Jorunn-Sagen-Olsen.jpg
Frivilligsentralen Vennesla jobbar etter tilrådinga frå Helsedirektoratet med den tre-delte modellen i sitt arbeid. Til dømes får alle «ungdomsvener» opplæring i metoden Fritid med bistand (FmB), fortel leiar Jorunn Sagen Olsen. (Foto: Privat)

Jorunn Sagen Olsen er heiltidstilsett i Vennesla Frivilligsentral, i eit spleiselag mellom kommunen og Kulturdepartementet.

I tillegg har dei ein tilsett i 20 prosent stilling som jobbar med «Kompis»-aktivitetar for barn mellom 9 og 13 år, eit tilbod som er ope for alle barn, men spesielt sikter seg inn mot barn som har spesielt behov for å bli kjend med andre barn.

Vennesla er ei vidstrakt kommune på 14.000 innbyggjarar. I dag har Vennesla Frivilligsentralen 16 medlemsorganisasjonar, frå humanitære organisasjonar, sportsklubbar, eldreråd, skule og kommunen sjølv. I 2013 var også leiar med å etablere Hægeland og Øvrebø Frilligsentral som no dekker dei to bygdene i Vennesla kommune.

Brukar Fritid med Bistand

Frivilligsentralen står bak ei rekke aktivitetar, frå organiserte jentekveldar annankvar tysdag for jenter 14–18 år, til frukost for rusavhengige kvar måndag, og ei gruppe som hjelper dei som treng det med praktiske gjøremål heime.

For tredjeklassingar som held på å knekke lesekoden, kjem «lyttarvener» og høyrar på, og «Kvinneklubben» har blitt ein fleirkulturell møteplass med språktrening og sosialt nettverk. Det har også systova om fredagane, som eit samarbeidsprosjekt med Vennesla vaksenopplæring og Nav.

Frivilligsentralen har også leksehjelp, treningsven, brettspelklubb, «Åpen stue», ei eiga leikestove, og større arrangement, til dømes julemarknad, fritidsmesse, kulturveke og julefest.

– Vi ønskjer å vere med og legge tilrette slik at fleire menneske får ei meiningsfull fritid. Frivilligsentralen jobbar etter tilrådinga frå Helsedirektoratet, anten med ein –til-ein-kontakt, i grupper, og ved bruk av metoden Fritid med Bistand (FmB) inn mot organisasjonslivet. Deltaking i trygge rammer gir menneske høve til meistring, og det veit vi gir håp, seier Sagen Olsen.

Ta vare på dei frivillige

– Det er viktig å ta godt vare på dei frivillige. Før dei set i gang, kartlegg eg kva dei har lyst å gjere, det skal ikkje vere det eg vil at dei skal gjere. Så blir dei frivillige i gruppetilbod eller i samband med arrangement, eller ut i organisasjonslivet.

– Dei ulike gruppene skal ha eit fagleg og sosialt fellesskap For dei frivillige har vi fire samlingar i året: Gruppa som driv som «køyrevener» kjem til dømes saman i august og planlegg kven som skal køyre til kvar stad eller arrangement.

I desember er det samling for alle frivillige i januar, undervegs evaluering og erfaringsutveksling for kvar gruppe, og i juni igjen evaluering, kopla med grilling i det grøne. Der får dei også inspirasjon, og spesielt populært er det når ein spelar frå A-laget kjem på samlingane for «køyrevenene». Det kjem også folk frå barnevernet for å kurse til dømes dei frivillige i «kompis» i ulike sider ved barndom og oppvekst.

– Kvifor må de organisere køyringa?

– Idrettslaget har ikkje kapasitet til å køyre alle, det har heller ikkje drosjane, og det går til dømes ikkje buss i den retninga dei skal når dei skal spele på IFO Vinbjarts Idretts- og fritidsordning. Då hentar dei frivillige barna direkte frå skulane. Det er gjerne strekningar på 3-7 kilometer, for langt å gå for dei minste.

