Fritidsskolen.jpg
Unge afghanarar i Nord-Norge: Gjennom fritidsskolen lærde dei seg norsk gjennom trafikkregler, dykking og andre aktivitetar som dei var interesserte i. Foto:PRIVAT

I 2005 kom det plutseleg ei gruppe på rundt 50 mindreårige afghanske flyktningar, alle gutar, til den omfangsrike kommunen med berre 2000 innbyggjarar. Dei budde i eit eige asylmottak nettopp for denne gruppa, men hadde korkje aktivitets- eller transporttilbod.

Olsen dreiv frå før si eiga bedrift, mellom anna ein såkalla «fritidsskole». Det såg ikkje ut til at flyktningane kunne nyttiggjere seg ein-til-ein fritidskontakt, fortel Olsen:

– Eg kom heim til ein som skulle vere fritidskontakt for ein av gutane, men dei kunne ikkje snakke saman. Dermed blei det til at dei berre sat og kikka på TV.

Kjenne seg trygge

Olsen fekk ideen til korleis ho kunne gi eit betre tilbod til dei afghanske gutane, gjennom Fritidsskolen som ho hadde starta. Ho ville dele dei inn i grupper på 10 gutar, og basere tilbodet på dei gjennomsnittlege fire timane per veke, men bruken av timane blir tilpassa aktiviteten. Men i fritidsskolen tok nokre aktivitetar tre timer, på andre brukte dei ti timar.

– Gutane bar på mange traumer og tøffe erfaringar. Dei var så unge at dei var ikkje skikkeleg forankra i heimlandet, og hadde vore så kort tid i Norge, at dei heller ikkje hadde funne ei hamn her. Derfor klarte dei ikkje å ha mange brikker på spelebrettet samstundes, seier Olsen, og held seg til ein av Reidar Säfvenboms metaforer.

Mykje av det teoretiske grunnlaget for det ho gjer, finn ho att i Sävfenboms bok «Fritid og aktiviteter i moderne oppvekst». Skulle dei ha nytte av tilbodet måtte det skje på ein arena og i ein sosial kontakst der dei kunne kjenne seg trygge, og med ein aktivitet dei hadde interesse for, meinte ho.

– Eg kjøpte ein buss med plass til meg og 16 til, og så appelerte eg til dei gjennom aktivitetar dei syntest var nyttige: Lære å fiske, ro, svømme, og det dei fleste av dei drøymde om: Trafikk og køyring. På det tidspunktet kunne dei knapt lese norsk, sjølv om dei gjekk på norskkurs og hadde bøker. Men dei var ikkje så opptekne av å lese om kven som er konge i Norge! På Fritidsskolen lærde dei norsk gjennom trafikkregler og skilt, eller setningar som som «kor skal vi køyre no?».

– Dei fekk også prøve dykking med våtdrakt, dei som knapt hadde vore i vatn før, og var veldig stolte. «Ikkje gå lenger ut, då kan du drukne!», sa eg, og då kunne vi snakke om kva drukne betyr.

Aktivitetar i det fri

Olsen har yrkespraksis blant anna innan rettleiings- og sosialpedagogikk og frå barnevern og helsearbeid, og hovudfag i samfunnsvitskap. Ho har tidlegare undervist ved Høgskolen i Tromsø, og ho og ektemannen er godkjende både som fosterforeldre og adoptivforeldre.

Alt før ho møtte dei afghanske gutane hadde ho skaffa seg bussertifikat. Eit sjøsamisk gardsbruk som ho og mannen hadde budd på før dei fekk barn, ein mil frå Skibotn, blei no base for aktivitetane. Her kunne gutane vere med og padle, fiske, køyre båt, plante og hauste potet, grønnsaker og bær. Her fekk dei prøve seg i hobbyverkstad, dei byggde gapahuk, bålstader og hytter, var med på bærplukking, sylting og safting.

Dei overnatta i gamme og lavvo, utforska naturen, prøvde skigåing, aking og snøscooter, lærte å bake, og ikkje minst – prate.

– Eg henta dei i bussen to, av og til tre gonger i veka. Vi kunne vere der heile dagen. Eg var ikkje så nøye med tida. Det var ein fordel at eg hadde eit romsleg budsjett, for dette opplegget var mykje billegare enn ein-til-ein fritidskontakt. Dermed kunne eg også lage god mat til dei, fortel Olsen.

I vinterhalvåret blei det mest aktiviteter utafor garden. Dei vitja «Polar Zoo» Bardu og prøvde klatrevegg, riding og motorcross, og deltok på ulike kulturarrangement. Eller vanlege norske aktivitetar, som å ete middag hos ein norsk familie. Og når dei dro på handletur på loppemarknad og prøvde klær, ropte dei gjerne «Mamma, er den fin på meg?», og meinte Inger Marie.

Inger-Marie-Olsen-Fritidsskolen.jpg
Inger Marie Olsen håpar at Storfjord kommune tar opp tråden frå Fritidsskolen, og igjen blir vertskap for einsamståande, mindreårige flyktningar igjen. Foto:PRIVAT

Slik heldt det fram i ein treårsperiode, til gutane blei vaksne og mottaket for mindreårige asylsøkjarar blei lagd ned.

Gutane blei menn

«Er du heime, Mamma? Du må kome ut!» Inger Marie Olsen sit i stova og høyrer nokon rope utanfor. Der står ein av gutane, no vaksen mann, ved sida av sin BMW 1976- modell.

Sidan sist dei møttest hadde han gått vidaregåande skule, fått seg jobb, og var heilt sikker på at han skulle studere til sjukepleiar.

Men slik er det ikkje for alle: Olsen bur sjølv like ved asylmottaket, der dei som ikkje har fått opphaldsløyve, framleis bur. Nokre av dei er i Norge på femte året.

– Ti–tolv stykker går her i bygda. Eg har kontakt med dei enno, dei har blitt venane mine. Dei bur her fordi ingen kjem og henter dei, og fordi det er utenkjeleg for dei å reise tilbake til Afghanistan. No får dei berre pengar til livsopphald, men har korkje norskopplæring eller rett til å søkje jobb. Dei ser at kompisar har fått opphaldsløyve, men ikkje dei. Dette er ressurssterke gutar, som vi har veldig bruk for i lokalsamfunnet!

No er ho i ferd med å flytte attende til Tromsø, for å jobbe med demens i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Sjølv om ho ikkje kan vere med på det sjølv, er ho oppteken av å få Storfjord kommune til å vere vertskap for einsamståande, mindreårige flyktningar igjen, slik at nokon andre kan vidareføre metoden.

– Ei føresetnad er at den som driv det, er genuint interessert i det ho gjer, og klarer å skape tillit!

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.com]

Sist endret: 24.05.2014