Slike optimistiske utsegn var det mange av i den korte filmen om
"Aktiv på dagtid" i Oslo, som deltakarane på "Fri tid for alle" fekk sjå før dei lytta til
kva dagleg leiar Ingvild Reitan kunne fortelje om opplegget. No kan
Oslo - buar mellom 18 og 65 år som mottar ei form for trygdeyting,
velje mellom treningstilbod 80 timar i veka, heile året, med
unnatak av tre veker om sommaren. Slik får dei trene seg opp
fysisk, kvardagen får meining, de møter andre menneske, og
kjem seg vidare.
Tilbod til alle på trygd
"Aktiv på dagtid"(Apd) er eit aktivitetstilbod i regi av Oslo
Idrettskrets, som finansierast av Oslo kommune og Helse Sør - Øst.
Det starta forsiktig i 1995, og har no avleggjarar i
kommunane Asker, Bærum, Ski, Nesodden, Follo, Fredrikstad,
Sarpsborg, Moss, Askim, Halden, Førde, Florø, Gaular, Nausdal,
Molde og Tromsø.
Deltakarane kan vere på sjukepengar, attføring- eller
rehabiliteringspengar, uføretrygd, overgangsstønad, dagpengar,
økonomisk sosialstønad eller på introduksjonsprogrammet/Ny sjanse.
Målsetjinga er å aktivisere og integrere dei gjennom
ulike idrettstilbod. Ordninga har sju heiltidstilsette
idrettspedagogar i Oslo Idrettskrets. I tillegg kjem 6 - 8
instruktørar på timebasis, som blant annet har spesialtimer som
yoga, qigong og pilates. I nokre tilfelle har deltakarane med seg
ledsager på treninga, anten dei kjem åleine eller i gruppe. Den
største samarbeidspartnaren er "Friskis&Svettis". I tillegg
samarbeider Aktiv på dagtid også med idrettslag, kommunale-
og statlege institusjonar som distriktspsykiatriske sentra og
sjukehus, pasientorganisasjonar og Oslo kommune, som er dei
som spyttar flest pengar i kassa.
- Vi jobbar aktivt mot politikarane i kommunen. Fleire byrådar har
kome til oss. Dei skjønar kor viktig dette er når dei får møte
brukarane, seier Reitan.
I 2009 var det 2324 som nytta seg av tilbodet i Oslo. Kvar dag er mellom 200 - 300 menneske på trening. Talet på treningsøkter har gått opp, utan at talet på deltakarar har auka. Grunn: Dei som trenar, trenar oftare enn før.
Funksjonsnivå avgjer
Det kostar 250 kroner i året å bruke tilboda på Apd:
- Det er ein symbolsk sum, men gir ei kjensle av verde. Mange tør
ikkje bruke så mange pengar på trening fordi dei har dårleg råd,
eller fordi dei ikkje er vane med trening og ikkje veit kva dei
skal velje. Mange held fram med trening etter at dei ikkje
lenger kan trene i Aktiv på dagtid, fordi dei gjennom Apd då har
funne ein idrett som passar for dei, fortel Reitan.
I Oslo er spekteret stort: Helsestudio, salaktivitetar, sykling,
vannaktivitetar, ballspel, klatring, qigong, pilates, nokre gongar
bowling, maraton eller stavgang. Aktivitetane er fordelt over heile
byen, frå vest til aust, nord til sør. Det var kommunen som bad dei
utvide til Holmlia, Grünerløkka og Grorud, og sørgde for
pengane.
- Vi prøver å vere geografisk spreidd på ulike vekedagar. Det er
treningstilbod to stader kvar dag. Deltakarane må kunne trene med
eit langsiktig perspektiv, slik at tilbodet er på ein stad over
tid. Derfor er vi kritiske til kvar vi etablerer oss. Det er
deltakaren sitt funksjonsnivå som avgjør om dei kan delta på
aktivitetstilbodet. Dei må ha eit ønske om å delta, og dei må kunne
omgås andre. Nokre må til dømes vente til dei er i betre
psykisk form. Dei som vil vere med kan møte opp på ein aktivitet og
prøve han ut før dei betaler. Dei som ønskjer det kan få omvising .
Trenaren oppfordrar dei til å prøve seg fram, for å sjå kor mykje
dei klarer å ta i , fortel Reitan.
Ulike kulturar
Det er ei samansett gruppe som deltar på Apd i Oslo: 35 prosent er
innvandrarar, 82 nasjonalitetar er representert. Det blir
ikkje lagd til rette for spesielle grupper, som til dømes muslimske
kvinner eller hjertesjuke.
Deltakarane representerer mange ulike kulturar. Det stille store krav til våre instruktørar, som også må ha i tankane at mange av deltakarane slit. Derfor må vi ha klare rammer. Det har vore konfliktar, til dømes mellom folk frå land som har vore i krig. Det har også vært episodar med baksnakking og mobbing som vi tar tak i med en gang. Vi må vere medvitne om at her er folk som er særleg sårbare, og som har lite overskot til å handtere nye situasjonar. Og det hender vi må seie i frå: "Du er for sjuk til å vere her no", eller vi må vise dei bort på grunn av konfliktepisodar. Det er mange som rett og slett manglar sosial trening, og som må lære normal oppførsel!
Dei fleste deltakarane er mellom 30 og 59 år, og 64
prosent er kvinner:
Kanskje aktivitetane passar best for kvinner? I tillegg trur vi at
forklaringa kan være at menn har høgare terskel for å vere synlege
når dei er ute av arbeidslivet: Mange synest det er skammeleg å
vere på trygd. Men talet på menn i Apd har auka i det siste, seier
Reitan, og viser til at dei også strevar med å få med dei heilt
unge. Ho trur aktivitetane er attraktive for dei, men lurer på om
informasjonen ikkje har nådd ut.
Dei fleste som trener i Aktiv på dagtid er på uføretrygd (50 %) eller på attføring eller rehabilitering (25 %).. Det er no mange som er på tidsavgrensa uføretrygd. Det er positivt, i og med at dei då veit at dei er i ein prosess.
Tala viser at dei fleste deltakarane (55 %) hadde muskel- og skjelettlidingar, nær 17 prosent hadde psykiske lidingar medan nærare 7 prosent hadde diagnosen utbrent. Det var også ein del med livsstilssjukdomar som høgt blodtrykk og diabetes.
Blitt suksess
Det skal vere enkelt å bli med på Apd: Det er berre til å møte opp
og prøve en aktivitet, deltakaren får et registreringsskjema med
giro på 250 kroner. Neste gang må dei ta med kvittering,
dokumentasjon på trygdeytinga, utfylt registreringsskjema og bilde.
Så får dei tildelt deltakarbevis. Dei må også skrive under på
trivselsreglane, til dømes å møte presis, ikkje gå med magen bar og
slå av mobiltelefonen.
Ut frå erfaringane i Oslo, set Reitan opp fleire kriterie for
suksess:
Tilbodet må vere rimeleg, men det bør koste litt. Det må vere
lågterskelaktivitetar, også for dei som aldri har trent før. Det er
positivt at aktivitetstilbodet har en lokal forankring.
Trivselsreglar er viktig for å gi tydelige og trygge rammer. Det er
viktig å ha instruktørar med høg fagleg kompetanse og eit
godt miljø der dei tilsette er samkøyrde. I Oslo har alle
instruktørane til eit felles møte ein gong i veka.
Denne reportasjen er tidligere publisert på nettsiden til Høgskolen i Bergen i forbindelse med konferansen Fri tid for alle. Flere reportasjer fra konferansen kan du finne her.
Av Ingebjørg Jensen