Støttekontakt

Støttekontakt er eit gamalt og godt ord på hjelparen som skal bidra til å hjelpe menneske som treng det til ei meiningsfylt fritid. Ordet er todelt, samansett av «støtte» og «kontakt», begge desse orda seier noko om kva støttekontakten skal hjelpe til med. Å gje andre menneske støtte og oppmuntring er eine delen, å etablere kontakt, er den andre delen. For nokon av dei som treng støttekontakt kan det å ha kontakt med støttekontakten åleine vere nok, for andre er støttekontakten ein brubyggjar til kontakt med fleire andre menneske ( Fritid med mening 2011) .  

Menneske er sosiale vesen og me treng vere saman med andre for å forstår kven me er, støttekontakten kan vere ein viktig hjelpar for menneske som slit, og gje dei den sosiale støtte dei treng for å oppleve fellesskap med andre ( Kristiansen og Egeland 2000 s. 7 ).

Roller, forventningar og oppgåver

I dag er støttekontakt i fleire kommunar erstatta med andre ord på hjelparen som fritidskontakt, fritidsleiar, kulturkontakt, treningskompis, personleg trenar, akivitetskontakt, tilretteleggar og fritidsguide. Desse orda på hjelparen er med å vise både mangfald og vekst i denne tenesta, men orda seier også noko om kva forventing ein har til hjelparen. Ein støttekontakt kan både vere hjelpar for ein brukar, ei gruppe eller vere ein som legg tilrette for deltaking for brukaren i ein frivillig organisasjon ( Sosial- og helsedirektoratet 2007).

Kristin Andresen Soldal (2003) skriv i boka « Støttekontakter- soveputer eller ressurser i samfunnet?» om dei ulike roller ein støttekontakt kan ha. Soldal tek utgangspunkt i kva problem støttekontakten er meint å løyse når ho skriv om forventning til støttekontakten og støttekontaktens oppgåve. Problemet til brukaren er utgangspunktet for kva som blir støttekontakten si oppgåve og kva rolle støttekontakten får. Modellen til Soldal  illustrerer dette. Slike skjematiske modellar kan vere gode for å gje oversikt og auka innsikt. Samtidig vil slike modellar aldri klare å romme det verkelege liv. Det verkelege liv har noko fleire nyansar og er meir mangfaldig enn modellar. Modellen til Soldal illustrere for oss korleis problemet til brukaren, forventing og oppgåva til støttekontakten kan henga saman. Det kan godt vere at ein som støttekontakt har fleire forventingar til seg, til dømes at det både er forventa at å vere aktivitør og rollemodell på same tid.

Brukerens problem, forventning til støttekontakten og støttekontaktens oppgåve:

Problem -> Forventning -> Oppgave

Provoserende adferd

->

Modell

     ->

katalyserende

Passivitet

->

Aktivitør

     ->

koordinerende

Isolasjon, ensomhet

->

Betalt venn

      ->

kompenserende

 

 

 

 

(Soldal 2003 s. 74)

Støttekontakten som aktivitør

Tone er 55 år, uføretrygda og bur i ein omsorgsbustad. Ho har slite med psykiske problem i lange periodar og er plaga med angst. Ho har eit tilrettelagd arbeid i nærleiken, utanom arbeidstilbodet held ho seg heime. Ho har ingen sosial kontakt med dei andre i omsorgsbustadsrekka, dei er langt eldre enn henne. Familien bur annan stad i landet, og ho reiser dit eller dei besøker ho ved høgtider og feriar. I ein samtale med støttekontaktansvarleg i kommunen fortel Tone at ho les mykje skjønnlitteratur, men saknar nokon å snakke om og oppleve litteraturen saman med. I ungdommen elska ho å skru på motorar og ho tok også mekaniske fag på vidaregåande skule. Ho har høyrt om og sett reportasjar frå den lokale veteranbussklubben og seier at denne kunne ho også godt tenkt seg å bli med i. Tone treng hjelp til å kome i kontakt med ein litteraturklubb og den nemnde veteranbussklubben, men Tone klarar ikkje sjølv ta steget sjølv, ho maktar ikkje ta kontakt utan hjelp ( jfr Soldal 2003 s. 73). 

