Gjesteblogg nr 3/2012

Kva kan unge med Asperger syndrom læra oss om fritid?

Tips en venn Skriv ut

Det ligg gjerne ein nyttetenking bak fritid for funksjonshemma. I arbeidet med masteroppgåve gjorde Inger Helen Midtgård nokre oppdagingar som gjer at ho spør seg kva unge med Asperger-syndrom kan læra oss andre om fritid?

Eg har i mange år arbeidd innan fagfeltet tilrettelegging av fritid for andre. I denne bloggen vil eg skriva nokre inger helen stort litetankar etter ein studie eg har gjennomført, om fritid for unge menn med Asperger syndrom. Mitt fokus då eg starta var å finna ut korleis dei unge såg på si eiga fritid. Korleis presenterer dei seg sjølv, og korleis samsvarar det med den vanlege presentasjonen av menneske med Asperger?  Eg snakka med ei gruppe på tre unge menn med Asperger-syndrom, dei fortalte om si fritid til oss andre og me diskuterte deira fritid i fellesskap. Dei valde sjølv korleis dei ville presentere fritida si for oss og hadde kvar sin kveld til disposisjon. I den innleiande runden diskuterte me kva fritid var og korleis dei forstod fritid. Utsegner som "det som er utanom bunden tid, når ein ikkje har noko å gjere" var framme, det vil seie fritid sett som restkategori, når det viktige og obligatoriske er gjort. Men også det å « slappe av» og det at « hobby er fritid».

Ein annan del av studiet var å lesa seg igjennom metervis med bøker der fagfolk og ekspertar skriv om menneske med Asperger syndrom, for å finna ut korleis menneske med Asperger vart presentert. Den medisinske forståinga av Asperger-syndrom peikar på at menneske med Asperger-syndrom har det som vert kalla særinteresser eller spesielle interesseområde. I faglitteratur vart menneske med Asperger framskrivne som sære, einsame og isolerte. Eit av diagnosekriteria for Asperger-syndrom er å ha : « et begrenset, stereotypt, repetivt repertoar av interesser og aktiviteter" (WHO 2010). Eit av trekka som skiljer mellom ein hobby og ei særinteresse i klinisk forstand er ifylgje Attwood (2008) ein abnorm grad av intensitet eller fokusering på  interessa. I faglitteraturen vart, slik eg såg det, menneske med Asperger-syndrom, fråtatt retten til å ha fritid.

Korleis presenterer dei unge si fritid? I presentasjonane fortel dei med stoltheit til kvarandre om si eiga fritid. Dei toskattekiste som lytta til presentasjonen den tredje hadde, viste interesse og anerkjenning, sjølv om dei ikkje hadde same fritidsinteresser. I all hovudsak er den fritid dei sjølv fortel om, den frie tida, det vil seie den tida dei rår over sjølve. Fritida er den tida dei deltek på eigne vilkår anten åleine, til ein viss grad i sosiale medier, eller saman med få andre. Fritid for dei unge er dei konkrete aktivitetane dei driv med. Dei unge syner stor kompetanse på sine interesseområde. Aktivitetane dei presenterte var varierte, samstundes som dei også hadde ein hovudaktivitet. Dei har ei fritid som er både variert og spesialisert. Ei hovudinteresse men ikkje abnorm slik Attwood (2008) skildrar. Dei tre unge presenterer fritida si som noko dei nyttar til det dei er mest interessert i. Dei dyrkar sine interesser og ser ut til å vere upåverka av forventningar frå andre.

Aktivitetane dei driv med på fritida kan kategoriserast slik; dei tek mykje plass og dei tek mykje tid. Fritidsaktivitetane deira betyr mykje og er difor dyrebare. " Det svir" sa den eine av dei som uttrykk for at det var dyrt,  pengar vert brukt til det som er viktig. Dei tre prioriterte også det dei hadde til rådvelde av pengar i fritida, fritida er såleis kostbar for dei. Fritida deira kan seiast å vere dyrebar og kostbar.

Alle sa seg nøgde med den fritida dei hadde og gav ikkje til kjenne noko ynskje om endring. Dei tre unge presenterer seg som alminnelege, unge og kompetente på sine fritidsinteresser, med ei innhaldsrik og variert fritid. Det er det uttrykket dei gjev og formidlar. Dei er "herleg" opptatt av det dei driv med.

