Dral_Himle.jpg
Superjazz under Vossajazz - festivalen skal vere kvalitet og heilskap, verkstad og konsert i samarbeid med profesjonelle musikarar, seier eldsjelene bak, Myrna Dral (t.v) og Solfrid Himle. Foto: Ingebjørg Jensen.

I 2010 fekk musikkglade utviklingshemma på Voss for første gong ein plass på den namngjetne festivalen Vossajazz. Under namnet Superjazz fekk dei vere med på verkstader og konsert med profesjonelle musikarar.

For å få det i hop, måtte det to entusiastar til, som i tillegg til å vere fagfolk på musikk og utviklingshemmingar, er eldsjeler som sette inn dugnadskreftene då kommunen klåmheldt på pengesekk og stillingsprosentane.

Myrna Dral, Vernepleiar og koordinator for støttekontakttenesta i Voss kommune, og Solfrid Himle, barnevernspedagog i 80 prosent stilling, musikkterapeut med 8 prosent stilling kulturskulen, og 12 prosent for PPT ved ein skule. sørgde for at Vossajazz blei eit tilbod til alle musikkelskarar

Vossajazz er ein musikkfestival som har eksistert sidan 1974. Etter kvart blei programmet utvida til å gjelde ei rekke musikkformer. No er det fem undergrupper av Vossajazz; ”Badnajazz”, retta spesielt mot barn, ”eldrejazz”, med konsertar på sjukeheimen og gamle Voss kino, ”UNGjaJAZZja”, for ungdom, blues, jazz, og ”Ekstremjazz”- knytt til ekstremsport, som regel med konsertar på fjellet, til dømes medan hangglidarar landar rundt musikarar og publikum.

- Vi syntest det var viktig å ha eit tilrettelagt tilbod for utviklingshemma innafor Vossajazz, fordi vi er intenst opptekne av denne gruppa. Men også fordi dei må strekke seg veldig langt for å kunne delta i ein slik festival. Sjølvsagd kan dei delta på andre delar av programmet, til dømes Badnajazz, men det er likevel noko som manglar for dei, seier Dral.

Kjerne frå kulturskulen

super.jpg
Supergruppo på Superjazz i Voss Kulturhus mai 2013. (Foto: Myrna Dral)

I 2003 kom Solfrid Himle kom tilbake til Voss etter ferdig utdanning som barnevernspedagog og musikkterapeut.

- Då hadde eg budd i fleire kommunar som alle hadde tilbod til utviklingshemma. På Voss hadde dei berre Dansefoten, eit dansetilbod for utviklingshemma til levande musikk, ein gong i månaden. Elles ingenting.

I vedtektene for Voss kommune står det at dei skal ha musikktilbod for utviklingshemma i kulturskulen.

- Eg skreiv brev om dette i 2003, 2004, 2005, men dei svara alltid at dei ikkje hadde råd. I 2004 hadde eg tatt over ei utviklingshemma som fekk undervisning i felespel i musikkskulen, og det same året begynte eg å jobbe med nokre multifunksjonshemma elevar, for foreldra kjende til meg. Då måtte eg selje inn timane til Voss kommune. Eg tenkte, eg berre viser eit behov som er der, og i 2006 fekk eg lov å begynne med gruppe. Først fekk eg ein 4 prosents stilling, så 8 prosent. Det seier seg sjølv at det er veldig mykje dugnadsarbeid - eg kallar 8 prosent for ”tulleløn” i høve til alt arbeidet – dei utviklingshemma er alle ulike, og opplegget skal tilpassast den einskilde, seier Himle, som no har ein 12 prosents stilling på to elevar, og 8 prosent sett av til arbeidet med 20 elevar i Supergruppo, begge delar innafor kulturskulen. Supergruppo kjem saman kvar måndag, og syng og spelar. Det er dei som sidan skulle bli kjernen i Superjazz.

sang.jpg
Kamp om mikrofonen: Deltakarane i Supergruppo set seg på liste for å få synge i mikrofonen. (Foto: Myrna Dral)

- Vi har utvikla oss til ei veldig samspelt gruppe. Alle får prøve eit instrument, og alle vil synge i mikrofon, helst heile tida! Vi må alltid lage lister over dei som vil synge, og dei sjekkar ofte om når dei får sleppe til.

I 2010 spelte Supergruppo inn plate i et profesjonelt lydstudio, og det blei ei flott oppleving.

Men ikkje berre for dei som alt var med: Frå før var nokre få av brukarane på aktivitetssenteret, med, no inviterte ho inn dei ti andre til å bli med på plata, pluss dei to ho hadde i eigne timar på kulturskulen. Dei hadde sleppefest og alt som høyrer med når ei plate kjem på marknaden.

