riise.jpg– Innhaldet i kursa og dermed utbyttet, har mykje å seia for å halda på støttekontaktane. Det er viktig å setja av nok tid til samtale og oppfølging. Støttekontaktane må få kjensle av å bli tekne vare på.

Eva Riise i Fyllingsdalen bydel i Bergen har lang røynsle med å arrangera kurs for støttekontaktar og deler meir enn gjerne erfaringane sine med andre.

Riise sto bak det fyrste støttekontaktkurset i bydelen i 1998. Då brukte dei Norsk Fjernundervisning sin kurspakke frå 1991 som utgangspunkt.

– Vi har prøvt oss litt fram og laga litt eigne vriar. Problemstillingane som vert tekne opp i filmepisodane, er framleis like aktuelle. At dei medverkande sine hårsveisar og klesmotar får oss til å dra på smilebandet, gjer stemninga avslappa og triveleg, kommenterer den røynde sosialarbeidaren.

Tre timar, tre kveldar

Riise understrekar at det er viktig å førebu kursa godt. I den store Fyllingsdalen bydel samarbeider avdeling for psykisk helse og Fyllingsdalen botjenester for utviklingshemmede om kursa.

Innføringskurset går over tre kveldar og varer tre timar kvar kveld. Dei som er med på kurset, får betalt som støttekontakt. – Vi sender invitasjon til alle som er støttekontaktar i bydelen. Erfaringa vår er at kursa vert betre for alle når det er både erfarne og ferske støttekontaktar med på kurset, legg ho til.

Første kveld

 Teieplikt og etikk er eit svært viktig tema som vert teke opp første kvelden. – Vi brukar ein profesjonell førelesar som tek opp all sider ved teieplikta. Erfaringa vår at det er nyttig å ta opp dette temaet i starten, slik at støttekontaktane kan retta seg etter teieplikta frå første dag, seier Riise.

Viktige punkt som støttekontaktar må vera bevisst på, er:

  •  Teieplikta inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege forhold rundt den du er støttekontakt for.
  •  Teieplikta gjeld også etter at du er ferdig med oppdraget.
  •  Teieplikta kan berre opphevast av brukaren sjølv, pårørande eller verje.

Andre kveld

Utfordringar og dilemma i arbeidet som støttekontakt vert teke opp i gruppearbeid og diskusjonar.

– Vi viser innspelte episodar der ulike karakteristiske situasjonar kan sjåast på gong etter gong. I tillegg fortel vi om erfaringar frå eige arbeid. Då er det godt å ha lærdomen om teieplikt med seg, seier Riise.

I denne delen av kurset er godt gruppearbeid og nok tid til utveksling av synspunkt grunnleggjande.

Tredje kveld

Støttekontaktane får presentert ulike aktivitetar og tilbod i kommunen som støttekontakt og brukarar kan vera med på. Det vert også informert om praktiske tilhøve og plikter som støttekontakten har.

– For å fram brukaren sitt syn, har eg eit intervju med ein brukar som har lang erfaring med å ha støttekontakt. Då tek vi også opp at det er brukaren sine behov og interesser som skal leggjast vekt på i støttekontaktforholdet, seier Eva Riise.

Pakke med grunnkunnskap

Eva Riise er oppteken av at alle som arbeider som støttekontakt, må ha eit minimum av informasjon om arbeidet.

– Ein slik tre kveldars pakke kan vi sentralisera i Bergen kommune og gi til alle, uansett kva bydel dei er støttekontakt i, meiner Riise som igjen legg vekt på at det viser seg at støttekontaktane vert meir interesserte og gjer ein betre jobb når dei får møta og utveksla erfaringar med andre.

– Det er viktig å ta godt mot dei. Å dela på god mat og sitja saman rundt eit bord er alltid ein god arena for samhandling, seier Riise.

Dei som vil vita meir om kursa i Fyllingsdalen, kan nytta adressene: Fyllingsdalen bydel, avdeling for psykisk helse, Eva Riise, epost: eva.riise@bergen.kommune.no.

I Fyllingsdalen botjenester for utviklingshemmede kan Grete Tvedt Oftedal, epost: gretetvedt.oftedal@bergen.kommune.no, og Nina Lilledrange, epost: nina.lilledrange@bergen.kommune.no, kontaktast.

Oddvar Soldal, frilansjournalist

Sist endret: 28.09.2007