Gjennom fritidsmessa ynskjer Aktiv fritid å visa kor stort mangfald der er i det lokale lags- og organisasjonslivet i Bilde Fra Fritidsmessenkommunen. Og det er ikkje grenser for kva ein kan møta. Einaste fellesnemnaren er at det går føre seg på fritida. Døme på utstillarar er golfklubb, kystkultur, musikkorps, fotoklubb, idrettslag etc. Dei ulike som stiller til stand blir oppmoda om å lage levande stands der publikum får prøve, sjå, konkurrere etc. Her er det berre kreativiteten som set stoppar.

I tillegg til dei ulike standa på messa, har det vore skipa i stand ein kiosk og kafeområde, der det har vore høve til å kjøpe ein matbit og noko å drikke. Såleis har publikum hatt mogeligheit til å ta lunsj eller enkel middag der den dagen.

Aktiv fritid tenkjer messa i eit førebyggjande perspektiv, og ynskjer å stimulere unge, vaksne, eldre og barnefamiliar til ei aktiv og meiningsfull fritid. Messa er blitt arrangert i september månad med bakgrunn i at skulane då er starta igjen etter sommarferie, og nye elevar på vidaregåande skule er flytta til kommunen. Med denne bakgrunnen har ein gjerne behov for å få eit innblikk i kva fritidsaktivitetar som fins i kommunen. I tillegg byr overgangen frå barne- til ungdomsskule ofte på eit skifte i fritidsaktivitetar, og at mange då sluttar på aktivitetar.

Messa er open både på dagtid og ettermiddagstid (12-18). Dette er med bakgrunn i at Aktiv fritid ynskjer å nå ut til flest Prosjektmedarbeidere I Aktiv Fritid I Kvinnheradmuleg med tilbodet, og der er fleire som har arbeid i ei skiftordning av innbyggjarane i kommunen. Ungdomsskulane og den vidaregåande skulen har blitt særskilt invitert inn på dagtid. Messa har gratis inngang, og utstillarane stiller opp frivillig for å vise sin klubb, lag eller organisasjon.

Ingvild Marie Hilde, mobil 95301132 eller  e-post ingvild.marie.hilde@kvinnherad.kommune.no

Kvinnherad kommune sender stafettpinnen til Birkenes kommuneBlankt kvadrat 5 ganger 5 pixler