stigsoederstrom.jpg
Stig Søderstrøm

- Kva om byar og bydelar opnar ein møteplass for alle som treng møte nokon, i staden for enda ein møteplass for spesielle grupper?, seier Stig Søderstrøm i Røde Kors.

Korleis er det å ikkje lukkast i det som kvart år blir kåra som eit av verdas beste land å bu i? Korleis er det å kjenne seg einsam og utafor i ein velferdsstat?

Stig Søderstrøm frå Røde Kors trur det på mange måtar kan vere verre å ”ikkje fikse livet” i eit land som Norge, enn i eit land med skral økonomi.

- Mor Theresa sa ein gong at den verste fattigdom er einsemd og kjensla av å være forsømt og uønska. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at kvar fjerde person over 16 år i Norge har vore plaga av einsemd dei siste 12 månadene. Tala har vore stabile dei siste 15 åra. I ein stressa kvardag bruker nok folk mindre tid til å pleie det sosiale nettverket sitt, noko som kan få store konsekvensar den dagen ein kjem i ein sårbar situasjon, blir sjuk, mister jobb, skil seg eller får andre personlege problem.

Søderstrøm er samd i at det er tabu og skamfullt å seie ein er einsam, ikkje berre i Norge, men dei fleste stader i verda. Framleis seier mange ”no må ho jo skjerpe seg å ta fatt i tinga!” eller ”han har jo alltid hatt ein svak karakter!”, når det er snakk om folk som strevar i livet sitt, påpeikar han. Då han høyrde om innflyttaren i Stavanger som gjekk ut i media og sa høgt at han var einsam og trengte vener, tenkte han:” Det var en modig kar!”.

- Dette viser jo kor stort behovet er. Tenk kva det har hatt å seie for alle dei som fekk nokon å vende seg til, at han var så open!

Livsnødvendig å høyre til

Søderstrøm er oppteken av omgrepa einsemd og u taforskap. Han vil gjerne ha ein debatt om kva og korleis vi kan motvirke einsemd og utaforskap i velferdsstaten Norge.

- Eg vil at dei eg held foredrag for skal reflektere over og spørje seg: Korleis er dei tiltaka som skal motvirke einsemd og utaforskap bygd opp? Korleis er tilboda delt opp? Bidrar det til eit inkluderande samfunn, eller lagar vi skilje mellom menneske? Som Live Fyrand sa i eit foredrag: Spørsmålet er ikkje – som for Hamlet – ”å vere eller ikkje vere, men ”å høyre til eller ikkje høyre til”. Det er livsnødvendig for alle men ikkje noko sjølvsagd. Det menneske i utsette livssituasjonar ofte treng, er eit bindeledd mellom der dei er og der dei vil vere. Som Jan som slit psykisk sa til meg: ”Det eg ønskjer er ein som kan vere der for meg, og som kan gå vegen saman med meg, og helst heile familien”.

Møteplassar for alle

Søderstrøm meiner vi treng eit omsorgsløft i Norge, der vi tar utgangspunkt i at einsemd og utaforskap ikkje rammar grupper, men einskildmenneske:

- Sjølvsagd er det større risiko dersom du hamnar utafor arbeidslivet, utviklar rusproblem, psykiske helseproblem, eller er i ein annan sårbar livssituasjon. Men vi må slutte med å gruppere folk ut frå bakgrunn og historie allereie når vi utviklar nye tilbod – berre for dei som slit med rus, har psykiske problem eller er eldre. Er det den beste måten å skape eit inkluderande samfunn på, eller er det med på å auke segregering og stigmatisering?

- Det er klart vi har behov for å møte likesinna, men når skal denne oppdelinga ta slutt? Vi som jobbar i helse- og omsorgssektoren bør vere med å legge til rette for at vi ser meir på likskap enn ulikskap. Då vil dei som står utafor og slit med problem, kjenne seg meir inkluderte frå første stund. Det er avgjerande for samfunnsoppbygginga og inkluderinga at vi får felles møteplassar. Kva om byar og bydelar opnar ein møteplass for alle som treng møte nokon, i staden for enda ein møteplass for spesielle grupper?, seier Søderstrøm, som meiner at møteplassar som er opne for alle også senkar terskelen for dei som er redde for å bli stigmatiserte.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@c2i.net]

Sist endret: 06.06.2012