rolla som fritidskontakt.

Tilbakemeldinga frå fritidskontaktane var overveldande positive, fortel Myklebust. Ikkje minst var det mange som sette pris på gruppearbeid som ein god måte å bli kjende med andre fritidskontaktar. Dei putta også aktivitetsbrosjyren om "Fritid med bistand" i veska. Dei ville kikke på brosjyren saman med  brukaren sin,  for saman å hente inspirasjon til nye aktivitetar. Fritidskontakttenesta skal no vurdere om dei skal ha fagdag to gongar i året, slik fleire av deltakarane ønskjer.

Tekst av Ingebjørg Jensen, ingis.jensen@c2i.net