Psykiske problem fører ofte til ei passiv og isolert liv, og støttekontakt kan vere eit tiltak for å motverke dette. Støttekontakt vert her brukt som eit tiltak for å utvikle og gjenskape sosial kontakt ( jf. Kristiansen og Egeland 2000). Støttekontakten til Tone får i oppdrag å kople Tone med andre menneske ( jf. Soldal 2003 s. 73). Tone har klart sagt frå om kva som er hennar interesser. Støttekontakten brukar litt tid på å bli kjend med Tone først, neste steg er at støttekontakten og støttekontaktansvarleg i kommunen leitar og finn ein litteraturklubb som det kan passe for Tone å bli med i. Støttekontakten er sjølv glad i å lese og dei går på litteraturklubben saman ein gong per månad. I klubben strålar Tone, og ho har alltid lest heile boka og førebudd seg godt til kvar samling. Litt etter kvart, med oppmuntrande støtte frå støttekontakten, blir Tone ei drivkraft i klubben. Dei reiser etter Tone si oppmoding også på teateret for å sjå « Hellemyrsfolket», Tone tilbyr seg og viser her evne til å organisere alt frå transport, til teaterbilettar og ein god stad å samlast etterpå for heile klubben. I litteraturklubben møte Tone andre likesinna, den felles gleda over litteratur, fører til at hennar nettverk blir utvida. Tone kan etter kvart utvikle kontakt og vennskap uavhengig av støttekontakten ( jf. Fritid med mening 2011 s. 7). Etter eit og eit halvt års tid er Tone så trygg at ho no kan vere med i klubben utan følgje av støttekontakt. Denne nedtrappinga skjer gradvis, i samarbeid med Tone og under veiledning frå den støttekontaktansvarlege i kommunen. Mange år med passivitet har sett spor, difor heldt den motiverande samtalen som støttekontakten har med Tone før kvar klubbkveld, og oppfølgingssamtalen etter klubbkvelden, fram.

På veteranbussklubben er det litt vanskelegare å få innpass, då berre menn over 67 år viser seg å vere medlemmer der. Støttekontakten har her ein viktig rolle som brubyggjar, mellom Tone og dei andre som har felles interesser ( jfr. Soldal 2003 s. 73). Det viser seg at alder og kjønn tel mindre enn interesse når tida vert tatt til hjelp. Støttekontakten er bilmekanikar og saman viser Tone og støttekontakten seg å ha kunnskap og kompetanse som klubben treng. Hjå karane i klubben møter dei etter kvart ei aukande anerkjenning , ei anerkjenning Tone kjenner ho treng og som gjer så godt for henne å få. 

Støttekontakten må bruke ein god del tid på å motivere Tone for deltaking i begge dei valte aktivitetane, år med passivitet har sett spor og Tone kvir seg når ho skal ut. Ein aktivitør er rekruttert utfrå interesser og skal knytte brukaren til ulike aktivitetar( Soldal 2005 s. 27).  Å motivere for aktivitet og deltaking blir ei hovudoppgåve for støttekontakten. Tone kvir seg og er på nippet fleire gonger til å la vere å reise til møta i klubbane, men etter støtte og oppmuntring frå støttekontakten kjem ho seg av garde. Støttekontakten er trygg på at ho gjer rett i å bruke tid på å motivere og utøve vennleg press, og gjennom veiledning får ho tryggleik og mot til å halda fram. Støttekontakten ser også resultat av arbeidet, ho møter ei Tone som syner stor glede når ho kjem seg på klubb og enno større glede etterpå over å ha vore der.

