Gjesteblogg nr 11/2011

Gudstenesta - kan det vera noko å skriva heim om?

Tips en venn Skriv ut

Gudstjenestens betydning for utviklingshemmede er tema i årets siste blogg. Leif Arne Økland skrever her med utgangspunkt i en mastergradsoppgave.

leif arne bloggJula nærmar seg med stormskritt og nordmenn sine behov for tradisjonar aukar i takt med lengda på dei mørke dagane. I jula går forholdsvis mange av oss til gudsteneste også.   

Underteikna fekk i juni 2011 godkjent ein master i diakoni, ved Det Norske Diakonhjem. Problemstillinga som låg til grunn for oppgåva var som følgjer: «Korleis skapa rom for gudstenestedeltaking for alle? På kva måte kan strategien universell utforming vera ein nøkkel til forståing og grunngjeving av dette behovet - der ein samstundes ivaretek tilrettelegging for menneske med utviklingshemming?»

I oppgåva mi har eg hatt fem gruppeintervju med utviklingshemma, samt fem individuelle intervju med utvalde prestar. Dette har vore kvalitative intervju, som mellom anna har handla om gudstenesta bør endrast på for å fungera betre for alle - og i så fall kva som bør endrast på.

Meir segregering?

I Barne og Likestillingsdepartementet sitt informasjonsprogram for 2010 - 2013 (Q-1176 B), vert det advart mot tendensane til auka segregering. Opne arenaer, der menneske med utviklingshemming kan delta på lik linje med kven som helst, er i ferd med å skrumpa inn. Dette gjeld både i skulen og arbeidslivet. Frå før av er det eit kjent fenomen at ein vesentleg del av utviklingshemma sine fritidstilbod går føre seg i tiltak som er særskilt tilrettelagt for dei. Tilbod for likesinna, med andre ord.  

I oppgåva uttrykte fleire av respondentane mine at dei trivest med å delta på slike  tilbod. Dette er ulike former for kyrkjeklubbar. Som ein del av ei slik klubbsamling har dei fleste ein andaktsdel eller ein avslutningsliturgi, som har element av gudstenesta i seg. Verdt å merka seg er at deltaking i slike samlingar, i neste omgang banar veg for deltaking i det ordinære gudstenestelivet. Dette er eit fenomen som fleire av respondentane mine er inne på. Om ein fjerna denne type tilbod - nettopp fordi dei er segregerte tilbod som vi helst ikkje skulle hatt - hadde det ført til at «nokon hadde ramla av lasset på vegen», som ein av informantane mine uttrykte det. Nokon ønskjer utelukkande å delta i eit tilrettelagt tiltak. Tilrettelagte tiltak i kyrkjelyden har ført til at fleire deltek i den ordinære gudstenesta. Eit bortfall av eit slikt segregert tilbod hadde vore kroken på døra for nokon. Og færre i målgruppa hadde delteke i den ordinære gudstenesta, fordi ein hadde mista eit eksisterande miljø, som er ein del av kyrkjelyden si samla verksemd. Livet i ein kyrkjelyd - med alle sine ulike grupper og aktivitetar - er vanlegvis langt meir enn sjølve gudstenesta, som likevel er kjernesamlinga i kyrkja.

Gudstenesta - god nok som den er?

Er det behov for å tilpassa gudstenesta sin liturgi, til dømes i form av enklare språk og meir handling og deltaking? Dette var også tema i dei kvalitative intervjua mine.   

Informantane mine spriker i sine tilbakemeldingar på desse spørsmåla. På den eine sida argumenterer ein om at gudstenesta sin struktur skaper tryggleik og gjenkjenning. Det er ikkje forma på gudstenesta det er noko i vegen med - det er langt viktigare å leggja til rette for gode relasjonar mellom menneske med utviklingshemming og enkelte av dei som går fast til gudsteneste.  

