Helga-Katharina-Haug.jpg
Helga Katharina Haug

 

– Dei tenestene de i kommunane representerar, har ikkje fått den store plassen dei skulle ha, sa Haug til deltakarane på konferansen "Fri tid for alle" 2. juni.- Folkehelsa vil ligge sterkt framme i dei politiske føringane framover. Det vil bli større vekt på å meistring, nettverk og deltaking, det vil seie at å få vere saman med andre sjølv om ein ikkje greier det åleine, seier Helga Katharina Haug, assisterande avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

St.meld. nr. 25, Mestring, muligheter og mening ( 2005-2006), Meld. St. 16, Nasjonal- helse og omsorgsplan (2011- 2015), St. meld .47 Samhandlingsreformen (2008-2009), St. meld. 29 Morgendagens omsorg (2012-2013) og Meld.St. 34 Folkehelsemeldingen - God helse – felles ansvar (2012-2013) varslar aller eit skifte i tenkinga hos styresmaktene, seier Haug.

- No er det den einskilde som skal seie kva dei har behov for. Dei tenestene de i kommunane representerar, har ikkje fått den store plassen dei skulle ha. Og ikkje minst: Det frivillige arbeidet løftast fram no, sa Haug til deltakarane på konferansen "Fri tid for alle 2014".

Det skal leggjast meir vekt på å førebyggje einsemd og isolasjon:

- Fleire einskildmenneske skal oppleve å vere ein del av fellesskapet og få støtte til å handtere utfordringar som kvardagslivet gir. Sosial støtte og medverknad verkar inn på evna til å takle påkjenningar i livet.

Haug gjekk særleg inn på omgrepet "aktiv omsorg", henta frå "active aging", som Verdas helseorganisasjon kallar det. Stikkorda er meir kvalitetsutvikling, forskning og planlegging, betre samhandling og betre medisinsk oppfølging:

- Intensjonen er at tenestemottakaren skal ha høve til å ta del i opplevelingar og aktivitetar i kvardagslivet så langt det lar seg gjere, oppretthalde kontakt med familie og sosialt nettverk, vere i fysisk aktivitet, halde seg orientert og vere aktiv med utgangspunkt i eige engasjement og interesse.

Set brukaren i sentrum

- Morgendagens omsorg set brukaren i sentrum. Kva treng brukaren av tenester på systemnivå? Her er også dei pårørande veldig viktige aktørar, ved sida av støttekontakt, avlasting og frivillige. Ein skal bruke ressursane på tvers, noko som er tydeleg i alle dei nye meldingane. Vi spør kommunane om korleis dei driv avlasting, til dømes kvifor det ser ut til å vere lettare å få ein person inn på tre vekers avlasting på sjukeheim, enn å gi dei fem timar per veke. Og kva treng dei pårørande? Korleis kan vi sette dei frivillige inn i systemet. i samspel med offentlege tenester. Vi skal tenke nytt!

Det er ikkje småtteri som blir lova om morgondagens omsorg:

- Betre og tryggare helseteneste der pasienten står i sentrum, og der pasienten sine behov "skal vere styrande i utviklinga og innretninga av tenestene". Og pasientar, brukarar og pårørande skal medvirke aktivt i å betre tenestene og kvaliteten på tenestene skal vurderast frå deira perspektiv.

- Statsråden er veldig oppteken av at det skal vere brukaren sine helsetenester, seier Haug og viser til at målet i Morgendagens omsorg er å utforme nye løysningar for framtidas omsorg saman med brukarar, pårørande, kommunar, ideelle organisasjonar, forskningsmiljø og næringsliv. Dei skal mellom anna " leite fram, mobilisere og ta i bruk samfunnets omsorgsressursar på nye måtar, utvikle nye omsorgsformar gjennom ny teknologi, nye faglege metodar og arbeidsformar og endringar av organisatoriske og fysiske rammer". Dei skal også "understøtte og styrke kommunane sitt forskings-, innovasjons- og utviklingsarbeid".

Ingegjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.com]

Sist endret: 06.06.2014