Ei bassenggruppe blir til.

Eg er så heldig å ha nokre handlekraftige, kjekke støttekontaktar i oppdrag i Lindås kommune. Ein av desse, ein ung mann på 21 år, kom til meg i januar 2009 og fortalde at han hadde fått låne bassenget på ein skule. Han er støttekontakt for to gutar i tenåra og lurte på om det er fleire som kunne tenkje seg å vera med i bassenget. Me hadde tidlegare snakka om at han ynskte seg å få kontakt med andre støttekontaktar for å få eit fellesskap og litt nye aktivitetsidear.

Som koordinator har eg oversikt over både støttekontaktar og dei som har støttekontakt og eg kalla inn til eit møte med aktuelle kandidatar. Etter dette starta "Bassengruppa" med symjing kvar torsdag. Leiar i gruppa er den unge mannen som fekk det heile i gang. Etter kvart har gruppa blitt større og no er det inntil 9 gutar som får tilbod om symjing saman med 5-7 støttekontaktar.

Ei rettleiingsgruppe blir til

Alle våre støttekontaktar får ein rettleiar dei kan vende seg til ved behov inntil ein time for månaden. Ikkje alle nyttar seg av dette tilbodet. Likevel fekk eg inntrykk av at desse støttekontaktane kunne ynskje seg ein form for rettleiing og samtale, men ikkje individuelt. Eg tok dette opp med dei og me avtalte at me skulle freiste å få i gang ei rettleiingsgruppe som samlast to timar ein gong for månaden fram mot sommaren. Etter det annankvar eller kvar tredje månad. Alle støttekontaktanei rettleiingsgruppa er saman med gutane i "Bassenggruppa".

Ein kollega som har tatt vidareutdanning i rettleiing tok på seg oppgåva som rettleiar, og me er saman om dette. Me har behandla tema som teieplikt, kva er rettleiing, nye aktivitetar, motivasjon, korleis motivere andre og kommunikasjon. Samtalen går gjerne litt trått i starten, men i løpet av dei to timane rettleiinga varer kvar gong går det lettare. Siste gong var det ein ny deltakar i gruppa. Han er heilt ny som støttekontakt og synest det var veldig fint å få nokre tips og idear til korleis han kunne starte opp. Dei andre i gruppa kunne òg tenkje gjennom sine erfaringar i oppstartperioden og dele desse med han og dei andre. Slik vart dei meir medvitne kva dei gjorde og korleis dei samhandla med den dei er saman med.

Når eg spør korleis dei erfarar desse samlingane er tilbakemeldinga at det er veldig greitt. Dei kjenner kvarandre og at dei kan utveksle idear og erfaringar, på godt og vondt. Dei har òg hatt utflukter saman og planlegg ein tur til sommaren. Dei synest òg det er fint å kunne treffast utan ungdomane dei er saman med og det er mindre skremmande å ta i mot rettleiing i gruppe enn individuelt. Som ansvarleg sørgjer eg for litt frukt og drikke.

Når det vert stilt spørsmål ved kvifor ein skal gje rettleiing i gruppe er argumenta og føremonene mange:

  • Ein får eit nettverk med menneske som heldt på med det same.
  • Ein kan spele på kvarandre sine erfaringar og idear.
  • Det kjem alltid nokon til rettleiinga
  • På sikt kan ein opprette nye aktivitetsgrupper med utgangspunkt i rettleiingsgruppa.
  • Ved å utvide nettverket, kan andre steppe inn som vikar dersom ein ikkje kan og brukaren får eit tilbod likevel.
  • Å vera støttekontakt kan bli mindre einsamt.
  • Ved å få rettleiing og eit utvida nettverk, kan det hende nokon av støttekontaktane står lengre i oppdraga enn elles.

Rettleiing, rådgjeving eller undervising?

Ein kan diskutere om vår gruppe driv med rettleiing, rådgjeving eller undervising. Kristin Soldal ( 2003) skriv at rettleiingfor støttekontaktar inneheldt element av opplæring, refleksjon over handling, støtte og oppmuntring og administrasjon og kontroll. Eg tenkjer at det er ein kombinasjon av dette no i byrjinga og at ein etter kvart kan gå lengre inn i det dei ynskjer rettleiing på. Det eg meiner er viktig er at desse unge mennene kjem saman for å utveksle idear og å snakke om utfordringar dei møter som støttekontaktar. Kva me kallar det er ikkje så viktig då.

God erfaring gjev nye grupper

På bakgrunn av desse erfaringane planlegg Lindås kommune å starte opp to nye rettleiingsgrupper frå hausten. Dette vert grupper der støttekontaktane ikkje kjenner kvarandre frå før, men er støttekontakt for personar med liknande behov og diagnose. Eg har fått signal om at det er ynskje om aktivitetsgrupper for desse "brukarane" og håpar at det kan verte eit resultat av rettleiing i grupper. Eg ser  føremoner både for støttekontaktane, som gjerne har ein einsam jobb, og for dei som mottek denne tenesta som kan verte del av eit fellesskap. Kommunen kan på sikt oppretta aktivitetsgrupper med utgangspunkt i rettleiingsgruppene, noko som kan bidra til ei meiningsfull fritid for enda fleire.

Kristin Rongevær fra Lindås kommune utfordrer med dette Askøy kommuneBlankt kvadrat 5 ganger 5 pixler