På den andre sida har eg fått argument om at gudstenesta utan nokon form for tilpasning, er for vanskeleg tilgjengeleg for menneske med eit forstandshandikap. Slike tilpasningar kan vera kortare tekstar, enklare språk, meir bruk av drama og andre former for kroppslege og visuelle uttrykk - og ikkje minst: mange som er med i planlegging og gjennomføring av gudstenesta.  

Kyrkja er no i ferd med å gjennomføra ei omfattande gudstenestereform. I denne reforma skal det vera meir deltaking og eigarskap til gudstenesta, gjennom at mange er involverte og har oppgåver. Fleirtalet av informantane mine med ei utviklingshemming, er tydelege på at dei ønskjer å ha fleire oppgåver i gudstenesta. At gudstenesta slik opnar for fleire medarbeidarar, er også ei utfordring til og ei oppgåve for støttekontaktar og fritidsassistentar. Her er det behov for fleire hender og folk med gode innspel til korleis dette kan løysast i praksis. Kontakta gjerne det lokale kyrkjekontoret og spør etter eit konkret samarbeid om gudstenesta. Gjerne ei utradisjonell oppfordring - men kvifor ikkje? Eg trur flesteparten av de som spør vil bli positivt overraska.

Universell Utforming - meir enn fysiske omsyn?

I oppgåva mi har eg prøvd å bruka begrepet «universell utforming» i ei utvida tyding. I ein fysisk måte å tenkja på, er alle lure løysingar og tilpasningar for menneske med nedsett funksjonsevne integrert i bygningsmasse og tilkomst, på ein slik måte at ein ikkje legg merke til det. Men universell utforming handlar også om kommunikasjon. Dermed har begrepet etter mitt syn fått ei langt vidare tyding. Eg har prøvd å bruka begrepet i forhold til gudstenesta.  Kan den også vera universelt utforma - og korleis vil den i så fall bli sjåande ut då?

Det er mogeleg å følgja ein tanke, der all gudstenesteplanlegging har overskrifta «Meir brukarvenleg», som utgangspunkt. Og at dette etter kvart vert  den alminnelege måten å tenkja på. Mine presteinformantar tenkjer igjen noko ulikt rundt dette. Dei som er skeptiske, ser for seg meir tid og ressursar til planlegging.  Men alle ser likevel at det er eit potensiale i gudstenesta til å bli meir «kroppsfiksert». Det kan handla om enkle ting som å korsa seg,  vandra meir i kyrkjerommet, løfta hender, meir enn før bruka ulike former for kommunikasjon (bilete, drama, lesing, tale - og ikkje berre lesing og  tale som ein tradisjonelt er van med). Alle kan bli meir involvert enn før - som eit kollektiv - utan ekstra planlegging og førebuing. Ei bevisstgjering på eit slikt prinsipp, vil etter mitt syn gjera det lettare å etterleva den nye gudstenestereforma. 

Gudstenesta - ein møtestad for alle?

Eg er freista til å hevda at gudstenesta har potensial i seg til å vera ein samlingsstad for alle og såleis vera ein arena som alle kan få delta på ut ifrå sine eigne forutsetningar. Om ein som eit kristent menneske tek på alvor si eiga teologiske grunnlagstenking, så er gudstenesta ein stad der ein vert utfordra på å la maskene falla og vera ærleg med seg sjølv. I kombinasjon med eit overveldande bibelsk materiale, som oppvurderer den tilsynelatande svake, betyr det at ein her har ein god miks som legg til rette for auka inkludering.  

Det er på langt nær slik at kommunalt tilsette vil vera i stand til å følgja ein kvar som har behov for og som ønskjer det, til ei gudsteneste. Her har støttekontaktar og fritidsassistentar ei viktig oppgåve, i tillegg til friviljuge medarbeidarar som utfører eit allsidig arbeid i mange kyrkjelydar. Kanskje nok ein idé til eit lokalt samarbeid?  Lukke til.