Fritid med Bistand (FmB) starta som ein del av kommunalt rus- og rusførebyggjande arbeid, men no blir metoden også brukt for deltakarar med til dømes lettare utviklingshemming og psykiske problem. 

Aktiv fritid starta opp med  fem kvinner med solid fagleg ballast: Fagansvarleg for Aktiv fritid, Ingvild Marie Hilde, er ergoterapeut med vidareutdanning i støttekontakt og frivillig arbeid ved Høgskolen i Bergen. Olaug Bakke er også ergoterapeut, og held på med videreutdanning innan tverrfaglig rusproblematikk ved Høgskolen i Stord/Haugesund. Same utdanninga har Veronica Torkildsen Thorsen, som frå før er sjukepleiar. Monica Svellingen Hammer og fritidskoordinator Linn Stene Hellås er sjukepleiar med tverrfagleg utdanning i psykisk helsearbeid,

Fleire i grupper

Då prosjektet " Aktiv fritid for alle Kvinnherad"  starta, nytta ein tilskotsmidlane til tre årsverk som brukte metoden FmB. Årsverka var fordelt på dei fem  i kombinerte stillingar. Men under ei kommunalomorganisering i 2013 blei dei tre stillingane krympa til ei, fordelt på tre tilsette i "Aktiv fritid", som utførarleddet blir kalla i Kvinnherad. Reduksjonen fekk konsekvensar: No har dei ikkje kapasitet til å bruke FmB på dei under 18 år som kunne hatt nytte av metoden.

Med ei stilling til ville det vore mogleg å få til igjen, meiner Hilde, som blei  kjend med metoden under vidareutdanninga ved Høgskolen i Bergen i 2010. Det førde til at kommunen søkte og fekk støttemidlar frå Helsedirektoratet, og etter kvart sette metoden ut i livet. Resultatet kan ein til dels lese ut av tala frå vedtak om støttetiltak: Medan dei i 2011 hadde 115 enkeltvedtak om støttekontakt, er talet no nede i 93.

- Betyr det at bruk av FmB også svarer seg økonomisk?

- Fritid med Bistand er eit førebyggjande tiltak. Vellukka førebygging er alltid samfunsøkonomisk, men kan ikkje registrerast i tal. Eit døme på at det kan svare seg samfunnsøkonomisk, er at  "Pål", som før blei innlagdt på psykiatrisk kvart år, no ikkje har vore innlagd på over eitt år. Det å ha ein støttekontakt i årevis kostar også pengar. 

Møysommeleg prossess

Kvinnherad har vore ein pioner når det gjeld å skipe til fritidsmesse. Sidan 2012 har "Aktiv fritid"  halde to fritidsmesser i Husnesshalllen, der foreiningar og lag får vise seg fram.  Andre kommunar vender seg no til dei for å høyre korleis det skal gjerast. Litt av hensikta er å få fram kva aktiviteter som finnst, og bli kjend med organisasjonane. Kommunen sine 14.000 innbyggjarar frå den 6 mil lange kommunen er invitert. Elevane frå ungdomsskulane får komme i skuletida.  

Linn Stene Hellås som var prosjektleiar i 2012, jobbar no 30 prosent med FmB.

- FmB er ein møysommeleg prosess, men den skaper motivasjon og håp. Det er viktig at vi kjenner nærmiljøet godt. Det er også ein av grunnane til at vi  arrangerer fritidsmessa, seier Hellås.

Samhandling på tvers

Dei tre som no delar eitt årsverk mellom seg, har ei rekke andre oppgåver i tillegg, til dømes som informatørar iMonika, Linn og Ingvild Marie MOT.MOT er ein haldningsskapande organisasjon som arbeidar for og med ungdom, der målet er å bidra til robuste ungdomar og trygge ungdomsmiljø.  Alle dei fem på avdelinga jobbar med MOT.

Hilde meiner at omorganiseringa opnar for betre samspel med fleire, til dømes å samkøyre grupper med frivilligsentralen, og ungdomssenteret.

-  Det hadde vore kjekt å få arbeidet med FmB for dei under 18 i gang igjen. Gjennom MOT får vi oversikt over ungdomsmiljøa, og blir kjend med ungdommane. Vi skal til dømes vere innom kvar ungdomsskuleklasse fem gongar i året. I vår evaluering av omorganiseringa  ynskjer vi å få dei yngste inn i prosjektet igjen,  og få eit betre samarbeid med verksemda der tilrettelagt fritid for dei under 18 år er organisert.

" Korleis kan vi spele inn mot frivilligsentralen?" " Kan våre deltakarar kome inn der, til dømes i rusleturgruppa eller i arbeid i Kulturkafeen?" " Kan ein frivillig ta dei med på desse aktivitetane?" Slike spørsmål stiller dei seg i Fritidseininga.

- Vi har deltakarar som har vedtak om støttekontakt og går på trening, kafé og ruslegruppa knytt til frivilligsentralen. Kan vi bygge meir på kvarandre og bruke dei tilboda som alt eksisterer? Eg trur vi  har blitt flinkare til å tenke alternativt. Då eg starta i 2010, sat eg åleine med dette. No jobbar vi i team og kan diskutere med kvarandre på fritidsavdelinga, og i Aktiv Fritid, seier Hilde.

Løfte trivsel og helse

Sidan starten i 2012 har det vore rundt 45 deltakarar i prosjektet  med FmB. No jobbar Aktiv fritid med 12 deltakarar i ulike fasar, fordelt på fleire grupper. Ni av dei er kvinner, tre er menn. Vedtaka gjeld for eitt år, men nokre får forlenga, oftast med eit halvt år om gongen. Dei har to treningsgruppe  i samarbeid med  rus- og psykiatritenesta, ei på kveldstid med base på eitt av dei tre aktivitetssentrene i kommunen, og ei friluftsgruppe på dagtid. Nokre av dei med vedtak, andre utan. Dei driv også ei kvinnegruppe  med  utgangspunkt i hest og hestehald.  På garden sin  har sjukepleiar Kari Ersland og to medhjelparar drive hestekurs med ei terapeutisk tilnærming  sidan januar, for tre kvinner med psykiske og fysiske lidingar, fortel Hellås:

- Vi får fantastiske tilbakemeldingar: Kvinnene opplever meistring og får sosial kompetanse. Når dei lærer å snakke meds store, varme dyr, lærer dei også å snakke med menneske. Dei lærer å bruke kroppsspråk og vere tydelege: Med ein hest må du vise at det er du som bestemmer og ta kontroll over situasjonar.  Ei kvinne med angstproblematikk seier at ho no tør vise folk kva ho kjenner, og sjå dei inn i augo. "Tenk at eg tør å snakke høgt i ei gruppe, det er første gong for meg!"

- Vi har mange gode resultat med bruk av metoden Fritid med Bistand. Dei beste resultata ser vi hos personar over 18 år. Dei står lenger i aktiviteten, og kjem seg ofte vidare i utdanning eller jobb, seier Hilde, som legg stor  vekt på lovverket sine ord om folkehelsearbeid:

-  Det handlar om samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremmar helse og trivsel hos innbyggjarane, og som førebyggjer psykisk eller somatisk sjukdom, skade elle liding. Vi i Aktiv fritid har å gjere med  personar som har eit behov for hjelp på fritidsarenaen. Vi kan hjelpe dei til å gjere dei aktivitetane dei ønskjer og drøymer om, og slik minske gapet mellom dei og andre. Då løfter vi både trivsel og helse.

Bildet: Frå venstre Monica Svellingen Hammer , Linn Stene Hellås og Ingvild Marie Hilde.

Tekst og foto av Ingebjørg Jensen