Inger Helen Midtgard-2.jpg
Inger Helen MidtgårdInger Helen Midtgård, koordinator for aktivitetsbasert avlasting i Lindås kommune. Foto: Ingebjørg Jensen

Humoren var aldri langt vekke under kurset, som trekte seks gutar ut av sofakroken og medan foreldra fekk ein god fristund.

– Desse ungdommane er ikkje lettlurte: ”Kvifor skal eg reise heimanfrå for at dei skal få fred?”, tenker dei, og vi visste at vi måtte tilby dei noko attraktivt. Vi laga ei flott invitasjon, der vi påpeikte at dette var eit unikt tilbod til spesielt utvalde, fortel Inger Helen Midtgård. Ho er koordinator for aktivitetsbasert avlasting i Eining for funksjonshemma i Lindås kommune.

Tilbakemelding frå foreldra

Aktivitetsbasert avlasting blei fast avlastingstiltak i kommunen i 2008. Då hadde sosialtenesta i Lindås kommune registrert om lag 10 barn og unge mellom 12 og 20 år som ikkje kunne gjere seg nytte av korkje avlastingsbustad eller private avlastingsheimar. Planlegging og oppstart blei dekte av øyremerka psykiatrimidlar. Ved oppstart var det 13 brukarar av tenesta, i dag har dei 27 brukarar, dei fleste gutar.

Tilbodet har dei tre faste turgrupper med tre ungdommar i kvar, ein musikkgjeng som møtast kvar måndag kveld, og filmklubbgruppe anna kvar onsdag. I tillegg kjem kortare og lengre kurs, til dømes trommekurs, padlekurs, klatring, brettsegling og dykking. Sjarmørkurset høyrde inn under lengre kurs.

– Nokre av brukarane er lettare psykisk utviklingshemma, nokre har Asberger syndrom, ADHD eller ADD, eller psykiske lidingar. Felles for dei er at dei har problem med å passe inn. Medan dei i skulen gjerne har eit 1-1-tilbod, får dei her oppleve fellesskap med andre som slit med det same, seier Midtgård.

Aktivitetane som er valt ut er basert på tilbakemeldingar frå foreldra, som under kartlegging i 2007 var opptatt av aktivitet og talent heller enn problem. Fleire av foreldra gav uttrykk for at det viktigaste var at deira ungdom var med på kjekke aktivitetar i fellesskap med andre. ” Ei avlasting han gler seg til å gå på”, ”få vere saman med andre, ros og meistringsopplevingar”, ”nokon som kan vere med han på faste aktivitetar- få vener gjennom aktivitetar”, var nokre av tilbakemeldingane frå foreldra. Eit felles trekk hos ungdomane var at dei ikkje ynskte ikkje å skilje seg ut, til dømes ikkje ville vere saman med andre som var synleg funksjonshemma.

Sjarmerande invitasjon

sjarmorskulen.jpg
Med Will Smith og Brad Pitt på invitasjonen blei Lindås-gutane freista til å gå å Sjarmørskulen.

”Unikt tilbod til deg: Sjarmørskulen berre for gutar” står det på invitasjonen gutane fekk før oppstart, illustrert med bilete av supertøffe kjendisar som Brad Pitt og Johnny Depp. Her blir dei freista med at dei på Sjarmørskulen kunne ”lære kunsten å sjarmere”. Her er nokre tema:

”Korleis ta kontakt?”: For nokre av deltakarane er det naudsynt å få ein oppskrift på korleis dei skal te seg, fortel Midtgård: – Til dømes: Korleis er det lurt å te seg når du skal ta kontakt med andre menneske, og ikkje minst, korleis halde på kontakten? Korleis skal eg tolke det når eg har sendt to epostar eller sms- ar, og ikkje får svar? Kor tid skal eg halde opp, etter fem eller ti framstøyt utan svar? Helsesyster Randi T. Hella og psykologspesialist Bjørn Brunborg var kursansvarlege. Dei tok opp emna i dialog med gutane, som også fekk prøve det ut i rollespel. Dei fekk også i ”heimelekse” korleis dei skulle gi kompliment, til dømes til mor eller tante og legge merke til korleis dei reagerte.

”Korleis sjå fin og attraktiv ut?”: Ein kurskveld blei leia av ein make- up- artist, som snakka med dei om korleis dei skal reinse huden, ordne håret, og ikkje minst, korleis kle seg. Etter avtale med ein klesbutikk, fekk dei også kome der etter stengetid for å prøve klede. –

I starten var det litt amper stemning, men om dei gjekk inn litt luta, var dei heilt utbretta og stolte då dei kom ut att! Fleire av dei hadde kjøpt flotte skinnjakker og andre nye klede, fortel Midtgård.

”Korleis verte danseløve?”: Tre av gutane var med på swingkurs den eine helga, og gammaldanskurs den andre, der dei fekk danse med jenter som blei hyrt inn til kursa. Midtgård synest det var trist at berre tre av gutane ville vere med på dansekursa, og skulle ynskt fleire tok del.

”Lær å lage lekker mat for å imponere”: To kveldar laga dei tre- rettars middag, etter at dei sjølv hadde vore med å planlegge menyen og kjøpe ingrediensane. Ein kveld var det skaldyrsuppe og lakserett med dessert, den andre kvelden kylling og pasta med jordbær og is til dessert. På eksamensfesten laga dei til tacopai og tapasrettar. Dei innbedne gjestene var møtt med velkomstdrikk og jordbær dyppa i sjokolade. Eksamensbevis på sjarm

Sjarmørkurset blei avslutta med eksamensfest og eksamensquiz av det humoristiske slaget. På spørsmål som ”Kva er viktig når du treff folk du ikkje kjenner?”, ”Kor ofte er det lurt å dusja?”, ” Korleis veit andre at du har vorte storsjarmør?”. På festen var ordføraren heidersgjest, og heldt tale. Kursdeltakar fekk ta med seg to gjestar kvar. Nokon valte å ta med foreldre eller sysken, ein av gutane hadde med seg kjærasten sin.

I tillegg til ein generell helsing frå kursleiarane til gutane, fekk kvar einskild ein spesiell helsing:

Det veit eg dei sette stor pris på. Dei fekk også medalje og eksamensbevis på at dei er storsjarmørar! Og så drog dei til fotografen og tok eksamensbilete. Fleire av dei hadde på seg dei nye kleda dei hadde kjøpt på den eine kurskvelden, fortel Midtgård, som hadde regien på eksamensfesten. Ho har fått gode tilbakemeldingar etter kurset, ikkje berre frå dei nøgde kursdeltakarane, men også frå foreldre og lærarar:

Gutane fekk ei ny forståing for korleis det er lurt å oppføre seg, og nokre fekk aha - opplevingar når dei såg korleis folk reagerer på ulike måtar å te seg på. Dei var tydeleg stolte over kva dei sjølv hadde oppnådd. Det var ikkje berre avlastande å ha dei på kurset, men det gutane lærte hadde ein avlastande verknad: Både heime og på skulen merka dei at det var lettare å ha med gutane å gjere.

Treng dei eit trinn 2?

Nokre av vil gjerne gå vidare, og har behov for det. For andre ser det ut til at den kunnskapen dei no har fått sit godt. Og nokre vil trenge eit slikt kurs kvart år.

Tekst og foto:Ingebjørg Jensen

Sist endret: 02.07.2010