Tilrettelegging for tilretteleggaren

Tips en venn Skriv ut

No har travle og opptatte støttekontaktansvarlege i norske kommunar fått ei ny gåvepakke. På fritidmedmening.no ligg det kursopplegg, slik at kommunane i ein hektisk kvardag kan arrangere kurs utan at det krev all verdas tid og førebuing.

Høgskolen i Bergen har på oppdrag frå Helsedirektoratet, og saman med Askøy kommune og Sola kommune utarbeidd desseDei som var med på arbeidsseminaret var: Karen Asheim (Sola kursopplegga.

Under fana for kursleder, finn du tre opplegg. Sjå: http://www.fritidmedmening.no/for-kursholder/

Eit forslag til informasjonsmøte som kan nyttast som mal for
å rekruttere og informere støttekontaktar. Sjå:   http://www.fritidmedmening.no/for-kursholder/informasjonsmote/

Ei kursrekke med 2 ferdige kurskveldar og forslag på ein
tredje kurskveld utarbeidd av Askøy kommune. Kurskveldane har ferdig manus og
powerpoint på bokmål og nynorsk. De kan velje å halde kursa som enkeltståande
kurskveldar eller som samanhengande kurs over tre kveldar . Sjå : http://www.fritidmedmening.no/for-kursholder/kurskveld-om-taushetsplikt/

Eit opplegg for gruppeveiledning av støttekontaktar over
fire kveldar , utarbeidd av Sola kommune. Sjå: http://www.fritidmedmening.no/for-kursholder/gruppeveiledning/

Fint om kommunar som brukar dette materialet kan gje oss ei
tilbakemelding på korleis dei utarbeidde opplegga har fungert. Ta gjerne
kontakt på e-post: inger.helen.midtgard@hib.no

Lukke til med kursing og veiledning.

Av Inger Helen Midtgård ved Høgskolen i Bergen


Tekst til bilde over: Dei som var med på arbeidsseminaret var: Karen Asheim (Sola kommune), Katrine Myklebust (Sola kommune), Grethe Nygaard (Askøy komune), Sølvi Folkedal (Askøy kommune), Berit Bareksten (Høgskolen i Bergen) og Inger Helen Midtgård (Høgskolen i Bergen).