Moinichen.jpg
Børre S. Møinichen er «Fritid med Bistand»-kurator, og jobbar i barnevernet i Kristiansand kommune. Foto: Ingebjørg Jensen

«Fritid med Bistand»-kurator Børre S. Møinichen jobbar til dagleg i barnevernet i Kristiansand. På konferansen fortalde han om erfaringane pionerkommunen har gjort når dei har sett «Fritid med Bistand» - metoden til Anders Midtsundstrand ut i livet.

FmB-kuratorane bruka tida si på å skape gode koplingar mellom barnevernsbarna og ein fritidsorganisasjon, for så å trekke seg tilbake når kontakten er sikra. Og i større grad enn med andre metodar, blir familien trekt inn, påpeikar Møinichen.

- Dette er eit godt alternativ til andre metodar, til dømes til støttekontakt, som mange ikkje vil ha. Dette verkar ufarleg, ein kan få til rask relasjonsbygging og inkludering, seier Møinichen, som liker metoden av fleire grunner, mellom anna at ein slepp særtiltak, ein har fokus på kva som er mogleg, og heile familien blir trekt inn.

Går trinnvis fram

Det heile startar som regel med ei samtale mellom kuratoren og barnevernsbarnet saman med foreldra. Slik peilar dei seg inn på interessene – og draumane – til barna. Neste trinn blir å ta kontakt med organisasjonen eller klubben der barna kan få utvikla interessa si. Dei skaffar ein kontaktperson som kan legge til rette for brukarane, og følgje dei inn i miljøet og hjelpe med å få kontakt med andre jamnaldringar. Slik blir det klubben sjølv som skal stå for inkluderinga.

- Dette er ein vinn – vinn - situasjon: Klubben får nye medlemmar, brukaren får eit miljø.

- Kor lang tid tar det før de blir overflødige?

- Ofte tar det ein månads tid. Vi blir med dei to-tre gongar. I andre tilfelle passar ikkje det første vi prøvar, så då må vi gå over på eit anna tilbod. Og i nokre tilfelle må vi innsjå at det aldri kjem til å skje nokon reell inkludering, men kanskje dei likevel kan få til meistring og ein betre sjølvkjensle. Vi held telefonkontakt med foreldre, brukar og klubb over lengre tid. Nokre gonger trekker vi inn støttekontakttenesta, men vi kallar dei då aktivitetskontakt, sjølv om brukaren held fram som klubbmedlem.

Nokre solskinshistorier

FmB-kuratorane i Kristiansand har jobba for å trekke foreldra inn i prosessen i størst mogleg grad. Det har resultert i ei og anna solskinshistorie, som då ein far, som sjølv var innvandrar, blei medlem av same klubb som barnet, og til og med engasjerte seg i leiinga. Og Møinichen har opplevd mange foreldre som blir stolte av å sjå kva barnet deira får til i klubben. Nokre gongar blir både foreldre og ungdommen overraska over å bli tatt på alvor:

- Eg snakka med ei jente på 16 år om kva ho kunne tenke seg. Først nemnde ho handball, men når eg spurde om draumen hennar, sa ho «fallskjermhopping». Det enda opp med at ho fekk lære det, fortel Møinichen, som fortel at kommunen støttar opp økonomisk, til dømes til innkjøp av fotballsko, gitar og anna utstyr. Dermed får brukaren ein startkapital som foreldra ikkje har sjølv. Han er glad for at kommunen har ein felles pott til tiltak: Sidan nokre tiltak er dyre og andre billege, kan dei billege subsidiere dei dyre. Kvart vedtak kostar 8.000 kroner årleg, der 5.000 er sett av til utstyr og 3.000 til klubben eller tilretteleggjaren.

Ikkje for alle

Møinichen viser til Øyvind Kvellos bok ”Kompenserende eller kurerende”, og meiner at FmB- metoden først og fremst er kurerande. Men han innser at dei ikkje kan hjelpe alle:

- Nokre kan ikkje nyttiggjere seg metoden. Det kan skuldast psykiske problem, rus, eller andre årsaker. Det kan også vere at det blir for mykje for klubben å handtere. Dessutan er det lett for at vi ubevisst overforbrukar ein klubb som fungerer godt, slik at det krev for mykje av klubben.

Møinichen viser at det er ein prosentvis større del barn med innvandrarbakgrunn i barnevernet, og i ein del tilfelle er det foreldra som hemmar inkluderinga. Særleg har det vore eit problem for jentene:

- Eit døme er ei jente på 13-15 som vil vere med i ein fotballklubb, men som ikkje blir inkludert. Der er gjerne fedrane spesielt mykje på vakt, og då fungerer det ikkje alltid så bra om du viser dei kva det går ut på. Det kan også vere eit problem at vi må bruke tolk. Det kan bli mistydingar, og det kan gjere at det tar lengre tid å kome i gang. For noko av poenget er å hive oss rundt fort, seier Møinichen.

Du kan kome i kontakt med Børre S. Møinichen på e-post: Borre.S.Moinichen@kristiansand.kommune.no

Ingebjørg Jensen, frilansjournalist