Eg har jobba som ansvarleg for støttekontkattenesta i Os kommune i om lag 6 år. Vi har som mange andre kommunar slitt med lange ventelister og lita tid til rekrutering og oppfølging av støttekontakttiltaka. Utfordringar ein ofte har ei kjensle av å bli sitjande åleine med. Einsam når tida til rekrutering og oppfølging kryp nedover. Eller når du har gode ideear og bobler over av engasjement for faget ditt, og kjensla over at ingen vil høyre på deg, også stoppar moglegheita til utvikling av fagområdet.

Eg har i rein frustrasjon ofte spøkt med at i år skal eg skrive til julenissen å ynskje meg ein kollega. Og sidan eg er ei snill jente har eg alltid hatt håp om at nissen skal gje meg det eg ynskjer. Men i Os kommune er det mange «snille gutar og jenter» som også skriv ynskjelister, og eg har forstått at «julenissen» ikkje har hatt moglegheit til å gje alle det dei vil ha. Men i år kom julegåva eg har ynskja meg i mange år, og den kom alt i oktober.

Det vil sei at fyrste delen kom alt i mai. Då eg fekk i oppgåve å vere prosjektleiar for eit prosjekt der vi skulle sjå på omorganisering av støttekontakttenesta og samordning av det tilrettelagte fritidstilbodet i kommunen. Eit prosjekt der eg har hatt gleda av å leia ei kreativ og flott arbeidsgruppe med representantar frå ulike fagområder i kommunen.

Arbeidsgruppa har kartlagt tilboda vi har i kommunen og sett på utfordringar knytt til desse, men også potensiale for å gjere noko med dei. Inkludert i dette har vi også hatt fokus på økonomidelen. Der ein spesielt har hatt fokus på koordinering og styring av ressursar med eit mål om å kome ut med ei ei meir effektiv teneste med høgare kvalitet.

I forhold til å komme fram til ein konklusjon har vi også brukt mykje tid på å innhenta informasjon frå kommunar i nærleiken av oss og på landsbasis. Undervegs i prosjektet har vi også hatt god støtte frå leiinga vår i forhold til å sjå viktigheita av arbeidet vårt.

Kort oppsummert så har vi kome fram til at vi i framtida ynskjer å leggje utførardelen av støttekontakttenesta til kultureininga. Som så skal få oppdraga sine frå bestillar- og forvaltarkontoret og barnevernet. Vi skal då gå frå å så og sei berre å tilby individuelle støttekontaktar, til ein modell der vi i tillegg har fokus på gruppeaktivitet og fritid med bistand. Inkludert i den nye modellen er også ein hovedtanke at ein skal få betre rekrutering og kontinuitet gjennom styrka oppfølging av tenesteutøvar. Ut frå innbyggjartalet vårt har vi kome fram til at vi ideelt sett skulle hatt tre fulle stillingar for å kunne gjere ein optimal jobb på alle tre nivåer i den nye modellen vår. Med omsyn til kommunens økonomiske situasjon, konkluderer vi allikevel med at vi også vil kome langt med å opprette 120 % stilling på utførarsida.

I slutten av oktober var prosjektet vårt opp til vurdering i rådmannsgruppa i kommunen og vi fekk klarsignal om å setje i verk den nye modellen vår. Så då kom julekvelden alt i oktober i Os.

Det ordner seg alltid for snille gutar og jenter er det noko som heiter. Så no vil eg oppfordre alle andre som og ynskjer seg endring om å ikkje gje opp håpet om at «julenissen» også skal høyre dine ynskjer til slutt.

Dersom du ynskjer å vite meir om prosjektet vårt kan du ta kontakt med Guri Ljones på tlf 56575212 eller e-post glj@os-ho.kommune.no

Av Guri Ljones