raps-åker.gifFritidskalendar for folk med psykiske vanskar
Lindås kommune har organisert eit tilbod om tilrettlagde aktivitetar og vanlege kultur- og fritidsaktivitetar. «Fritidskalendaren» vert laga kvar månad og sendt ut i posten til 60 aktuelle brukararar. Fritidskalendaren er eit tilbod til folk med psykiske vanskar. Konsert med Vassendgutane, Nordhordlandsrevy på Garveriet, kvinnekafè med tillaging av gelelys er nokre av aktivitetstilboda i oktober 2007.Omkring 60 brukarar med psykiske lidingar får tilbod om fritidskalendaren. Tilsette innan
sosialtenesta og den kommunale psykiatritenesta har valt ut dei me meiner kan gjera seg nytte av ordninga. Det gjeld både dei som har støttekontakt, brukarar som manglar høveleg støttekontakt og andre.

Ny vri på støttekontakt
Ved rulleringa av psykiatriplanen i kommunen peika brukarar og pårørande på at det var trong for eit betre og breiare fritidstilbod. Samstundes har me hatt for få individuelle støttekontaktar.
Støttekontaktar har slutta avdi det har vore for tett og vanskeleg å vera åleine med ein brukar. Nokon brukarar som har god støttekontakt, vegrar seg når dei får ein «ny» og ukjend. I fagmiljøet har me  spurt oss sjølve om dei individuelle ordningane har den effekten me ønskjer for å få brukarane med i vanlege fritidsaktivitetar. Brukaren kan verta fastlåst i rollen som avhengig av hjelp. Difor såg me oss om etter alternativ. Då tiltaket vart planlagt, sto 30 personar på lista over potensielle brukarar. I oktober 2007 er er det dobbel så mange som får Fritidskalendaren. Ein del av dei som er med kvalifiserer ikkje for støttekontakt etter lov om sosiale tenester, men får likevel takka vere fritidskalendaren eit tilbod. Andre att har ikkje behov for støttekontakt lenger, då fritidskalendaren sine varierte tilbod gjev dei varierte og mangfaldige fritidsopplevingar/syslar. Eit mål med kalendaren er at brukarane skal gjere seg kjende med kulturlivet i Nordhordland- få ein smakebit på kva som rører seg der. Neste steg vonar me kan vere at dei finn fram i kulturlivet på eige hand, og vert med i lag og organisasjonar. Me har døme på at brukarane går saman og organiserer fritidsaktivitetar sjølv.

Ansvar for motivering
Planlegginga av fritidskalendaren vart gjort av to brukarar, ein støttekontakt, ein frå sosialtenesta og ein frå avdeling for psykiske helse. Samarbeidet med brukarane har vore viktig og innspel frå brukarar og støttekontaktar har vore avgjerande for korleis fritidskalendaren er utforma. Primærkontaktane innan psykiatri- og sosialtenesta, som har kontakt med brukaren, har eit klart ansvar for å motivera. Me har møtt brukarar som meiner ei kvar endring er negativ eller skummel. Personar med psykiske vanskar vert lett fastlåst i rolla som pasient. Slikt gjer at endringar ikkje vert mottekne med takk. Endringar krev systematisk motivasjonsarbeid frå hjelpeappapratet.  I byrjinga av prosjektet har mennene rådd grunnen på dei fleste aktivitetane. Det måtte me gjera noko med. Ein kvinneklubb med namn ”Nålauga” er etablert og fungerer strålande. Her er det brukarane sjølv som rår grunnen og fritidsleiar som bidrar når brukarane ynskjer det.

Faste aktivitetar
Fritidskalendaren vert finansiert av støttekontaktenesta. To fritidsleiarar, ei kvinne og ein mann, er tilsett i to 20 prosent stillingar.  Fritidskalendaren vart teken i bruk frå september 2004, og har ein del faste aktivitetar på kalendaren:

  • annankvar tysdag, trimgruppe
  • annankvar tysdag, musikkgruppe med gitarspel og song
  • annakvarkvar onsdag, brukar-kafè /nålauga
  • torsdag, annankvar månad, kinotur
  • fyrste fredag i kvar månad, symjing
  • sundag, fottur  

Fritidskalendaren gjev tilbod om aktivitetar til 60 brukarar med psykiske vanskar. I alt er det registrert 105 brukarar i den kommunale psykiatritenesta. Fritidskalendaren var eit 3 årig prosjekt frå september 2004. Utfrå evaluering er ”Fritidskalendaren” no eit fast tilbod i Lindås kommune.

Meir informasjon
Kontakt fritidsleiar
Anita Flæsland tlf 56 37 54 75 / 97 67 64 10.

Heimeside for Lindås kommune: www.lindas.kommune.no

Fritidskalendaren for juni 2007 kan sees her.

Av Anders Midtsundstad