17 deltakarane frå ti av 33 Hordalandskommunar samla seg til nettverksmøte i Bergen oktober, kunne fortelje svært ulike kvardagshistorier. Men så er det også stor skilnad i storleik, infrastruktur og økonomi mellom Hordalandskommunane: Frå Bergen med over 360.000 innbyggjarar og 1300 støttekontaktar, til kommunar med nokre hundre innbyggjarar. Kommunane som var representert skil seg også frå kvarandre gjennom måten å organisere støttekontakttenestene: I nokre er det kulturkontoret som held i trådane, i andre i pleie- og omsorgsavdelinga. Nokre kommunar har slått saman tinging/vedtak og utførardelen, andre stader er det delt opp. I storbyen Bergen blei det så uoversiktleg at dei 1. januar 2012 fekk ei sentraleining for å sluse inn alle støttekontakt- kandidatar og legge dei inn i ein databank, slik at dei ulike avdelingane og bydelane veit kor det er folk å hente. Heller ikkje alle kommunane har klare retningsliner for tildeling av støttekontakt.

Ulikt frå kommune til kommune

Ulikskapen stoppar ikkje der: Ei statistikk som blei sett saman på møtet, viser stort sprik mellom kommunane når det gjeld timeløn og godtgjersle for støttekontaktane. Medan nokre følgjer ansiennitetsprinsippet, ligg botnbetalinga på kr. 110 for individuell støttekontakt, med kr.38 for dei som leiar gruppe. I eit døme får miljøarbeidarar som tar støttekontaktjobbar si vanlege timeløn, men ikkje tillegg for helge- og kveldsarbeid. Dei fleste kommunane spyttar i ekstra for å leie grupper. KS-satsane ligg no på kr. ….

Det er også svært ulik praksis når det gjeld dekking av transport og andre utgifter:

Medan ein kommune har dei eit tak på kr.1.400 i månaden som også skal inkludere kilometergodtgjersle, set andre kommunar tak på kor mange kilometerar støttekontakten kan køyre, og det varierer frå 100 til 250 km. Men det finst også Hordaland - kommunar som meiner støttekontaktane berre skal bruke buss, sjølv om det er lange avstandar og få bussavgangar. Skilnaden er også stor når det gjeld utgiftsgrensa per månad: Frå berre kr.200 i månaden, til kr.400 eller meir, alt etter timetalet.

I nokre kommunar er det noko problem å finne noko å gjere for dei støttekontaktane som har meldt seg. Andre slit både med å sysselsetje dei, eller med å skaffe nok støttekontaktar. Dei som er heimehørande i kommunen og kjenner dei fleste, fortalde at dei gjekk rett på for å spørje folk dei trudde kunne eigne seg som støttekontaktar, medan nyinnflytta støttekontakt-koordinatorar hadde god erfaring med å ringe til skulane. Der har staben stort nettverk både blant foreldre og elevar. Men dei fleste nyttar også tradisjonelle metodar, som avisannonsar eller oppmodingar på heimesida til kommunen.

Overbelasting og opprydding

Mange opplever at politikarane forstår ikkje alltid kor viktig det er å følgje opp brukar og støttekontakt. Resultatet er låge stillingsprosentar, eller for få tilsette i høve til arbeidsmengda. I nokre kommunar sparer dei på vikarutgifter når tilsette er i permisjon eller sjukemelding, og dermed veks saksmengda dei gjenverande over hovudet.

Det er heller ikkje alltid tingarane har rekna på kva ulike vedtak kostar, og gir utførarleddet dei ressursane dei treng til å gjere jobben. Likevel hender det at utførarane får på pukkelen fordi dei brukar for mykje pengar, sjølv om det ikkje er dei som fattar vedtaka. I nokre tilfelle har dei ikkje fått vite om at vedtak er gjort, før søkjarane klagar. Men mange av deltakarane kunne fortelje om eit godt og tett samarbeid med forvaltingskontoret. Der blir ingen vedtak blir gjort utan å drøfte søkaren sine behov med utførarane.

I fleire kommunar held støttekontakttenesta no på med å rydde opp og få tenesta på skinner: Dei pløyer gjennom gamle vedtak og finn til dømes eldre med eit godt helseapparat rundt seg med mange støttekontakttimar, medan heimebuande får for lite, eller brukarar i verna bustad, som får rikeleg med støttekontakttimar, medan aleine buandehar fått få timar eller måtte stå lenge på venteliste.

