eli_lea.jpg
– Det å få formidle livshistoria si, er viktig for helsa, seier Eli Lea, som håpar «Rett frå hjertet» kan vere ein inspirasjon for familiar, frivillige og tilsette i omsorgssektoren som vil jobbe med livsminneprosjekt, lage livsminnebok eller film. Foto: Ingebjørg Jensen.

«Utan Rune hadde det vore vanskeleg. For utan hadde eg ikkje kome meg så mykje ut, få sjå folk, snakka med folk, Han har fått meg til å verta litt tryggare. Vi e glad i kverandre. Når ein er glad i nokon, så kan eg nesten føle at eg kan synga og jubla høgt».

Med så enkle ord skildrar utviklingshemma Torunn sjølve kjernen i eit godt venskap. I «Rett frå hjertet», 11 korte, digitale forteljingar som Eli Lea presenterer på konferansen, kan alle kjenne seg att i det dei utviklingshemma fortel. Gjennom sine eigne historier snakkar dei om det viktigaste i livet og i eiga livshistorie – venskap og kjærleik, sakn og omsorg, og det å høyre til.

Saman har filmskaparane Hanne Jones og Eli Lea frå Flimmerfilm laga ei digital forteljing der forteljaren sine eigne stillbilete får henge lenge på skjermen medan orda langsamt finn vegen inn i hjartet på sjåarane. Her er det lågmælt lågteknologi som er reiskapen.

Livsminneprosjektet «Rett frå hjertet», som også omfattar ei bok, har Lea og Jones gjort i samarbeid med Håstein seniorsenter og Myrdal seniorsenter i Bergen, og Norsk forbund for utviklingshemmede sitt lokallag i Bergen.

Løfte fram eiga historie

Alle er ulike og alle har si eiga historie. Det er utgangspunktet for Lea og Jones, og prinsippet om å løfte fram folk si eiga røyst har vore grunnlaget for alt Lea og Jones har laga sidan dei møttest på kurs i digital historieforteljing i England, og sidan køyrde det første norske kurset i emnet i 2004.

Før dei møtte eldre utviklingshemma i «Rett frå hjertet» , hadde dei hausta god erfaring med kurs i digital historieforteljing for unge utviklingshemma. Dei hadde også laga digitale historieforteljingar med bebuarar på tre sjukeheimar. Etter kvart spurde dei seg: «Kvar er innvandrarane, og kvar er dei eldre utviklingshemma?» Svaret fann dei i Håstein Seniorsenter i Bergen, Norges første seniorsenter for eldre med utviklingshemming. Lea ringde dagleg leia, gjekk rett på sak, foreslo eit utviklingsprosjekt saman med deltakarane på senteret - og blei møtt med begeistring.

torunn_solberg-_rune_bergen.jpg
Torunn Solberg og Rune Bergen. Torunn Solberg på tur med bestevenen Rune, som ho fortel om i "Rett frå hjertet". (Foto: Eli Lea)

Av dei 22 deltakarane i prosjektet, frå 50 til 78 år, er ni med i filmen. Men alle fekk dokumentert bidraget sitt: I boka «Rett frå hjertet» er alle saman representert med bilde, teikningar, dikt dei likar, eller eigne tekstar.

- Dei ni som er representert med digitale forteljingar, har sjølv vore med på å velje tema og bilde, og har vore med å diskutere form og innhald gjennom heile prosessen fram mot ferdig film. Vi går ikkje inn i ei tydeleg regirolle. Dei får snakke om det som er viktig for dei. Når dei er med heile vegen, kan det også hende at dei kjem på meir, til dømes at dei har eit bilde til!

- Blei du ikkje freista til å filme dei?

- Nei, med digital historieforteljing er det deira livshistorie og deira bilde vi brukar mest. Slik blir også resultatet meir dei sjølve, seier Lea, som rett nok tok mange bilete av deltakarane, særleg i aktivitet på seniorsenteret. Det kan ein sjå i boka «Rett frå hjertet», som ein kan «bla» seg gjennom på nettet.

Ikkje vane med å få bestemme sjølv

Lea er oppteken av at dei eldre utviklingshemma er menneske som har vore gjennom ei rekke reformer – og buformer.

- Mange har vakse opp på institusjonar, opplevd oppbrot og flytting. Gamle band blir rivne av og nye etablert. Dei er ikkje så vane med å få bestemme sjølv. I starten av prosjektet var dei usikre når vi sa at dei sjølv skulle få bestemme kva dei ville fortelje, og kikka gjerne bort på dei som jobbar på seniorsenteret, som om dei søkte godkjenning frå dei.