Ingen av dei fortalte om organiserte fritidstilbod, i sine presentasjonar. Rambøll (2008) peikar på at for dei "ikkje synleg funksjonshemma", der Asperger-syndrom høyrer heime, vert det organiserte tilbodet sett på som mindre godt, ut frå vanskar med å fungere i ein gruppe-situasjon. Også tilrettelagd fritid vart av dei unge nemnd som ein parentes. Dette skjer etter at eg spør om det er noko dei har gløymt, då seier den eine " å ja, så er eg med i den der turgjengen". For meg som har til oppgåve å tilrettelegge fritid for andre vart dette interessant. Eg oppdaga til mi glede at desse unge har evne til å etablere si eiga fritid. Samstundes gjev studien ingen svar på om det kan vere slik at godt tilrettelagd fritid har positiv innverknad på god eigen fritid og motsett.

Det me driv med på fritida fortel kven me er, kva me heldt for verdifullt og korleis me gjer ein forskjell. Fritid kan me sjå og forstå på ulikt vis. Nokon meiner det er den tida du har fridom frå noko eller nokon, det vil seie den tida du kan disponere som fri, den frie tida. Andre att, ser fritida som eit arbeid; du er fri til å velje men vala du gjer er tufta på kor du er plassert i høve til din tilgang og posisjon til økonomiske, kulturelle, sosiale og politiske ressursar. Dei peikar på at du har fri, men ikkje fridom til å disponera fritida slik du vil.

Innan psykologien har opplevd fritid vore assosiert med mentale tilstandar og ord som livskvalitet, motivasjon, tilfredshet og flyt. Csikszentmihalyi (1990) skildrar flyt som det genuine i fritid, ein sinnstilstand der mennesket er så opptatt av kva dei gjer at ingenting anna tykkjest å bety noko. Det er ei så optimal oppleving at ingenting anna er viktig, ein gløymer tid og stad og er i eitt med aktiviteten. Det handlar om kjensla av herrevelde over eige livsinnhald, om det me kallar lukke. Dei tre unge fortel alle om flyt opplevingar i sine presentasjonar.

Innan fritid for funksjonshemma er nyttetenking sentral. Fritida skal ha ein kompenserande funksjon og rette opp feil og manglar, tilrettelagde tenester kan også leggje restriksjonar på korleis menneske med funksjonshemming kan forma si fritid. Nyttetenkinga kan overskugge og hindre funksjonshemma unge i dyrka sine interesser.

Det kan sjå ut som om desse tre unge ikkje tykkjest vere så opptatt med kva andre meiner er godt for dei. Dei " gjev katten i" den nyttige fritida og kva som er samfunnskapte forventningar. Fritid for dei tre unge eg har møtt er meir som ei frikopling frå alt, fri frå miljøterapeutar, spesialpedagogar og foreldre sine tankar om kva dei har godt av. Kan hende kan me forstå det slik at det nettopp er føremoner med å ha Asperger-syndrom som gjer at dei tre unge er i stand til å få ei så god fritid?

Kva kan så unge med Asperger syndrom lære oss om fritid? For meg har denne studien ført til fleire interessante oppdagingar. Det eine er deira eigenpresentasjon som motseier det vanlege inntrykket av menneske med Asperger-syndrom. Det andre er å oppdaga at desse unge er i stand til å organisere si eiga fritid og at den dyrebare og kostbare fritida dei presenterer, er den dei skapar sjølve. Eg let meg også glede over at dei er så tilsynelatande upåverka av forventningar frå andre om "riktig" fritid. Møta med dei tre unge har gjeve meg nyttig lærdom som tilretteleggar av fritid; det er det som har verdi for den enkelte me må ta utgangspunkt i, ikkje kva dei har godt eller nytte av.

Er du interessert i å lese heile mastergradsoppgåva ta kontakt på e-post: inger.helen.midtgard@lindas.kommune.no

Referansar:

Attwood, T. (2008). Særinteresser. Aspergers syndrom. Danmark, Dansk psykologisk forlag: 215-252.

Csikszentmihalyi, M. (1990). Några steg mot en berikad livskvalitet

Flow, den optimala upplevelsens psykologi. Stockholm, Natur och kultur.

Kunnskapsdepartementet (2008). Kartlegging av fritidstilbudet til barn og unge med nedsatt funksjonsevne. Oslo, Rambøll management.

Midtgård, Inger Helen ( 2011) Fritid for unge med Asperger-syndrom: Ei skattekiste?

Mastergradsoppgåve i samfunnsarbeid, Høgskolen i Bergen, Institutt for vernepleie og sosialt arbeid

Bilete:

Bilete "Skattekisten" er ein illustrasjonen frå mastergradsoppgåva teikna av Marit Midtgård og basert på dei fritidsinteressene dei tre presenterte.