kristin-hatmosoe.jpg
Gutar med autisme og Asbergers syndrom har fått venner gjennom gruppesamvær. I gruppa kjennest det trygt å vere annleis, fortel sakshandsamar Kristin Hatmosø om tiltaket i Kristiansund. (Foto: Ingebjørg Jensen).

Kristin Hatmosø, sakshandsamar, kan fortelje om spennande erfaringar frå aktivitetsgruppa som blei sett i gang i Kristiansund kommune 2009.

Gutane hadde hatt individuell støttekontakt fram til tenåra. Men så begynte det å floke seg til:

- Dei fekk ikkje den utviklinga i sosialisering som dei skulle hatt. Fleire uttrykte at det var flaut å ha støttekontakt, nokre vegra seg mot å møte opp slik som før, eller dei blei ustabile. Då gjorde vi framstøyt ovanfor foreldre til gutar med same problematikken, med fokus på sosialiseringa, og foreslo å samle dei i ei gruppe. Foreldra synest det var ei god idé, og ei gruppe for fem gutar med Asbergers, autisme ADHD eller lærevanskar blei starta opp våren 2009, leia av to støttekontaktar. Alle dei fem gutane skulle over i vidaregåande skule om hausten.

Enorm utvikling

Håpet var at dei skulle få eit nettverk, og litt etter kvart utvikle sosial kompetanse. Og slik blei det: No har gruppa vore stabil i tre år. Blant dei fem var det to gutar som hadde gått på same ungdomsskule i tre år, åleine, utan å finne kvarandre:

- I gruppa blei dei bestevener, og slik blei overgangen til vidaregåande skule lettare for dei. Dei utvikla eit godt venskap, og har vore vener sidan. Men dei utvikla også sosial kompetanse generelt. Vi får tilbakemelding frå gruppeleiarane at deltakarane har hatt ein enormt utvikling, fortel Hatmosø.

Skal andre kommunar ta etter Kristiansund, bør dei vere veldig medvitne i valet av gruppeleiarar, tilrår ho. I Kristiansund blei den eldste gruppeleiaren, som er over 60, handplukka til å leie gruppa. Han har lang erfaring både frå frivillig arbeid og som støttekontakt, men har også tatt utdanning dei siste åra.

- Det er først og fremst dei personlege eigenskapane som er viktige. Leiarane må vere rolege, trygge og stabile, og dei må kunne hjelpe ungdomane med å skape kontaktar. Våre leiarar jobbar medvitne med gutane, både med spørsmål om integrering og med det å vere annleis.

Gruppa er no set saman av åtte gutar frå 16 til 19 år, og to gruppeleiarar. Den eldste har eitt år igjen på vidaregåande skule, men nye har kome til. Hatmosø kan slå fast at dei har fått god trening i å inkludere nye menneske.

Kvart halvår lagar gruppa sin eigen aktivitetsplan. Tanken er at alle skal få i all fall eitt ønske oppfylt. Dei har vore på tur, bowling, på rockemuseum i Trondheim, padla kano og fiska, køyrd med militærkøyretøy, spela paintball, og ikkje minst: Fleire gongar har dei vore i ungdomsklubben for ”vanlege” ungdommar.

- Det var det vanskelegaste for dei. Før unngjekk dei helst slike arenaer som ungdomsklubbar og diskotek, og dei første gongane kjendest det veldig utrygt, sjølv om dei ikkje blei erta eller mobba. Gruppeleiarane held seg i bakgrunnen. Men no snakkar dei med andre ungdommar når dei er det, og vi har fått god tilbakemelding frå gutane.

”Trygt å vere annleis”

”Det er trygt å vere annleis i denne gruppa”, svara ein av gutane i intervju med Hatmosø, som kjem til å legge fram fleire av gutane sine tilbakemeldingar på konferansen: - Dette er gutar som er veldig klar over eigne diagnosar og avgrensingar. Dei set pris på å bli akseptert som den dei er. Nokre av dei er godtfungerande autistar som kan prate, men alle slit med den sosiale biten. No kan gruppeleiar Sigurd Marsteen slå fast at dei har utvikla både sjølvironi og god humor, noko dei har hatt problem med å forstå og klare tidlegare.

I 2010 blei det oppretta ei tilsvarande gruppe for jenter, med den same målsetjinga. Då hadde kommunen hausta erfaring frå gutegruppa på at ein slik form er ein veldig god måte å hjelpe dei til sosial kompetanse.

- Tilbakemeldinga frå foreldre og gutar er at dei har fått ein heilt ny kvardag. Alle som kjem inn, har funne minst ein nær ven. Alle finn nokon

- Kva med konfliktar?

- På det første treffet, ute i skogen med fiskestong og pølser, sette dei opp trivselsreglar saman. Gruppa har hatt utruleg få konfliktar. Då har det vore litt fleire tendensar til det i jentegruppa, der nokre av og til vil halde andre utafor.

- Jentegruppa har fire deltakarar. Er det medvitent at det ikkje er eit oddetal i jentegruppa?

- Det har vi ikkje tenkt på i utgangspunktet. Men vi er nøye med å ikkje ta inn for mange nye samstundes, og gruppeleiarane passar på at ingen blir haldne utafor. Dersom det kjem ungdommar med store åtferdsvanskar, må vi vurdere om dei passar inn i ei gruppe i det heile. Vi har planar om å starte gruppeaktivitetar både for yngre barn og for meir utagerande barn, eller grupper bygd opp rundt spesielle aktivitetar, som hestar eller symjing.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@c2i.net]

Sist endret: 31.05.2012