Følgende repotasje er hentet fra Høgskolen i Bergen sin etter- og videreutdanningskatalog
Kristine Ellingsen tok utdanningen i 2007, og fikk jobb før hun var ferdig med etterutdanningen. Hun byrja i stillinga som sosialkurator for funksjonshemma i Askøy
kommune på nyåret 2008. Vidareutdanninga i organisering og rettleiing av støttekontaktar, avlastarar og frivillige ved Høgskolen i Bergen var eit av kriteria for å få jobben.
– Eg skal koordinere arbeidet med støttekontaktar i kommunen, og ha kontakt med tenestebrukarane. Rekruttering av støttekontaktar er òg ei viktig oppgåve, seier den nytilsette.
Frå før har Kristine Ellingsen jobba med støttekontaktar i Bergen kommune, og i bufellesskap for funksjonshemma. Ho er utdanna sosionom i tillegg til vidareutdanninga.
Forelesing på dvd
– Det er fleire av kommunane i landet som krev at jobbsøkarane har denne vidareutdanninga dersom dei skal få jobb som koordinator for støttekontaktar, fortel Kristin Andresen Soldal, fagkontakt for utdanninga.
Studiet har tre samlingar på til saman ti dagar i løpet av året. Du kan velje om du vil følgje samlingane i Bergen, Arendal eller Tromsø. På desse samlingane får studentane òg høve til å drøfte faglege problemstillingar, i tillegg til forelesingar.
Resten av forelesingane får du på dvd. Dermed kan du fordjupe deg i faget når det passar best for deg. Dvd’ane inneheld elleve korte forelesingar og dramatiserte situasjonar.
Nyttig med nettverk
I løpet av året skal studentane levere fleire oppgåver, og det gjer ein via nettet.
– Vi rår studentane til å danne grupper ut frå kor dei bor, slik at dei kan samarbeide om oppgåvene. Det kan jo verte litt einsamt å vere nettstudent i blant, seier Kristin Andresen Soldal. Slikt samarbeid har Kristine Ellingsen gode erfaringar med.
– Vi var mellom anna ein liten gjeng som drog på hyttetur for å arbeide med ei av oppgåvene i lag. Det er fint å kunne diskutere tema med andre og høyre andre sine idéar. Og det kjem vi nok til å halde fram med sjølv om vi er ferdige med studiet, for eit slikt nettverk er særleg nyttig å bruke i jobb, seier ho.
Sett klare mål
Kristine Ellingsen råder dei som er interesserte i å ta vidareutdanninga i organisering og rettleiing av støttekontaktar, avlastarar og frivillige, til å setje seg nokre klare mål for kva dei vil oppnå før dei går i gong.
– Ein har stor fridom til å velje retning innafor studiet, og til å skreddarsy innhaldet til jobben din eller områda du er interessert i, seier Kristine Ellingsen.
Sjølv valde ho å fokusere på prosjektsøknad i den avsluttande eksamensoppgåva – noko som er svært relevant i dei fleste stillingar innafor fagfeltet. Ho utarbeidde ein søknad om midlar til å starte opp ein felles samlingskveld for støttekontaktar.
– Det kan godt tenkjast at eg får bruk for denne i min nye jobb, fortel Ellingsen.
Varierte jobbar
– Kva for jobbar kan ein få etter vidareutdanninga?
– Dei fleste hamnar i sosial sektor i kommunane, eller innafor kultur, helse og frivillig sektor. Ein kan tilretteleggje for at folk skal verte meir inkludert og aktive på fritida. Ein kan jobbe i barnevernet, eller med eldreomsorg. Ein kan hjelpe folk som har vore utan jobb til å få sjølvtillit og nettverk gjennom fritidsaktivitetar. Kort fortalt – ein har mange mogelegheiter, fortel Kristin Andresen Soldal.
Om du som leser dette syns denne etterutdanningen virker spennende, kan du finne mer informasjon om studiet her.
Av Anders Midtsundstad