turbo.jpg
Treningskontakt Merethe Eikefet og brukar Christine Rahner
Tørrskodd i fellesskap: Treningskontakt Merethe Eikefet og brukar Christine Rahner på tur i Lindås-naturen.

Treningskontakt Merethe Eikefet i Lindås kommune i Hordaland, hoppa av jobben som kartograf då ho fekk ei dotter med CP, og gjennom treninga med henne, fekk ho sansen for å jobbe med trening og psykisk utviklingshemma. Ho sette seg mål å lære dottera å gå før skulestart. Då klarte ho to skritt. I tiande klasse kunne ho gå dei to kilometrane til skulen åleine.

Då dottera flytta heimanfrå, melde Eikefet seg på kommunen sitt treningskontaktkurs. Kunnskapen ho fekk der har ho brukt til å starte opp ei treningsgruppe for menneske med lett psykisk og fysiske funksjonshemmingar. Gruppa vart kalla TUR-BO, kombinasjon av tur og bofellesskap.

På konferansen i Bergen fortalde ho om erfaringane:

- Vi starta med bading i basseng. Då det blei vår, blei det turgåing. Men først kjøpte eg inn skritt-teljarar, for å sjå kor mykje dei var vane med å gå. Dei fekk kvar si notisbok, der eg skriv ned kor mykje dei har gått i løpet av veka.

Frå grusveg til knausar

Etter kvart såg ho at gruppa trengde tøffare utfordringar enn å rusle på ein grusveg: - Vi la i veg på fjellturar. Dette er folk som har eit arbeidstilbod på dagtid, så som regel går vi om ettermiddagane, mellom fem og åtte. Men vi har også gått både fem og sju- timers turar, Eg bærer sekken for dei som ikkje klarer det, og oppi der har eg noko godt: Kiwi, tørka rosiner, gulrøter eller melon. Ikkje snop! Eg har snakka med dei om kosthald, og prøver å lære dei å ete berre litt om gongen. Alle treng dei å gå ned i vekt, og tre av dei fire er medvitne om det sjølv.

Eikefet har merka at dei har blitt interessert i å sjå nærare på naturen – og gir dei tid til å ta blad og maur i augesyn. På vardane lokkar bøker der dei kan skrive inn namna sine. Dei seier heller ikkje nei til våte utfordringar:

- Om hausten, når det ikkje er lenge nok lyst til å gå tur, har vi trena i skulebasseng. Det er betre enn offentlege basseng, fordi vi kan få ha det for oss sjølv. Då utfoldar dei seg mykje meir, gjerne i to timar med symjing og vatnpolo. Då er dei åtte brukarar, pluss to støttekontaktar og ein ekstra hjelpar på land.

Tøffare utfordringar

Alle kunne symje frå før, men nokre var redde for å stikke hovudet under vatn eller hoppe. Bassengturane er så populære, at sjølv når nokon ikkje kan bade, stiller dei gjerne for å hjelpe til på land.

Eikefet veit om eit vatn der ho badar heile året. Ho blei rimeleg imponert då fleire av brukarane blei med på utebading i 16 graders haustvatn,.Då fekk dei ein solbærtoddy som premie etterpå, noko dei ikkje visste om på førehand.

- Dei er alltid spente på kva eg har i sekken, men eg har inntrykk av at det er turen i seg sjølv som er hovudsaka.

Sjølv om turane er motiverande nok, ser ikkje Eikefet bort ifrå effekten av nokre lekre premiar: Ho har skaffa skyggeluer, sitjeunderlag og stormkjøkken, alt frå lokale firma.

- Eg sa til ein av dei: Dersom du klarer å gå 50.000 skritt i veka, skal du få premie. Då sprang han og henta skritt-teljaren!

Trufaste treningskontaktar

- Av erfaringa vår kan andre kommunar lære at det ikkje trengst masse pengar for å få til eit godt opplegg. Det vi treng er trufaste folk, med kunnskap om kosthald og trening, og ei viss erfaring med å vere saman med psykisk utviklingshemma, seier Kristin Rongevær, koordinator for støttekontakttenesta i Lindås.

Saman med Merethe Eikefet har ho sett menneske som ikkje trudde dei kunne gå andre stadar enn på fortauet, tråle terrenget i fleire timer utan å mukke. Andre med sjukleg overvekt har kome ned under faregrensa, og dei snophungrige har skjøna at kos kan vere noko anna enn sjokolade, og ikkje minst: Dei har gitt gruppemedlemmane nærkontakt med den herlege meistringskjensla!

Gruppene blir sett saman av folk som trivst i lag, og som også er nokolunde i same fysiske form. Då er det ikkje så viktig at dei er på same nivå reint intellektuelt, seier Rongevær. No set dei saman nye grupper frå fleire bufellesskap, etter same prinsipp.

- Kva er fordelane med gruppe framfort individuell kontakt?

- Treningskontakt i gruppe er mykje mindre sårbar: Om ein brukar ikkje kjem, så er det alltid nokre andre der. Og det er lettare å bli motivert når du veit at dei andre stiller opp. Dei inspirerar kvarandre: Ein av brukarane har til dømes gått kraftig ned i vekt, og har kome seg ut av faresona for diabetes 2. Klart det er inspirerande for andre med same problem! Og dei får oppleve at ein kan kose seg utan snop – med annan mat, eller med aktivitetane i seg sjølv. Og som bonus og gulrot: Hyttetur på Vikafjellet til hausten.

Ikkje meir i sparegrisen

I desse tider der kommunane vil behalde mest mogleg pengar i sparegrisen, er det lett å mistenke Lindås kommune for å vere motivert av innsparingar:

- Det er klart at individuelle tiltak kostar meir, men det er ikkje det vi har sett etter. Vi er oppteken av å sjå kva som kan auke livskvaliteten til brukarane. Og dessutan: nokre av dei har vanleg støtte- eller treningskontakt i tillegg til gruppetilbodet, seier Rongevær, som no skal evaluere tiltaket i høve til heile budsjettet. Ho skal også skal sjå på tilbod til dei som bur i eit flunka nytt bofellesskap, der alle har fått vedtak om støttekontakt eller treningskontakt. I tillegg vurderer Lindås kommune å setje i gang treningstiltak for dei tyngste brukarane, dei i rullestol og dei med låg psykisk og fysisk funksjonsevne.

- Kva med dei som rett og slett er late og helst vil sitje i sofaen og gomle chips. Skal ikkje dei få lov til det?

- Sjølvsagt! Men det vi ser er at dei fleste vil vere med når dei høyrer om kva dei andre har vore med på. Her er meistringsopplevinga overskrifta!

Kristin Rongevær kan treffast på epost: Kristin.Rongevaer@lindas.kommune.no. Merethe Eikefet kan treffast på epost: merethe.eikefet@gmail.com.

Ingebjørg Jensen, frilansjournalist