miljeteig.jpg
Mennesket har eit ibuande ønske om, ikkje berre å få vere til nytte, men også til å ha ei meiningsfylt og sjølvbestemd fritid, sa SV- politikar Oddny Miljeteig i opningstalen på konferansen. Foto: Ingebjørg Jensen.

- Fridom er eit stort ord, som ikkje må trivialiserast, heller ikkje fritid, sjølv om det er kvardag. Det å få bestemme kva ein vil, heilt på eiga hand eller saman med ein lydhør støttekontakt, det trur eg kan gje den ultimate fridomskjensla. Mindre er det ikkje! Oddny Miljeteig, SV, nestleiar i komité for kultur, idrett og næring i Bergen kommune, og sjølv sosionom, sette fritid inn i ein større samanheng på årets konferanse Fri tid for alle. Arbeid og fritid, ikkje som motsatsar, men som noko som er med til å gi meining til liva våre. Ho trekte trådar attende til kampen for 8- timars - dagen, som blei lovfesta i 1919, og til notida, der vi enno ikkje har fått lovfesta 6- timars - dagen, men opplev at retten vi fekk for nesten hundre år sidan også blir sett under åtak.

- Det grenselause arbeidslivet eter mange av oss. Det er status å vere stressa. For oss som har jobb, har fritid status. Å ikkje å ta del i arbeids - eller fritidsracet, det blir eit slags utanforskap. Mennesket har eit ibuande ønske om å vere til nytte, både gjennom arbeid i alle valørar, også det tilrettelagde arbeidet, og gjennom ei meiningsfylt og sjølvbestemd fritid eller fridom.

Valfridom er fridom

Norge har dei beste føresetnadane til å integrere alle, hevda Miljeteig, og minna forsamlinga om at det no er 23 år sidan ansvarsreforma:

- Det var ei erkjenning av at institusjonar var segregering og at inkludering er best og mest verdige for alle. For somme av oss er institusjonsliknande buformar heimen vår. Men storsamfunnet har ikkje fridd seg heilt frå tanken om at institusjon er best og mest effektivt når vi treng hjelp. Når Bergen kommune gjennomgåande har avslått alle søknadar om støttekontakt for dei som bur i bufellesskap, er det å underminere av valfridomen, mennesket sin individualitet og likeverdet. I verste fall er Bergen ein formyndarkommune som driv med segregering, sa Miljeteig, som synes det er skammeleg at bergenske foreldre har sett seg nøydde til å blottlegge privatlivet sitt i avisa for å få ei forståing i dei kommunale tenestene for kva avlasting dei treng for å meistre liva sine i kvardagen.

Men det var ikkje berre vertskommunen Miljeteig ville til livs. Ho meinte omgrepet fridom er for lite reflektert over i Norge:

- Fridom er ikkje fridom frå, men fridom til å gjere noko. Det er også fridom til å vere herre i eige liv, å få kvelva ein himmel over livet sitt. Ekte valfridom er fridom!

Tid og overskot til frivillig arbeid

Miljeteig har i fleire tiår hatt 6-timars-dagen som kampsak. Heller ikkje når ho snakkar om fritid, kan ho la kampsaka ligge:

- 6-timers-dagen er å snu opp - ned på førestillingane våre om arbeid, fritid og deltaking. Han vil kunne gi oss alle høve til å vere familiemenneske, arbeidstakarar og samfunnsdeltakarar - Dugnad er noko vi har tydd til når oppgåvene er større enn det ein kan makte. Sjølv eg som gamalt fagforeiningstillitsvald ser at ikkje alt kan gjerast på tariff. Det frivillige elementet er nødvendig. Eldreomsorga er som vi veit avhengig av frivillige. Vi er i startgropa til å sjå kva unge eldre kan bli som velferdsressurs i samfunnet. Eit reelt inkluderande samfunn krev at folk har tid og overskot, der vi kan sjå på det å yte noko for andre som ein del av samfunnsidentiteten og kontrakten mellom individ og samfunn. Slik at vi kan gjere plikta vår ikkje berre krevje retten vår. Plikt har fått ein dåm av tvang, men plikt er også positivt, for plikt er ei stadfesting av at i eit samfunn må alle yte, etter evne.

”There is no such thing as society”, sa Margareth Thatcher. Eg er dundrande ueinig. Eit samfunn der alle kan kjenne på sin individualitet er avhengig av alle. Elles er vi tilbake til eit segregeringssamfunn der berre nokre få får velje, sa Miljeteig, som avslutta med diktet «Usynleg gåve», av Jan Magnus Bruheim:

”Usynleg er ho, men meir verksam enn alt du kan sjå. Den største gåva du kan få, er den usynlege. Kven har sett gleda?”

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.no]

Sist endret: 14.06.2013