Pål jobba som ufaglærd i psykiatrien sidan 1991. Først som vikar, så fast tilsett dei siste ti åra, før han slutta i 2006. Då hadde han vore langtidssjukemeldt og gått på arbeidsavklaringspengar i nokre år. Målet var å få tilbake den gamle arbeidsevnen. Men det gjekk berre ikkje. Han blei uføretrygda i 2012.

Utløyst av skilsmisse

Det var då skilsmissen var eit faktum i 2000, at verda rasa saman for Pål.

- Det skjedde noko med meg psykisk. Eg hadde ein krevjande arbeidsdag på tryggleiksavdelinga på sjukehuset. Der lytta eg heile dagen til pasientane sine problem, men hadde eigentleg meir enn nok med meg sjølv.

Då han blei skild måtte han flytte på hybel. Han trøysta seg med alkohol etter jobben.  Pål, som berre fem månader etter at han begynte i jobben fekk ansvar for medisineringa for tolv pasientar, blei no kalt inn på teppet og fråteken medisineringssertifikatet. Etter kvart  kom  oppseiinga . Då sa minst 50 arbeidskolleger at han ikkje burde seiast opp. Dei meinte at han gjorde ein god jobb, men at han sjølvsagd ikkje kunne drikke samstundes.

På toppen av dei psykiske slaga fekk Pål også  fysiske "trøkk": I 2001 fekk han hjartesvikt på grunn av ein borreliainfeksjon. I 2003 skreiv legen melding til arbeidsplassen om at han måtte få lettare arbeid. Etter hjartet slo seg vrang blei han plaga av panikkangst, og fekk berolegande medisin. Slik var det fram til han slutta i 2006. Då blei han igjen utsett for kroppens luner: Han fekk urinsyregikt i begge beina og hamna i rullestol i ein periode.

Tre månader på avrusing

I 2007 la han seg inn på eit tre- månaders opphald på sjukehus for å få behandling for alkoholproblema.

- Det var eit trygt opplegg utan problem med rus. Eg prøvde å trene mykje medan eg var der. Dei tilsette meinte det var gjort feil ved oppseiinga - etter lova skulle eg fått tilbod om behandling, før eg fekk sparken. Men eg brydde meg ikkje om å gå tilbake , fortel Pål. Undervegs mista han nokre vener. Dei som la all skuld på han, har han ikkje  som venar lenger.

Etter behandlinga blei det til at han isolerte seg heime på hybelen- han fekk angst for å vere blant mange menneske:

- Berre det å gå på butikken, blei eit stort problem for meg. Dette er ein liten plass, og folk ser kva du kjøpar. Men det var ikkje berre fordi alle kjenner alle her. Det var nok også generell sosial angst.

NAV sende han til psykolog, som også greip fatt i måten oppseiinga hadde gått føre seg på. Han meinte at Pål skulle kunne få jobben tilbake.

- Eg ville ikkje - eg var redd for at eg berre ville fåeinsjans til, og kanskje ikkje klare det. Eg ville ikkje gi arbeidsgjevaren gleda av å seie "ka sa eg!", fortel Pål, som synest han hadde eit godt forhold til sin næraste sjef:

- Når ho sa "du er alkoholikar", ville eg ikkje høyre på det. Mitt bilde av alkoholikarar var annleis. Det er folk som drikk heile dagen, meinte eg. No veit eg at du er alkoholikar når drikkingar går ut over kvardagslivet.  Det var ein trøyst då eg høyrde på radioen om ein santitetslege og general som hadde vore i Afghanistan. Då han kritiserte norske styresmakter, mista han jobben, og tok til å sjølvmedisinere seg med alkohol. Det var ein trøyst å høyre at også ein som var så høgt på strå kunne oppleve det!

Gangen i det

Etter sjukdom og eit sjølvmordsforsøk skreiv legen ein henvisning til distriktpsykiatriske sjukehus:

- Eg fekk god kontakt med legen på poliklinikken, og ho fortalde meg om tilbodet i "Aktiv fritid". Men først året etter, i 2013, blei eg med.

I mellomtida hadde Monica Svellingen Hammer ( bildet)  og kollegene vore rundt på ulike  stadar i kommunen for åMonika Svellingen fortelje om "Aktiv fritid",  mellom anna poliklinikken, barnevern, helsesenter, fastlegar og nokre skular. Slik fekk Påls lege greie på det.

Pål valde fotoklubben. Då han var langtidssjukemeld, gjekk han på fotolina på eit tilrettelagt skuletilbod, og likte det veldig godt. Men det blei tøft å kome ut blant folk på fotokurset, sjølv om Monica var med dei første gongane:

- Det var vanskeleg. Eg  skamma meg, og var redd for å treffe kjende. Eg frykta at alle då ville  få vite at eg hadde drukket meg frå jobben, og eg var redd  for kva dei andre skulle spørje meg om. Eitt av dei største framskritta no, er at eg klarer å svare at eg har hatt eit rusproblem, seier Pål, som veit at han ikkje er åleine om å ha slike problem.

