Aktivitetsbasert avlasting er eit nytt fast avlastingstiltak i
Lindås kommune. Bakgrunnen for etablering var at det var
registrert fleire barn/unge som ikkje kunne nyttegjera seg dei
eksisterande avlastingstilbod, det vil seie avlastingsbustad og
privat avlastingsheim. Desse var unge gutar med diagnoser som adhd,
add, asperger, lett og moderat utviklingshemming.Å
finne eit avlastingstilbod
som denne gruppa kunne ha interesse av og
nyttegjere seg av, gjorde at me måtte tenkja nytt om
avlasting.
Aktivitetsbasert avlasting har eit ressurs- og
interessefokus. Tilbodet er laga etter kva interesse og ressursar
dei unge har og kva talent foreldra meiner dei unge kan utvikla. 17
unge har idag eit tilbod i aktivitetsbasert avlasting.
Aktivitetsbasert avlasting har likskapstrekk med støttekontakt i
gruppe, eller det Sosial og helsedirektoratet i sitt rundskriv
kallar deltaking i aktivitetsgruppe.
Artikkelen er skrevet av Inger Helen Midtgård og kan leses her.
Av Anders Midtsundstad