Monica-Nilsen.jpg
Monica Nilsen (Foto: Privat)

«Nokon har sagt at du eigner deg til dette!» Med slike ord rekrutterer Bymisjonen i Bodø folk til å vere mentor eller rettleiarar i «Ny Giv», til sosiale aktivitetar for rusavhengige og menneske med psykiske problem. Og mange svarer ja.

– I Ny giv er vi opptatt av dei første seks månadene i rehabiliteringa, ei viktig fase. Ettervernet sviktar ofte, og Ny Giv prøver å sette aktiviteten i gang så raskt som mogleg.

– Den prosessen rettleiar og deltakar startar, kan vere veldig viktig for deltakaren i ein sårbar fase, seier leiar for verksemda, Monica Nilsen, som var prosjektleiar mellom 2005 til 2008.

I 2008 fekk Ny Giv kommunal støtte, og gjekk over til fast tiltak. Kirkens Bymisjon slo saman Jobb1 og Ny Giv i 2012, som då blei verksemda Aktivitet og Arbeid, samstundes tilsette dei Kathrine Windsrygg i full stilling som koordinator i Ny Giv.

Fleksibelt tilbod

I 2001 startet prosjektet Ny Giv, som i utgangspunktet skulle vare i tre år. Samarbeidspartnarar i kommunen var: Rusenheten og Oppfølgingstjenesten for Rus og psykiatri, og frå Nordlandssykehuset avd.psykiatri var det Rusteamet, kortidsenhet for Rus, og Rus-Psykiatriposten.

Ny Giv skal vere eit fleksibelt tilbod for rusavhengige ute av fengsel eller behandling. Fokuset var på aktivitet, der to menneske med same interesse blir kopla saman, ein fagperson som rettleiar, og ein deltakar. Målet er at deltakaren skal få høve til å utvikle sosiale relasjonar og evner, og hente fram kvilande talent og interesser som kan gi glede og inspirasjon.

Sidan rettleiar og deltakar har felles interesse, kan aktiviteten fungere normaliserande for deltakaren, vere med å skape nye nettverk, betre livskvaliteten og bygge ny identitet i eit rusfritt liv.

Blir sjølvhjelpen

I 2014 har Ny Giv 45 deltakarar. Nokre står på venteliste, særleg til dei mest populære aktivitetane, som for tida er fotografi og bilderedigering. Utgangspunktet er at rettleiar og deltakar skal møtast ein time i veka over minst et halvt år, men unnataka er mange - dei to kan gjøre avtaler undervegs for å tilpasse aktiviteten til deltakaren sitt behov.

Slik er prosessen: Deltakar og rettleiar møtast, og deltakaren blir introdusert for metoden. Treng dei utstyr, blir det skaffa. Så får deltakaren prøve ut metoden under rettleiing. Denne prosessen kan vare lenge, til dømes 50 timer, eller eitt år, alt avhengig av type aktivitet.

Etter ei tid tar rettleiaren med deltakaren til ei foreining eller eit lag der dei driv med det same. Når deltakaren har blitt sjølvhjelpen, opphøyrar den formelle avtalen mellom rettleiar og Ny Giv. Men deltakarar tar gjerne uformell kontakt med rettleiaren i ettertid, eller dei møtest fordi dei begge er med i same klubb.

Deltakarane kan velje mellom ei rekke aktivitetar, som hundespann - eller racerbilkøyring, riding, sying, måleri, grottevandring, trening, sykling, fiske, fotografi, smykkeproduksjon, afrikanske tromming , judo, klatring eller turar.

I gang tidleg

– Vi prøvar å få folk i gang så tidleg som mogleg, med utgangspunkt i den einskilde sine interesse. Så knyt vi dei til ein fagperson, til dømes ein gitarrettleiar, som lærar dei å spele gitar. Nokre har begynt å male åleine, eller spele piano på kulturskulen. Dei kan få hjelp til innkjøp av utstyr, til dømes ein el-gitar. Deltakaren betalar ein eigendel, og står ansvarleg for utstyret, fortel Nilsen, som har møtt ein del skepsis frå fagmiljøet, som ofte trur at rusmisbrukaren vil selje utstyret på gata så snart dei ser sitt snitt til det.

– Vi er kjende i rusmiljøet, og veit ofte kven som er klare. Vi har fleire møter med deltakarane for å sjå om dei er interessert og motivert. Dersom dei ikkje klarer å kome på desse møta, ser vi det an. Er det nokon vi er usikre på , inviterer vi dei til dømes til å kome hit og øve på musikkrommet. Vi brukar vere rimeleg trygge når vi kjøper inn utstyr, og ser at det funkar!

Sjølv om ikkje jobb er målet, ser Nilsen at fleire har fått seg jobb gjennom fritidsaktivitetane, til dømes ein fotograf som har hatt fleire bilde i nasjonale media. Ein har blitt instruktør i idrettsklubb, ein sper på pensjonen med å selje maleria sine, medan andre har fått fast jobb i butikk, eller blitt hjelparar i sportsklubb.

– Vi har mange gode døme. Nokre må vi jobbe lenge med, til dømes var det en som ville flyge paraglidar, men rusa seg. Då sa vi at han måtte utsette det eitt år, til han fekk kontroll over russituasjonen. Imens lærde han å spele gitar.

Kurs for rettleiarane

Rettleiarane blir samla to gongar i året for kursing og inspirasjon, oftast saman med deltakarane. I dag har dei rundt 33 aktive rettleiarar, og rundt 40 på lista. Alle er med på julebord og samlingar, anten dei er i aktivitet akkurat no eller ikkje. – I periodar er det ingen som er interessert i ein aktivitet. Då ventar vi til det dukkar opp nye, og opplever at rettleiaren klar igjen med ein gong!

Sjølv om Ny Giv betalar rettleiarane, lyser dei ikkje ut jobbane. Dei plukkar sjølv ut folk til samtale. Og sjølv då slepp ikkje alle gjennom nålauge:

– Gjennom samtalen finn vi fort ut om dei passar. Ofte kjem deltakarane med forslag om ein bror eller onkel, og nokre få gongar har vi vore nøydde til å avvise dei. Som regel skjønar dei det sjølv. Dei fleste rettleiarane er veldig motiverte, og liker å vere med på noko dei sjølv har interesse for. Eg har inntrykk av at mange av dei har folk i familien med rusproblem eller psykiske problem, og det motiverer dei til å hjelpe, fortel Nilsen.

Rettleiarane får i gjennomsnitt på 200 kroner i timen, etter avtale med kvar einskild. I tillegg får dei kilometergodtgjersle. Men nokre seier dei vil gjere det gratis.

– Mange av rettleiarane er i ein slik situasjon at dei er nøydde til å velje jobbar dei får betalt for. Dersom vi skal halde på dei, må vi tilby dei betaling, seier Nilsen, som er glad for at dei får støtte både frå kommunen og Helsedirektoratet. Berre med pengar frå Diakonistiftinga, hadde det ikkje gått rundt.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.com]

Sist endret: 24.05.2014