Aktivitetsbasert avlastning

Tips en venn Skriv ut

Lindås kommune har etablert eit spennande avlastingstilbod kalla aktivitetsbasert avlasting. Her kan du lese meir om tilbodet som nyleg vart presentert i ein artikkel i tidskriftet SOR -rapport.

Bilde av Inger Helen MidtgårdAktivitetsbasert avlasting er eit nytt fast avlastingstiltak i Lindås kommune. Bakgrunnen for etablering var at det var registrert fleire barn/unge som ikkje kunne nyttegjera seg dei eksisterande avlastingstilbod, det vil seie avlastingsbustad og privat avlastingsheim. Desse var unge gutar med diagnoser som adhd, add, asperger, lett og moderat utviklingshemming. Å finne eit avlastingstilbod som denne gruppa kunne ha interesse av og nyttegjere seg av, gjorde at me måtte tenkja nytt om avlasting.

Aktivitetsbasert avlasting har eit ressurs- og interessefokus. Tilbodet er laga etter kva interesse og ressursar dei unge har og kva talent foreldra meiner dei unge kan utvikla. 17 unge har idag eit tilbod i aktivitetsbasert avlasting. Aktivitetsbasert avlasting har likskapstrekk med støttekontakt i gruppe, eller det Sosial og helsedirektoratet i sitt rundskriv kallar deltaking i aktivitetsgruppe.

Artikkelen er skrevet av Inger Helen Midtgård og kan
leses her.