Frå gymsal til festsal

band.jpg
Karane i rockabillybandet Twang Gang og medlemmane i Supergruppo kjenner kvarandre godt etter mange øvingar og konsertar saman. Solfrid Himle med gitar framme til venstre.(Foto: Myrna Dral)

Dral hadde på den tida brukarkafé for utviklingshemma i den same bygningen som Vossajazz heldt til i. Frå før hadde ho og Himle snakka saman om at Vossajazz burde ha eit tilbod for utviklingshemma innafor Vossajazz. Dei hadde jo ei kjerne, Supergruppo. Ho la fram saka for Trude Storheim, leiar for Vossajazz.

- Storheim var veldig positiv og engasjert, men eg trur ho eigentleg ikkje hadde heilt tru på det i starten. Vi fekk lov, men måtte styre det sjølv, og skaffa sjølv dei fleste frivillige. Vi var veldig oppteken av at dette skulle vere kvalitet og heilskap, ikkje nokon som spelar ”Kum-ba-ya” på gitar, men profesjonelle artistar. Og folk skulle betale for å sjå konsertane. Vi ville ha verkstad først, så konsert.

I 2009 deltok rockabillybandet Twang Gang gratis som musikarar, karar som medlemmane i Supergruppo kjende frå før. Superrjazz fekk støtte av Sparebank1 og Norsk forbund for utviklingshemmede. Som konsertsal fekk dei ungdomsskulens gymsal – med stor parkeringsplass utafor. Alle stolane måtte dei bere inn og ut sjølv. Allereie då kom det publikummarar frå grannekommunane Vaksdal, Kvam og Lærdal.

- Alt var trygt og føreseieleg, og gjekk veldig bra. Men vi syntest ikkje det var kjekt å sitje i ein gymsal. Likevel måtte vi vere der året etter også, då med musikarar som vi følte ikkje tok oppdraget så alvorleg. Vi oppsummerte at dersom vi skal fortsette, må det tas meir alvorleg, også av Vossajazz. Det skjedde: I 2012 fekk vi festsalen på Park hotell, sjølve sentrum for Vossajazz, noko som var veldig viktig for deltakarane. Dei seks musikarane i Brazz Brothers heldt verkstad som var open for alle i to timar. Så var det pause i ein time, før Brazz Brothers og Supergruppo heldt konsert, fortel Dral, så var nøgd med alt, med unntak av lokala.

- Festsalen er litt trong og litt lang, vi ville gjerne ha ein litt vidare sal. Det fekk vi i år, i ”Fraktgodsen”, eit lite kulturhus tilrettelagt for konsertar og danse- og selskapsarrangement. Der vi hadde konsert med Trondheim Voices. Der hadde vi ein slags manesje i midten, og så sat publikum litt opp. Då vi hadde verkstaden tok dei ni songerinnene frå Trondheim Voices med seg elevane i kvar sin ring og øvde på ulike soloparti.

Det var litt eksperimentelt. Medlemmane av Trondheim Voices kom og møtte Supergruppo to veker før for å bli kjende med dei og så kva dei hadde jobba med. Då verkstaden starta, merka vi at ikkje alle visste kvar med skulle. Men etter kvart ble det ein fantastisk konsert med farge og lyd, fortel Dral.

publikum.jpg
Godt pakka: Eit begeistra publikum opplever Superjazz frå trappa i Voss Kulturhus. (Foto: Myrna Dral)

Meir enn eit fritidstilbod

Solfrid Himle er oppteken av at Supergruppo skal vere meir enn eit musikalsk fritidstilbod.

- Når vi øver har vi to grupper på ti medlemmar i kvar. Dei får mange sosiale ferdigheiter av å vere med i gruppa: Dei lærar seg å gi og ta imot ros, og dei lærar seg å velje. Eg kjem med nokre forslag, alltid fleire enn eitt, og så må dei velje songen sin sjølv. Dei må også finne ut kva dei vil ha fokus på i neste konsert.

- Eg prøver å få til opptreden på årsmøte, fagforeiningar, bygdekvinnelag og elles overalt der det går an å få vist oss fram, seier Himle, som etter mange nei har slutta å spørje kulturskulen om lov først. Ho berre set i gang. Dei får gjerne betaling i form av gåver, til dømes gåvekort på pizzarestaurant. Då blir det ein del av den sosiale treninga å gå der og ete opp gåva.

- I år fekk vi overskotet frå jordbruksskuleelevane sitt juleball. Det er sånt som dett inn til oss! Dermed fekk vi råd til å kjøpe T-skjorte med Vossajazz, fekk annonsert konserten, og pengar til å kjøpe blomar. Eg er oppteken med at dei skal få høgdepunktopplevingar, at dei skal ha noko å glede seg til og snakke om på førehand. Supergruppo er kjernen, og så inviterer vi folk i mange kommunar i Hordaland og Sogn og fjordane til å kome. Og det spreier seg jo, blir stadig fleire.

Kvifor utsett dei to eldsjelene eigentleg for dette? For pengane er det ikkje. Men begge to får att ein heil masse glede. Men sjølv eldsjeler brenn ikkje evig. Det er kanskje noko å tenke på for dei som styrer pengesekken både i Voss og andre kommunar.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.com]

Sist endret: 19.06.2013