Marte-Kjolstad.jpg
– Vi tar utgangspunkt i kva aktiviteta barna ønskjer. Nokre av dei kan seie det med ord, med andre må vi prøve ut i ulike aktivitetar, og finne ut kva som passar gjennom observasjon, fortel miljøterapeut Marte Kjølstad. (Foto: Ingebjørg Jensen)

Tiltaket blei starta for 15 år sidan for individuelle avlastarar og ungdom som ville ha ein stad og samlast i helgene. Det vidareutvikla seg til å bli eit fast tilbod to helger i månaden. Akkurat no er det med barn frå 6 til 14 år. Alle har nedsett funksjonsevne og vedtak om avlastning. Dei sover på madrassar på golvet, og dei som kan er med å lage mat og rydde etter seg, som på ein vanleg hyttetur.

Fire barn er på overnatting frå fredag til søndag, to kjem lørdag og søndag på dagtid. Til saman er det plass til seks barn kvar helg. Dette er barn som treng mykje hjelp, derfor har dei med ein vaksen på kvart barn. Det er to gruppeleiarar, ein for kvar helg. Nokre ungar har vedtak på at dei kan vere med på begge helgene.

Kva ønskjer barna?

– Vi tar utgangspunkt i kva aktivitetar barna ønskjer. Nokre av dei kan seie det med ord, med andre må vi prøve ut i ulike aktivitetar, og finne ut kva som passar gjennom observasjon. Vi låner også ein 16-seters buss frå Friluftsenheten i Gamle Oslo/Frigo, slik at vi kjem vi oss ut der vi vil, fortel miljøterapeut Marte Kjølstad.

I sommarhalvåret går det mykje i friluftsaktivitetar eit stykke utafor byen, gjerne i samarbeid med andre fritidsaktivitetar i Oslo. Som når dei ein laurdagen i mai drar på dagstur Husbergøya i Oslofjorden, frakta i båt av folk frå Frigo. Då er også foreldre og søsken invitert, og andre barn som er i kontakt med Fritidsassistanse, og familiane deira. Der får deltakarane prøve fiskestonga, prøvesitje seglbåt og robåt, dra krabbeteiner og snuse inn grillukta. Er det fint vær om søndagen, drar dei gjerne på skogstur eller rundt Sognsvann.

Også i vinterhalvåret tar dei turar i det fri, med grilling og aking dersom det er mogeleg, men det blir også mange inneaktivitar, som besøk i symjehall eller «sansehus» i distriktet.

– Vi har også et godt samarbeid med Kampen Økologiske Barnebondegård. Nesten kvar helg tar nokre av barna ein tur opp dit for å vere saman med dyra. Garden ligg berre eit steinkast unna barnehagen. Dei har også eigne arrangement for oss, blant anna med hesteslede, grøteting og nissebesøk til jul.

Hurdalsgata barnehage [hyttetur-i-barnehage.jpg]I 15 år har Fagsenteret i Gamle Oslo, avdeling fritidsassistanse, skipa til «hyttetur» til Hurdalsgata barnehage på Kampen for barn med nedsett funksjonsevne. (Foto: Privat)

– Blir det danna nettverk når foreldra er med?

– Det prøver vi å få til. Før sommaren arrangerer vi to foreldrekveldar for alle foreldre vi er i kontakt med, også dei som har vedtak om støttepedagogisk hjelp frå avdeling pedagogisk fagsenter, pluss andre barn som har vedtak om andre fritidstenester frå fritidsassistanse, seier Kjølsrud.

Utvidar tilbodet

Det er stort behov for denne typen avlasting, og bydelen har no mange i kø, fortel Kjølstad. Derfor utvidar dei verksemda frå 2. juni, og slår saman helgetilbodet i barnehagen med ein annan avlastningsbustad vi drifter i Bydelen, slik at dei kan ta inn fleire.

– Vi ønskjer å bevare turgleda vi har sett gjennom dei siste 15 åra, sjølv om det ikkje blir «hyttetur» lenger, seier Kjølstad, som er på Ikea for å sjå etter innreiing når vi snakkar med henne.

Bydelen har inngått eit samarbeid med nettstaden Finn.no for å skaffe møblar fra «gis bort»-torget: Finn.no har skaffa møblar, pussa dei opp, og hatt utstilling i butikken sin i Grensen, før møblane går vidare til den nye avlastningsbustaden, «Villa Habibi» – «min kjære heim» på arabisk. «Villa Habibi» har no fått eige lokale til døgnkontinuerleg drift på Tøyen. Der er det plass til ca seks–sju barn kvar helg, og foreløpig vel tre barn i vekedagane.

Ingebjørg Jensen [ingis.jensen@gmail.com]

Sist endret: 24.05.2014