Etter den første kontakten med Håstein Seniorsenter, presenterte Lea og Jones prosjektet for Bergen kommune, som finansierte to av historiene. Seinare kom også pengar frå Hordaland fylkeskommune, Norsk Kulturråd , Vestnorsk filmsenter og Extrastiftelsen – helse og rehabilitering, som deler ut tippemidlar.

- Dette er både kultur og helse! Det å få formidle livshistoria si, er viktig for helsa. Korleis du tolkar di eiga historie, er ei kjelde til informasjon både for deg sjølv og dei rundt deg, seier Lea, som heile vegen har vore oppteken av å gå varsamt fram:

- Ei av deltakarane blei så lei seg då ho skulle fortelje, at vi bestemte oss for å velje eit anna tema, og så blei ho med i prosjektet vidare. Det kan vere tøft å fortelje om livshistoria si, og nokre gongar måtte vi seie i frå til dei tilsette i bufellesskapet at dei måtte rekne med at deltakaren kunne bli ekstra uroleg. Særleg merka vi at minna frå tida på institusjon, fekk fram tårene hos nokre av dei, fortel Lea.

Løfta oss opp

tog.jpg
Skjoldvor Haukaas ( i midten), saman med Helga Brakstad (t.v) og Asbjørn Evenes (Foto: Eli Lea)

- Veldig kjekt og spennande! Det at det kom nokon utan i frå som var interessert i historia til brukarane, løfte dei opp. Men dei gjorde ikkje berre brukarane viktige, også vi i personale fekk ei kjensle av at det vi gjer er viktig!, seier Skjoldvor Haukaas, dagleg leiar på Håstein seniorsenter.

Alt i 2008 hadde ho møtt vernepleiar Britt-Evy Westergård, som no tar doktorgraden på livsfortellingar med vaksne og eldre med utviklingshemning, og blei kjend med metoden. Då var det ikkje vanskeleg å seie ja då Lea seinare tok kontakt, og Håstein- brukarane blei del i både eit forskingsprosjekt og eit utviklingsprosjekt. Haukaas er imponert over korleis Lea og Jones jobba – dei kom jamleg i to år, var også med på lunsj, fester og turar, var heime hos deltakarane, og synte resultata undervegs.

- Eg trur deltakarane først opplevde det som litt uverkeleg at nokon var interessert i deira historie. Men etter kvart blei det litt sånn « no er det min tur til å fortelje»! Av og til hadde vi reine fotodagar, og senteret blei nærast gjort om til eit fotostudio. Vi snakka frå første dag om at vi skulle gå på den raude løparen, og slik blei det, då filmen hadde premiere i november, fortel Haukaas.

På Håstein held dei fram med å samle på livsminne. Alle som går på senteret, jobbar med si eiga bok:

- Vi jobbar vidare i det små. Vi fokuserer først på dei gode minna, ikkje tragediane. Eg trur at dersom vi jobbar med det først, vil dei også fortelje det andre etter kvart, seier Haukaas, som også ser at institusjonslivet ofte er eit tema dei ugjerne snakkar om.

Frigjerande og direkte

Eli Lea har mange gonger opplevd møtet med utviklingshemma som frigjerande.

- Først var eg litt usikker, og redd for at dei skulle mislike meg og seie det rett ut! No synest eg det er frigjerande, til dømes når dei berre snur seg vekk under samtalen. Då veit eg at dei ikkje vil meir. Det er også frigjerande at dei ofte er så rett på om det enkle og viktige i livet. Gjennom prosjektet føler eg at eg også har møtt meg sjølv meir.

- Korleis kan andre bruke «Rett frå hjertet» ?

- Vi håper filmen kan vere ein inspirasjon for familiar, frivillige og tilsette i omsorgssektoren som vil jobbe med livsminneprosjekt, lage livsminnebok eller film.

Som ein del av prosjektet skreiv forskar og vernepleier Britt-Evy Westergård heftet «Ja! Livsfortellingsarbeid med vaksne og eldre med utviklingshemning». Det ligger gratis tilgjengeleg på Facebook: og inneheld tips og inspirasjon til å sette i gang med livsfortellingsarbeid. Der ligg også filmar, tekstar, bilete, informasjon om prosjektet.

Du kan også gå rett inn og sjå dei 11 forteljingane på Vimeo eller bla i boka på Blurb.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.com]

Sist endret: 28.05.2013