Støttekontakten som rollemodell

Lise på 11 år har problem med å ta del i ordinære fritidsaktivitetar. Ho har prøvd seg i ei handballgruppe, i ein leikarring, i eit kor og i ei trimgruppe. Foreldra forklarar at ho ikkje skjønar kodane i desse aktivitetane, og at ho då blir rasande, spyttar og slår. Dei andre barna trekkjer seg unna henne, og leiarane for desse aktivitetane veit ikkje korleis dei skal klare å takle henne i tillegg til alle dei andre. Kvar gong må Lise slutte, og etter kvart forsøk blir ho meir og meir isolert. Lise er til utredning i barne- og ungdomspsykiatrien, og foreldra opplever at dette tek tid. Dei søkjer om ein støttekontakt som kan følgje Lise på ein ny aktivitet som ho seier ho er veldig interessert i; klatring. 

Støttekontakten si oppgåve her vil vere å bli ein rollemodell for Lise. Støttekontakten viser Lise korleis ho skal oppføre seg i klatreklubben, korleis ho tek kontakt med andre medlemmer der, korleis ein øver på å vere tolmodig og korleis ein ventar på tur. Støttekontakten si utfordring vert også å hjelpe Lise til å bruke sinne som energi til å kome seg opp i klatreveggen, heller enn å la det gå ut over andre. Korleis støttekontakten oppfører seg  og er bevisst si oppgåve som modell er her det sentrale. Korleis støttekontakten tar kontakt med dei andre medlemmene, korleis ventar støttekontakten tolmodig på tur, er noko Lise kan sjå på og lære av. Støttekontakten har her ei katalyserande oppgåve og bidrar til å få fram dei evner og erfaringar Lise har på ein god måte (jfr Soldal 2003 s. 72). Lise lærer gjennom å sjå korleis støttekontakten oppfører seg, og få støtte og oppmuntring i den konkrete situasjon, der og då. Slik kan Lise få akkurat den hjelpa ho treng til å regulere seg og finne sin plass i klatregruppa.

Det hender at støttekontaktar vert sett til å løyse det uløyselege. Aktivitetar som vert foreslått kan vere lite tenlege for dei brukarar som skal inn i det. Å drive med klatring kan sjå ut til å vere ein aktivitet Lise kan meistre og vekse på. Klatring som aktivitet er ein mindre fysisk «tett» aktivitet enn dei andre aktivitetane ho har prøvd før. Det å stå tett i eit kor, det å takle tøff dribling med ball og misse ballen, det å følgje klare reglar, det å danse tett i ein ring  og forstå mimikk, dansetrinn og samstundes synge, var kan hende for vanskeleg for Lise?  Men med god erfaring frå klatreklubben kan ho seinare ta del i andre meir tette aktivitetar, og få fleire fritidsarenaer å vere saman med andre på.

Støttekontakten som betalt ven

Knut på 45 år har etter langtids rusmiddelbruk mista det meste av nettverket sitt. No når han er under legemiddelbasert rusbehandling er utfordringa å erstatte det tidlegare nettverket av andre rusmiddelavhengige med nytt nettverk og nye vener. Knut har gjennom år fått eit ganske anstrengt forhold til eigen familie som har måtte tåle mykje frå hans side og samtidig følt dei måtte hjelpe han praktisk og økonomisk. Familien treng ein pause og avstand ei stund framover. Knut sit einsam og isolert med ei oppleving av at ingen bryr seg om han. Kva er vitsen med å vere rusfri når vener og familie manglar? Støttekontakt vert her tenkt som eit første steg på vegen til eit liv utan rus, og støttekontakten får ei kompenserande rolle som erstattar for gamle rusvener og familie, han blir ein betalt venn.

Einsemd og isolasjon er ein annan grunn til at menneske søkjer og får innvilga støttekontakt. Støttekontakt blir då ein som kompenserer for og erstattar nær kontakt med andre menneske. Å vere støttekontakt for menneske som er einsame og isolerte krev at  støttekontakten er bevisst eigne grenser ( Soldal 2003). Brukaren kan knyte seg sterkt til støttekontakten og støttekontakten kan oppleve å bli den einaste venen han har. Det set store krav til den som er støttekontakt og kan vere ei sterk belastning, samstundes som det kan opplevast som veldig gjevande.