I Stord kommune ( 18.000 innbyggjarar) er det Aud Jorunn Mjånes og ein kollega som gjer ryddearbeidet. Ho er fagansvarleg og er tilsett i eit to- årig prosjekt. Dei samarbeider med Thomas Mikkelsen, som er tilsett i prosjektet "Aktiv fritid" (Fritid med Bistand). Støttekontakttenesta går no gjennom 160 ganske omfattande vedtak og oppdragsavtaler på rundt 600 timar i veka.

Grupper og naturlege møteplassar

Mange fortel om gode erfaringar med å organisere brukarar og støttekontaktar i grupper. Men det er ikkje like lett å i små kommunar, har fleire frå Hordalandskommunane erfart. Brukarane er få, og ofte svært ulike. Det kan også vere vanskeleg å få grupper i langstrakte kommunar med dårleg bussamband, eller i kommunar som i utgangspunktet ikkje vil betale for bilkøyring. Å få til grupper kan dessutan bli vanskeleg fordi sakshandsamarane ikkje har tid til å følgje opp gruppene. Nokre gongar stiller foreldra krav om at barna deira skal vere saman med andre som fungerer på same nivå. Det kan også vere eit problem å skaffe nok folk til å danne ei gruppe. Andre hadde døme på at det er brukarane sjølv som er kresne når det gjeld kven dei vil vere i gruppe med, eller dei vil vere åleine med støttekontakten sin. Då gjeld det å finne naturlege plassar der dei kan møtast, fortalde nokre av deltakarane. I ein kommune løyste det seg då dei fekk fleire unge gutar som ville vere støttekontakt og som samtidig ville møte kvarandre. Dermed tok dei brukarane med seg, anten på aktivitetar eller til møte heime hos kvarandre. Nokre går også ut og eter saman, går på dans og har faste julebord, der støttekontaktkoordinatoren blir invitert! Fleire har også funne fram til samarbeidspartnarar i organisasjonar og lag, der nokre av utøvarane jobbar som støttekontaktar.

Pengar til spennande prosjekt

Det er pengar å hente utafor kommunen dersom ein vil sette i gang spesielle tiltak. Ein av deltakarane kasta seg på kalosjane dagen før søknadsfristen gjekk ut, og fekk kr. 50.000 i prosjektmiddel frå Fylkesmannen. Pengane skal brukast til å betale for støttekontakt som skal samarbeide med ei privat bedrift som sel opplevingar, og skal brukast på ungdommar som har vanskar på sosiale arena. Koordinator for støttekontaktnettverket i Norge, Anders Midtsundstad, nemnde at det også er mogleg å få støtte gjennom "Omsorgsplan 2015", og oppmoda til at fleire kommunar går saman om ein felles søknad.

Eva Riise frå Bergen minna om at det ikkje berre er å søke, ein må også ha ressursar til å sette i gang tiltaka ein har fått støtte til.

- Medan søknaden er inne, har ein pusterom til å tenke korleis pengane skal brukast. Men det er viktig å tenke at ein skal ha god tid før neste løft, svarte Midtsundstad.

Guri Ljones i Os ( nær 18.000 innbyggjarar), har blitt leiar for eit halvårig prosjekt som gjeld omorganisering av støttekontakttenesta og samordning av det tilrettelagte fritidstilbodet i Os.

Frå før jobbar ho med sakshandsaming og iverksetjing av 130 støttekontaktiltak, i tillegg til blant anna å ha ansvar for vedtaka knytt til bufellesskap for utviklingshemma og kommunale og private avlastingstiltak.

- Os kommune har jamt over hatt 40 vedtak på venteliste. Ein fortvilande situasjon å jobbe med over år. Så difor er det no så kjekt at leiinga vår gjev oss rom for handling.

No har ho fullt fokus på omorganiseringa av støttekontakttenesta. Vi jobbar mot ein ny modell der ein ser for seg at kultur blir utførarleddet. Det er behov for tre stillingar på sikt, for å få eit godt tilbod etter ein 3-nivås modell i kommunen, seier Ljones, som no ventar på kva dei avgjer høgare oppe i systemet.

Av journalist Ingebjørg Jensen,epost: ingis.jensen@c2i.net