Kartlegg interessene

Alle «ungdomsvener», som dei frivillige i samarbeidet med Nav heiter, blir opplærde i metoden FmB. Det gjeld til dømes dei fem som jobbar med flyktningungdom. Sagen Olsen kartlegg først kva den einskilde ungdom er interessert i, og så blir dei kopla saman med ein «ungdomsven» på om lag same alder, som har liknande interesse. Alle ungdomsvenene og flyktningungdomane deltar så saman på ulike arrangement.

– Det er viktig både å trygge flyktningungdomane, og dei frivillige, understrekar Sagen Olsen.

Kompisdeltakarane er delt opp i to gruppe, og alle kan delta på møte tre onsdagar i månaden. Dei held «kompisgruppe etter skoletid», på Frivilligsentralen, der dei har stasjoner der barna kan spele, lage mat, gjere leksar eller ha kreativ aktivitet. «Kompis – aktiv» er fysisk aktivitet gjennom leik, medan «Kompis Utflukt» er i samarbeid med ulike organisasjonar for å vise dei kva aktivitetstilbod som finnest i Vennesla.

– Målet med utfluktene er at ungane skal få oppleve meistring og kjensla av å høyre til i ein sosial samanheng. Dette er barn som er mykje åleine, barn som av ulike grunner er einsame, anten fordi dei lever med foreldre som har problem, eller til dømes fordi dei har ein diagnose. Då er det viktig at dei får bli kjende med dei tilboda som er i kommunen, til dømes speidaren eller «Jeger og Fisk».

Opplært i FmB

12 frivillige som jobbar med kompisgrupper, har blitt lært opp i metoden «fritid med bistand». Ungane blir til dømes tatt med på ein aktivitetsdag hos «Jeger og Fisk»-foreininga. Ungane er ein dag på klubbhuset. Dei frivillige tar seg av barna, folk frå foreininga står for fiskeaktivitetane.

Dersom ein unge etterpå gjerne vil begynne i «Jeger og fisk», tar kompisvennen eller Frivilligsentralen kontakt med foreininga, og spør om det er nokon i klubben som vil følgje opp dette barnet.

– Det er imponerande kor positivt vi blir møtt, det er berre «ja» å høyre! Vi treng ikkje ein gong å betale på aktivitetsdagen. Kompis er gratis for barna, det vil seie at vi har eit budsjett på 1000 kroner per barn, som vi får frå Vinbjart fotballklubb. Dei gir 50.000 kroner av overskotet til aktivitetane våre, som ein måte å gi noko igjen for at vi køyrer barna til treninga. For desse pengane kan vi også ta dei med på slikt som symjehallen i Kristiansand, på julekonsert, teater eller båttur, aktivitetar som elles ville vore for dyre for dei, fortel Sagen Olsen.

God flyt av informasjon

– Frivilligsentralen samarbeider også med Røde Kors, som også har ferietilbod for barn, avhengig av kor mykje pengar dei klarer å skaffe frå Bufetat og fond. Sentralen har også eit samarbeid med kommunen for å finne fram til dei barna som treng det mest, ved hjelp av miljøarbeidarteamet, helsesøster, lærar, sosiallærar eller sakshandsamar.

Frivilligsentralen deltar på ansvarsgruppemøte i kommunen. Der fortel dei gjerne om dei positive opplevingane med barna i fritidsaktivitetane.

Levekårsleiar i Vennesla kommune, Inger Turid Tonstad, er veldig nøgd med samarbeidet:

– Vi har ein veldig lett flyt av informasjon og innsikt, og ser at satsingsområda til Frivilligsentralen er i samsvar med dei levekårsutfordringane kommunepolitikarane ser. Til dømes om det kjem bekymringsmelding frå skulen, er det lett å trekke inn frivilligsentralen, seier Tonstad, som også sit i kommunestyret og i styret for frivilligsentralen.

Ho trur at ein del av dette arbeidet ikkje kunne vore gjort av kommunen. Til dømes gruppa for sjølvskadarar - det er ein lågare terskel for dei å samlast på frivilligsentralen si gruppe, enn om det skulle skjedd i regi av NAV eller barnevernet, meiner ho.

– Vi i kommunen kan ikkje førestille oss korleis samarbeidet kunne vore betre!

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.com]

Sist endret: 28.05.2014