berit_bareksten.jpg
Ei av dei ansvarlege for opplæringsprogrammet og nettstaden ”fritidmedmening.no, Berit Bareksten, Høgskolen i Bergen, har registret at mange har vitja nettstaden sidan han blei presentert i 2011. (Foto: Ingebjørg Jensen)

- Det er første gang faget vårt, i form av eit eige opplæringsprogram, finst tilgjengeleg på nettet. ”Fritid med mening” retter seg mot alle som er opptatt av kva ein støttekontakt er eller kan vere, fritid og deltaking, seier Bareksten, ei av dei ansvarlege for nettstaden.

På nettstaden kan du sjå og høre sju brukarhistorier, lese fordjupingshefte og kursleiarhefte, og utstyrt med eit passord får du også tilgang til rettleiingsheftet.

På nettsida fritidmedmening.no [http://www.fritidmedmening.no/] blir vi møtt med ei menyline og bilete av sju ansikt. Bak ansikta finn vi hovudressursen i opplæringspakka, filmane, der bruker og støttekontakt/ treningskontakt fortel. Filmane er tenkt som triggarar. Vi har lagd inn problemstillingar som utgangspunkt for refleksjon og diskusjon.

Ein meir filosofisk innfallsvinkel finn ein ved å klikke på ”til ettertanke”. På menylina står stikkord som til dømes ”støttekontakten”, ”deltakeren”, ”relasjonen” og ”veiledning”. Når vi klikkar på stikkorda, får vi først ein kort og enkel forklaring. Under ”Støttekontakten” kan vi til dømes lese kva ein støttekontakt er, korleis rolla er definert, og kva typar støttekontaktar som finst.

sigridmelbyehodneboe.jpg
- Hensikta med vidareutdanninga er at studentane skal kunne fordjupe seg teoretisk i det dei jobbar med der ute, seier Sigrid Melbye Hødnebø frå Universitetet i Agder. (Foto: Ingebjørg Jensen)

Vil vi gå djupare inn i emnet, til dømes i kurssamanheng, er det berre å klikke på ”les mer i fordypningsheftet”. Der finn vi ein rikt illustrert brosjyre i pdf-format som kan lastast ned og trykkast opp. Fordjupingsheftet tar for seg tema som kva er ein støttekontakt, ulike typar støttekontakt, ulike typar deltakarar, korleis fylle ut eit rapportskjema eller tips til vidare lesing. Vel vi å lese direkte på nett, finn vi ei rekke klikkbare lenker, som midt i teksten viser til ein av filmane.

Vidareutdanning i organisering og rettleiing av støttekontaktar, avlastarar og frivillige, retter seg mot fagpersonar som er opptatt av tilrettelegging av fritid og deltaking for alle. Målgruppa er sosial-, kultur- og helsearbeidarar, pedagogar og andre med tilsvarande bakgrunn og oppgåver. Når det gjeld desse tenestene, er samarbeid mellom offentlig og frivillig sektor er spesielt sentralt, fortalte Sigrid Melbye Hødnebø frå Universitetet i Agder på årets konferanse.

Studiet kombinerer fleksible IKT - baserte undervisningsformer med tre samlingar på totalt 10 dagar. Studentane arbeider med åtte arbeidskrav i løpet av året, før avsluttande eksamen. Frå 2006 var studiet desentralisert i Bergen, Arendal og Tromsø, frå 2010 i Bergen, Trondheim og Oslo. Frå 2012 er samlingane i Bergen og Oslo.

Hensikta med vidareutdanninga er at studentane skal kunne fordjupe seg teoretisk i det dei jobbar med der ute. Utlysing for vidareutdanninga som startar i januar 2013, kjem i løpet av hausten. Utdanninga er gratis, men arbeidsgjevarane eller studentane sjølv må betale vikar, reiser, bøker og studieavgift.

Ingebjørg Jensen [ ingis.jensen@c2i.net]

Sist endret: 18.06.2012