Stangenes og pettersen.jpg
Oppfølgingskoordinator Hilde Gunn Stangenes og tidlegare rusmisbrukar Ronny Pettersen delte erfaringar frå ettervernprosjektet «Fritid med bistand» i Kristiansand. Foto: Ingebjørg Jensen

Det er godt å bli rusfri, men korleis fylle det store tomrommet etter rusopplevinga? I Kristiansand har «Fritid med bistand» hjelpt ni av ti tidlegare rusmisbrukarar til å fylle holet med gode opplevingar og mot til å få livet på skinner igjen. Frå 2005 til 2006 blei det etablert eit ettervernprosjekt for rusmisbrukarar i Kristiansand. Oppdragsgjevar var Helse- og sosialdirektoratet. Metoden dei skulle bruke var «Fritid med bistand» , og 10 rusavhengige fekk vere med.

På konferansen «Fritid for alle» i regi av Høgskolen i Bergen fortalde oppfølgingskoordinator i Kristiansand kommune, Hilde Gunn Stangenes, og tidlegare rusmisbrukar Ronny Pettersen om korleis det gjekk til. Suksessar blir ikkje alltid tatt vare på: Sjølv om prosjektleiaren i rapporten sin rådde dei til å føre tiltaket vidare, har ikkje Kristiansand kommune løyvd fleire pengar til liknande tiltak etter prosjektperioden.

– Eg syns det burde blitt eit permanent tilbod. Det som kostar mykje pengar der og då, blir ikkje prioritert. Men på lang sikt ville det vore ei god samfunnsøkonomisk investering i framtida, seier Stangenes.

«Altfor velfungerande»

– Bakgrunnen for prosjektet var at vi såg at dei velfungerande rusmisbrukarane taper i kampen om oppfølginga, til dømes når dei treng hjelp til å finne seg bustad, søke jobb eller utdanning, eller få styring på økonomien. Noen har også behov for følgje til offentlege kontor. Og ikkje minst til å kome i gang med aktivitetar på fritida.

Dei ti som kom med i prosjektet, hadde tidlegare søkt om å få Fritid med bistand (FmB)gjennom Enhet for behovsprøvde tjenester. Alle hadde fått avslag. Grunngjeving: Dei var altfor velfungerande. - Vi hjelpte alle til å anke, og då fekk alle bistand. « eg er som i eit vakum, og no treng eg hjelp til å kome vidare», skreiv ein av søkjarane som hadde blitt rusfri, fortel Stangenes.

Av «ut av rus»- tiltaka var det hjelp til tiltak på fritida som hadde mest å seie reint praktisk. Etter prosjektet var ni av ti i gang med fritidsaktivitetar, og åtte av ti var i gang med arbeid eller utdanning. Som Irene (26 år ) sa: «Det skjedde noko med sjølvkjensla då eg gjekk i fotoklubben». I dag studerer ho journalistikk! Aldri fullført noko før

Ronny Pettersen (32) kjem frå ein rusbelasta familie, og brukte sjølv rusmiddel frå han var 14 år. På konferansen «Fritid for alle» gjorde han sterkt inntrykk på deltakarane når han skildra det han kalla «den humpete vegen» fram til i dag. Før han kom med i FmB, hadde han vore i fengsel, på Evangeliesenteret og andre avrusingsklinikkar. No har han vore rusfri i to år.

– For seks år sidan var eg gjennom eit skikkeleg behandlingsopplegg. Legen råda meg til å søkje «Fritid med bistand». Eg lurte på korleis det kunne henge saman at eg skulle søke sosialkontoret om noko eg skulle gjere på fritida! Eg snakka med Hilde Gunn, og då avslaget kom var eg ikkje overraska. Men så fekk eg hjelp til å søke igjen, og dei omgjorde vedtaket. Eg hadde då berre vore rusfri i ein kort periode. Når du har rusa deg så lenge, trur dei ikkje lenger på deg, dei rusfrie venene du har frå før. Eg var mykje åleine, og etter kvart blei det vanskelegare og vanskelegare å nå ut til andre eller starte med noko nytt. Du føler deg veldig åleine.

Med FmB blir du dradd med.

FmB kjøpte inn sykkel, og Pettersen måtte melde seg inn i ein sykkelklubb. Først prøvde han offroad- sykling, men fann seg betre til rette med landevegssykling i Kristiansand Sykkelklubb: – Der snakka dei om ein 22- mils sykkeltur frå Hovden og til Kristiansand: Buss opp på fjellet, sykling ned til Kristiansand. Eg tenkte at dei var galne: På den tida hadde eg aldri fullført noko i heile mitt liv, aldri gjort noko skikkeleg. Og eg hadde berre sykla rundt i Kristiansand. «No dauer eg snart!», tenkte eg. Då var det fem mil igjen. Dei oppmuntra meg, snakka til meg, passa på at eg åt og drakk. Då det var om lag to mil igjen, tenkte eg at eg måtte gi opp. Det har eg alltid gjort – gitt opp, flykta frå det vanskelege ved å ruse meg. Men eg sykla heile vegen! Eg såg at eg hadde klart å fullføre noko, og bestemte meg for å sykle opp neste gong. Men då hadde eg begynnande lungebetennelse og nådde berre til Valle i Setersdal. Der overnatta vi på ei hytte. I mellomtida hadde eg rett nok trygla mor om å kome og hente meg. Men eg sykla dei 11 mila heim igjen, åleine!

Sprakk undervegs

Pettersen begynte å få trua på seg sjølv. Parallelt med oppmuntringane på sykkelvegen, klarte han endeleg å ta fagbrev som snikkar, noko han hadde starta på ti år tidlegare. Men vegen til siger over seg sjølv og rusen var tornefull: Han sprakk fleire gonger i ettervernsperioden. Når han var nøktern igjen, kom Stangenes innom, og dei brukte mykje tid på samtalar for å få han i gang med fritidsaktivitetane igjen. Men om alt var kaos i bustaden, var alltid ein ting i orden: Sykkeltøy og utstyr.

– Det var jo det eg hadde å kome tilbake til! Så begynte eg å sykle igjen. Og i mai i fjor starta eg mitt eige snikkarfirma, seier Pettersen.

– Har fritidstiltaka vore den viktigaste biten?

– Det er vanskeleg å svare på. Når du kjem rett ut av fengselet, er livet veldig komplekst. Når du har fjerna rusen, blir det eit enormt tomrom som må fyllast med noko, til dømes med den fritidsinteressa du har. Eg trur det er summen av det eg har gått gjennom som har fått meg der eg er no, seier Pettersen.

Av Ingebjørg Jensen, frilansjournalist

Sist endret: 02.07.2010