Støttekontakten blir for Knut eit første steg mot eit nytt og positivt nettverk. I den første tida er kontakt med eit anna menneske, støttekontakten, nok. Gradvis, over ein to-tre års periode får støttekontakten oppgåva som brubyggjar. Støttekontakten bidrar til at Knut gradvis, i sitt eige tempo får eit nytt og utvida nettverk og igjen etablerer ein positiv kontakt med eigen familie ( jfr Soldal 2005).

Fordelen med individuell støttekontakt er at det gjev grunnlag for ein trygg, nær og personleg kontakt mellom to menneske. Dei blir godt kjende og utviklar eit gjensidig vennskapsliknande forhold. Dette kan seiast å vere styrken med støttekontaktordninga. Relasjonen mellom Knut og støttekontakten blir det sentrale og støttekontakten blir ein av dei få menneska som Knut har nær og jamnleg kontakt med. Den som er støttekontakt må klare balansegangen mellom å gjere hyggelege ting saman med Knut og samstundes vite at forholdet er klart og avgrensa, betalt og regulert i kontrakt ( Fritid med mening 2011).

Å slutte som støttekontakt når forholdet er tett og støttekontakten er forventa å vere ein betalt venn kan vere ekstra krevjande. Når brukaren er så einsam og isolert, kan det å miste støttekontakten opplevast som eit nytt svik. Resultatet kan då bli at brukaren blir enno meir isolert. Då er det viktig at støttekontakten søkjer råd og veiledning. Veiledning  frå fagperson er viktig å få  for alle støttekontakter, uansett oppgåve.  Det handlar også om at støttekontaktar skal ha ein stad dei utan omsyn til teieplikt kan snakke fritt, reflektere og få hjelp til å gjere ein god jobb.

Veiledning og oppfølging

Å vere støttekontakt anten det forventa at ein er ein betalt ven, ein aktivitør eller rollemodell er ei spennande oppgåve. Støttekontakten veks som menneske og lærer mykje både om seg sjølv og om andre menneske. Utfordringar kan gje vekst for støttekontakten. Å vere støttekontakt kan opplevast som einsamt, men som støttekontakt skal ein ikkje vere åleine, men ha ein  kontaktperson i kommunen som bistår, som hjelper, støttar og veiledar. Gjennnom veiledning, informasjon og kurs skal kommunen gje støttekontakten den oppfølging som trengs for å fylle si rolle og utføre det oppdraget støttekontakten er sett til.

Alle som er støttekontakt har rett på nødvendig opplæring og informasjon. Er du støttekontakt og synes forholdet mellom deg og brukar blir utfordrande;  ta kontakt med den i kommunen som er oppnemnd veiledar eller den støttekontaktansvarlege.  

Er du støttekontakt?  Etter å har lese denne artikkelen kan du som er i oppdrag som støttekontakt gjerne ta kontakt med din oppdragsgjevar eller veiledar i kommunen for å avklare kva rolle du har. Ei avklaring om kva som er forventa av deg kan gje deg større tryggleik i arbeidet.

Litteraturliste og lesetips:

Fritid med mening, å være støttekontakt ( 2011) Høgskolen i Bergen på oppdrag frå Helsedirektoratet. 

Kristiansen, I. og Linnerud Egeland, M. (2000): Støtte og kontakt. Fra isolasjon til relasjon. Støttekontakt for mennesker med psykiske lidelser. (Stiftelsen psykiatrisk opplysning)

Soldal K. (2005) Gode hjelpere i Embla 10 (6) s. 26-31

Soldal, K.  A.  (2003) Støttekontakter – Soveputer eller ressurser i velferdssamfunnet? Bergen, Fagbokforlaget.

Sosial- og helsedirektoratets publikasjon frå 2007: Sammen med andre– Nye veier for støttekontakttjenesten.