I starten , frå august 2013, var Monica med på kurset dei første fire gongane. Så var ho inne med han kortare og kortare tid.

-  Etter det køyrde eg han berre, men var ikkje med inn. Då våren kom sykla han sjølv, men eg køyrde han heim fram til april, sidan det var langt å sykle i mørke dei 11 kilometrane, fortel Monica. No syklar han begge vegar, og til hausten reknar han med å kunne ta buss til kurset, og sitte på med nokon av dei andre heim igjen, fortel  Monica, som no ikkje gjer meir enn å ringe han og minne han på neste møte, og høyre korleis det går. Elles klarer han seg sjølv.

Færre innleggingar

Gjennom aktivitetar der Fritid med Bistand er nytta, har Pål møtt andre deltakarar. Han har også funne fram til eit anna tilbod der dei har matgrupper og reiser på bilturar. Men utanom det sit han mest åleine, eller vitjar yngstesonen sin, som er 15 år. Særleg om vinteren har han dradd seg tilbake. Og når det har blitt lange periodar med dårleg sømn,  har han bede om å bli lagd inn på Psykiatrisk sjukehus. Det har blitt mange korte innleggingar, og Pål  har høve til sjølv å avgjere om han treng det, gjennom ordninga "brukarstyrd seng". Ordninga sikrar fem dagars innlegging utan å gå via lege.  Men det siste året, etter at han starta med Aktiv fritid, har han klart seg utan akuttinnlegging.

- Sjukehuset har skifta diagnose på meg. Dei seier ikkje lenger at eg er alkoholavhengig, men at eg har brukt alkohol som sjølvmedisinering, fortel Pål.

Eldstesonen på 19 har flytta heim dette året, og er ein viktig støttespelar for Pål. Eldstemann  er meir kjend med  faren og sjukdomen.

- Han fekk ofte med seg akuttinnleggjingane. Men han har alltid sett at eg ville endre meg, at eg ikkje ville ha det sånn. På 17. mai i år henta han meg opp til skulen, der eg ikkje har vore med på aktivitetane sidan 2006. Då  kom mange og klappa meg på skuldra og sa "kjekt å sjå deg!" Eldstesonen min  seier "uansett kva folk seier, er du faren min !".

Spennande å følgje

For Monica har det vore veldig spennande å følgje utviklinga til Pål:

- Det er ei ære å få lov å følgje folk når dei strevar, sjå korleis det går, og korleis det kan gå bra. Vi har støtt på mange hindringar, og eg har gjeve han mange utfordringar. Om han hadde trengt korrektiv, kunne eg gjeve det, men det er ikkje nødvendig - han har ein fin måte å omgås folk!

- Kva slags utfordringar gav du han?

- Dei gongane han ikkje ville gå på fotokurset, foreslo eg til dømes å køyre han dit.Så kunne han gå inn, men seie i frå til meg når han ikkje ville meir. Då oppmuntra eg han til å bli litt til. Så var han litt til, og så oppmuntra eg han til å vere endå litt lenger.

- Eg møter i fotoklubben kvar fjortande dag. Eg sa gjerne til Monica "eg blir ikkje inne heile tida!", eller gjorde avtale om å møtast der men kanskje ikkje gå inn.  Men eg hugsar også første gongen eg sa til Monica "skal du ikkje gå snart no?" Men ho ville ikkje gå, for ho syntest også det var spennande!, fortel Pål, og begge ler ved minnet.

Kvinnherad fekk prosjektpengane med øyremerking rus og psykiatri.

Pål  har eit råd om korleis Aktiv fritid bør brukast:

- Det bør brukast førebyggjande - ikkje berre for å hjelpe folk ut av kriser, men for å hindre at dei går inn i kriser. I mitt tilfelle burde det kome like etter at eg mista jobben, eller då eg blei skild og etter jobb blei sitjande åleine i ein mørk kjellarhybel.

På lengre sikt har Pål lyst å stå fram med fullt namn, og sjølv yte noko for å førebygge:

- Eg vil presentere meg på ungdomsskular. Der vil eg fortelje om kva alkohol og isolering kan gjere med deg, korleis det trykker deg ned og øydelegg sjølvbildet. Du er ikkje mindre verdifull som menneske fordi om du har mista jobben eller kjæresten. Men når du har gått over på den sida der du kjenner at du ikkje har noko verde, må det kome nokon å seie at du har det!

Av Ingebjørg Jensen, ingis.jensen@gmail.com