Anne Kristine Aas og Irene Kjonnerod.JPG
Aas og Kjønnerød (Foto: Ingebjørg Jensen)

Treningskontakt Gustav liker å sykle, springe og gå tur. Roar treng treningskontakt og vil gjerne prøve sykling. I den nye filmen om treningskontaktar frå Hordaland Idrettskrets får vi sjå korleis Lindås kommune fekk kopla dei saman gjennom sykkelgleda.

Filmen om Gustav og Roar og fire andre treningskontaktar blir vist på konferansen 6. juni. Roar var pc- avhengig då han søkte hjelp, og som tidlegare rusmisbrukar veit Gustav kva avhengigheit er. No har Roar rive seg laus frå datamaskinen og har sin fått fast jobb der han ikkje har tid til å gro fast i stolen. Som bonus har overvekta krympa med 20 kilo. Roar har aldri skulka ein einaste treningstime – han står klar og ventar på Gustav kvar gong!

Filmen kan bli ein nyttig og inspirerande reiskap for treningskontaktar frå heile landet, meiner Anne Kristine Aas og Irene Kjønnerød frå Hordaland Idrettskrets.

Sidan 2007 har over 500 menneske delteke på treningskontaktkurs og fleire har stått på venteliste. Ingen stader i landet har dei kursa så mange, og kursdeltakarane seier ofte at dei vil ha lengre kurs. Dei likar kombinasjonen halvparten teori og halvparten fysisk aktivitet, fortel dei to, som heretter vil avgrense seg til fire 40- timars kurs i året, med maksimum 30 deltakarar på kvart kurs. Målet er å ha meir tid til den einskilde kursdeltakaren. Dei held også kurs for kommunetilsette, og Høgskolen i Bergen har også kopla dei inn for å undervise studentar frå fag som idrett, folkehelse, vernepleie, sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi og sosionomutdanning.

Samarbeid for å skaffe treningskontaktar

Kvar dag får Aas og Kjønnerød telefonar frå kommunetilsette som spør om treningskontakt – både korleis dei kan skaffe dei og korleis dei skal organisere det. Då presiserer dei at dei ikkje leverer treningskontaktar, men kan formidle behovet og foreslå aktivitetar, kontaktpersonar og løysningar.

- Kva kan kommunane gjere for å betre administreringa av treningskontaktane, og korleis skaffe fleire?

- Kommunane må bruke media, kommunetorget eller andre informasjonsmåtar for å skaffe seg treningskontaktar til oppdrag. Vi tilrår at den einskilde kommunen lagar system for å administrere treningskontaktordninga, slik at matchingprosessen kan bli enklast mogleg, både for den kommunalt tilsette, treningskontakten og ikkje minst for deltakaren sjølv. I nokre kommunar eller kommunale etatar er det allereie koordinatorar som har oversikt over kven som treng treningskontakt, og kven som kan være ledige for oppdrag, men dette varierer. Vi meiner at fleire kommunar bør tilsette koordinatorar, og dei bør jobbe på tvers av etatane for å kunne administrere ordninga på lang sikt. Kan kommunen og frivillige organisasjonar få til meir formelt samarbeid, vil det kunne lette prosessen med å finne fleire eigna treningskontaktar til oppdrag, og få fleire personar med behov for tilpassing inn i ordinære aktivitetar i regi idrettslag, turlag eller anna. Det er viktig at dei frivillige organisasjonane får meir ressursar, slik at oppdraga kan gjerast til beste for dei det gjeld, seier Kjønnerød.

- Mindre kommunar kan samarbeide, slik dei gjer i Norhordland. Der går Austrheim, Radøy, Meland, Lindås og Masfjorden saman om treningskontaktkurs, og vil i fellesskap jobbe fram løysningar for treningskontaktar til kommunar og idrettslag. Men det er viktig at kommunane verkeleg vil dette, og ikkje berre idrettslaga.Vi oppmoder folk frå kommunane som organiserer treningskontaktane, til å vere til stades på kursa, seier Aas, og minner om at dei treng kurslokale og gymsal, og kursvertar som kan servere te, kaffi og frukt og svare på spørsmål, når dei held kursa ute i kommunane.

