midtgard.jpgInger Helen Midtgård (bilde til høyre) er koordinator for aktivitetsbasert avlasting i Lindås kommune. Med omlag 13000 innbyggjar er Lindås største kommunen i Nordhordland. I 2005 registrerte sosialtenesta i kommunen om lag 10 barn og unge som ikkje kunne gjera seg nytte av eksisterande avlastingstiltak i kommunen. I plan for psykisk helse 2007 -2010 i Lindås er målet å få i gang avlasting til denne gruppa. Ei slik avlastinga vert nemnd som aktivitetsbasert, og at tilbodet skal gje dei unge eit eigna fritidstilbod i trygge former. I 2007 søkte 14 foreldre om slik avlasting. To til har søkt i 2008 etter at tilbodet kom i gang og vart betre kjent. For 2008 har kommunen lagt inn eit budsjett på 700.000 kroner til tiltaket. Det vert no søkt meir midlar, då det er stort sprik mellom tilbodet og dei behova foreldra og ungdomane har. Den aktivitetsbaserte avlastinga i Lindås er for born og unge frå 10 til 18 år som ikkje kan gjera seg nytte av dei andre avlastingstilboda i kommunen. Det er 15 unge som har slik avlasting.

- Aktivitetsbasert avlasting kan vera vanskeleg å skilja frå andre tiltak som støttekontakt og fritidsklubb. Sjølv om det er familiane som søkjer og har trong for avlasting, har vi mest fokus på at ungdomane skal ha det kjekt og dyrka sine talent og interesser, fortel Inger Helen Midtgård som er koordinator for aktivitetsbasert avlasting i Lindås kommune.

Tilpassa tilbod

Felles for dei unge som får dette tilbodet, er at dei ikkje har hatt avlasting eller at avlastingsbustaden og andre tiltak i kommunen ikkje klarte å gje dei det tilbodet dei hadde krav på. Trongen for hjelp er knytt til lettare psykisk utviklingshemming, psykiatriske diagnosar, åtferdsavvik og høgt aktivitetsnivå. Det er unge med ADHD og Asperger som er hovudmålgruppa i dag. Aktivitetsbasert avlasting er eit prosjekt med utprøving av tilbod, best mogeleg tilpassa brukarane sine behov og interesser. I skissa som Einig for funksjonshemma i kommunen har laga, vert det sett som ein føresetnad at tilbodet skal by på fysiske utfaldingar i natur, idrett og kultur.

Intervjua foreldra

- Tidlegare vart enkelte tiltak ”spesialsydd” til nokre brukarar med hjelp av støttekontakt og avlastar. Det var tungvint, arbeidskrevjande og prega av planlegging frå gong til gong. For foreldra er det å overlata omsorga til andre, å sleppa kontrollen. Det er lettast når tilbodet signaliserer kontinuitet og kompetanse, seier Midtgård. Det viser seg også at foreldra ber om lite avlasting i starten. Dei må gjerne ha hjelp for å søkja i det heile og viss ikkje tilbodet fungerer, gir dei ofte opp og søkjer ikkje på nytt. I Lindås har dei difor lagt vinn på å kartleggja kva denne gruppa unge ynskjer å vera med på. Midtgård har intervjua alle foreldra. Ungdomane får så tilbod ut frå kva dei er interessert i.

Frå fridykking til musikk

- Målet må vera at tilbodet vert så attraktivt at ungdomane vil ta det i bruk. Vona er at interessefellesskapet er viktigare enn alder og diagnose. Gruppene kan ikkje vera for store, maksimun fire. Nokon treng avlasting åleine, understrekar Midtgård. Dei 14 foreldra har til saman søkt om vel 700 timar avlasting pr månad. Så mykje er det ikkje økonomi til, men alle får tilbod om noko av det som er på deira ynskjeliste. Nokon er til dømes med på hyttetur kvar fjerde helg, og er i tillegg med i ei musikkgruppe. Andre er berre med på ein aktivitet som dei er serskilt interessert i, slik som gitarspel.

I fyrste halvdel i 2008 har dei hatt eller kome i gang med kurs i: - breakdance, tre kveldar i vinterferieveke. Det vert eit kurs til seinare i år. - filmklubb, både sjå på film og læra korleis film vert laga og laga film sjølv. - musikkgjeng, med gitar, song og keybord - trommeundervisning - gitarundervisning - hytteturgruppe - fridykking. Det var ein stor suksess, berre siste sjødykkinga manglar. Den kjem når det vert varmare i sjøen.

Kvalifisering av medarbeidarar

Personar som skal arbeida i den aktivitetsbaserte avlastinga, vert spesielt plukka ut til oppgåva ut frå kva kompetanse dei har innan miljøarbeid. Det vert lagt vekt på å engasjera dugande spesialistar innan til dømes musikk, film, foto og dykking. - I tillegg har vi annonsert i avisene og sendt brev til støttekontaktar og andre aktuelle. På eit informasjonsmøte møtte det ni interesserte. I dag har vi ein ”personalbank” på 14 aktuelle medarbeidarar, fortel Midtgård. Alle tilsette både fast og på oppdrag, skal få tilbod om kurs i diagnosar som ungdomane har og korleis aktiviteten må tilretteleggast ut frå gruppa sine spesielle behov. Midtgård reknar med at etterspurnaden etter slik avlasting vil auka etter kvart som tilbodet vert kjent. Ho trur det det vil vera behov for å auka ressursane i 2009 med tanke på aktivitetar som går over lengre tid som langhelgar, tilbod i ferie og meir på vekebasis. - Etter kvart som vi vert betre kjent med brukarane, kan vi også lettare få til gode grupper og meir målretta tiltak som er tilpassa dei det gjeld, seier Inger Helen Midtgård.

Til filmen i Lindås

lindas.jpg

Filmklubben i aktivitetsbasert avlasting i Lindås overtek formannskapssalen i rådhuset på ettermiddag og kveldstid.
På bildet: Støttekontakt Ann Kristin redigerer film medan gutane i bakgrunnen ser på film (Foto: Kristin Rongevær).
Mat må også til. Denne kvelden var det pizza som stod på menyen. Kristin Rongevær, som er leiar for filmaktivitetane summerer opp ein kveld slik:

  1. Vi samlast og snakkar litt om det vi gjorde sist og kva vi kan gjera med dei filmsnuttane vi har laga.
     
  2. Vi går ut, finn ein stad der vi trur det går an å filma. Det er viktig å ikkje ha for lange filmsekvensar.
     
  3. Tilbake på rådhuset et vi litt, ser på det vi har laga og prøver å tenkja ut korleis vi ynskjer å redigera.
     
  4. Jobbar med å settja saman film og lyd o.s.b.
     
  5. Nokon kan jobba med å lage manus eller script.
     
  6. Til slutt planlegg vi kva vi skal gjera neste gong, om vi må ha noko særskild i form for kostyme, musikk, sminke o.s.b.

Vidare vil vi prøva å få besøkt eit filmstudio og snakka med ein ekte filmskapar. Øyvind Sandberg bur i nabolaget og er særs positiv. Vi skal også få besøk av lokale filmstjerner og sjå filmane dei har vore med i.

Oddvar Soldal, frilansjournalist