Bør dele interesser

Ein treningskontakt skal ikkje vere ein behandlar, men ein treningskompis, ein motiverar eller personleg trenar. Det er viktig at dei matcher i interesser, og då er det grunnleggjande at deltakarane sjølv får formulere kva dei helst vil gjere, understrekar dei to. - Hugs at ikkje alle skal ha treningskontakt! Ikkje alle er motiverte for fysisk aktivitet, seier Kjønnerød, og legg til at svært mange er motivert. Til dømes på Hjellestadsklinikken i Bergen, der rusavhengige får behandling, ønskjer 90 prosent fysisk aktivitet.

– Alle vil røre på seg, men dei må finne fram til det dei likar, og det dei kan gjere saman med ein annan, seier Aas, som ser for seg at neste steg i arbeidet med å finne treningskontaktar, blir å bruke idrettslaga i større grad:

– Ein kan til dømes gi støtte til det idrettslaget som kan ta seg spesielt av Per eller Lise, slik at også dei kan bli med på lagidrett. Kanskje det berre er litt ekstra tilrettelegging som skal til, og så kan idretten halde på fleire, lenger!

– Men når ikkje store kommunar som Bergen klarer å skaffe nok folk, korleis skal små kommunar skaffe treningskontaktar som kan matche ønska frå brukarane?

– Kan ein spele inn til eit idrettslag, treng det ikkje vere så vanskeleg. Ein kan også bruke treningskontaktar utan at dei har gått kurs, dersom dei har erfaring frå idretten dei skal utøve saman med deltakarane. Så kan dei heller ta kurset sidan.

Pengar å spare på førebygging

Ei føresetnad for å engasjere idrettslaga, er at idretten endrar seg, meiner dei to.

–Idretten må vere både for dei som vil satse, og for dei som berre vil ha mosjon eller berre ha det kjekt. Og det bør vere fleire aktivitetar du kan starte med når du er 15, eller 40, seier Kjønnerød.

– Kva med treningskontakt for eldre, eller demente?

Det har vi ikkje foreslått enno, men det er ein god idé. Då vi starta, fokuserte vi på rus, psykiatri og funksjonshemma, men mange kan gjere seg nytte av treningskontakt, til dømes innvandrarar til symjetrening eller hjartesjuke i rehabiliteringsfasen. Dersom eldre til dømes får ein ”spaserven”, vil fleire kunne komme seg ut. Dei treng ikkje gå så langt før ein ser resultata, til dømes ved at mange kan bli buande heime mykje lengre. Det ville vore ei god investering for kommunane, seier Aas. Ho minnast ungdomstida som heimehjelpar, der ho let vaskebøtta stå og drog den gamle med rundt på handlerunde – for første gong ute av huset på tre år. Alt ho trengde var nokon som tok henne med.

– Det offentlege kan spare mange pengar på førebygging. Sjå på Terje frå filmen, tidlegare rusmisbrukar. Han har ikkje vore innlagd ein einaste gong sidan han byrja med treningskontakt. Kvar innlegging på institusjon kostar samfunnet i snitt 10.900 kroner per døgn!, seier Aas, som ikkje vil at kommunane skal få fleire utgiftene når dei sparer staten for innleggingar. Ho set si lit til Samhandlingsreforma, som trer i kraft 1. januar 2012.

– Det dreier seg om store beløp, kommunane skal få rundt tusen kroner per innbyggjar. Tidlegare helseministar Bjarne Håkon Hanssen var oppteken av å kunne premiere kommunar som er flinke med førebygging. Treningskontaktar er nemnd både av Helsedirektoratet og kommunane sine frisklivssentralar. Men då må ikkje pengane berre brukast på ”sjukevesenet”, seier Aas, medan Kjønnerød oppmodar kommunane til å lage ein plan for korleis dei vil bruke pengane, og legge vekt på førebygging. I neste omgang kan dei fordele pengane.

– Jo tidlegare ein kjem inn med førebygging, jo større er sjansen for å lukkast. Spørsmålet er også kvar førebygginga skal gå føre seg, om det er helsetenestene som ”kupper” feltet. Resultatet av førebygging er vanskelegare å rekne på enn forbruk, men etterkvart vil ein kanskje sjå nedgang i sjukefråvær, plagar eller innleggingar, trur Kjønnerød.

Frilansjournalist Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@c2i.net]

Sist endret: 30.05.2011